Prinsessa i gullburet

Prinsesse Märtha Louise har heile sitt liv stått i ein spagat mellom det kongelege og det folkelege. Her følgjer ho dottera Lea Isadora Behn på Vixen Awards.

Irriterer du deg over krumspringa til Märtha Louise? Du er truleg sjølv ein del av problemet. Det er eg òg.

Publisert: Publisert:

Det er visst ikkje heilt enkelt å målbinde prinsesse Märtha Louise. I det kongehuset hadde laga eit regelverk om kor og når ho kan bruke tittelen sin (og på den måten sagt «ro deg ned»), stiller ho hos SVT og snakkar ut.

Det er ikkje lite ho har på hjartet. Ho snakkar om rolla som tronarving, om pressa, om eksmannen Ari Behn, om hets og kritikk, om Durek Verrett og mykje meir.

Reaksjonen var som forventa: Ho «skylder på alle andre», «mangler selvinnsikt» og driv med «grove beskyldninger mot pressen». Aller lengst gjekk redaktørforeininga: «Kritikken fra Märtha Louise er alvorlig og farlig», skreiv dei.

Slik. Då har Presse-Noreg gått den vanlege 48-timarsrunden. Kan vi puste litt rolegare og diskutere kva Märtha Louise faktisk sa no?

Les hele saken med abonnement