Russland kan utnytte norsk EU-motstand. Men det vil ikkje regjeringa at me skal lese om.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) nektar å publisere ein rapport som seier at Russland kan bruke til dømes norsk EU-motstand til å påverke norske val.

Kommunalministeren fremjar kunnskapsforakt.

Publisert: Publisert:

Norske val kan vere eit ynda mål for utanlandske agentar. Legitime politiske organisasjonar kan bli brukt for å fremje framande makters interesse.

For å forstå korleis utanlandsk påverknad kan sjå ut, bestilte Kommunaldepartementet ein rapport. Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) fekk oppdraget.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) nekta først å publisere rapporten. Han las den nemleg som fordekt kritikk av EU-motstandarar. Gjelsvik snudde etter press, men den problematiske ryggmargrefleksen hans er problematisk.

Gjelsvik kallar rapporten for ein konspirasjonsteori, men statsråden med ansvar for valtryggleik blir no eit symbol for kunnskapsforakt.

FFI har publisert den sjølv, så me kan lese kva Gjelsvik reagerer så sterkt på.

Les hele saken med abonnement