Satirens pris

Charlie Hebdo, det franske satiremagasinet i nyhenda, i norsk presse stort sett omtalt som «et fransk satiremagasin», publiserte karikaturteikningar av Muhammed denne veka.

Publisert Publisert
  • Hilde Sandvik
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

CharlieHebdoer ikkje eit tilfeldig satiremagasin som brått fekk eit påhitt om å kaste seg på ei bølgje.

CharlieHebdoshistorie strekk seg attende til slutten av sekstitalet. Sidan den gongen har folka bak magasinet drive med politisk og religiøs satire, ikkje minst er den katolske kyrkja utsett for heftige angrep.

Fleire gonger er det gjort forsøk på å stoppe utgivinga, mellom anna freista innanriksdepartementet å forby det etter at dei hadde på trykk ei «uærbødig» vinkling på den franske offiseren og politikaren Charles de Gaulles død i 1970.

CharlieHebdoer også magasinet som blei trekt for fransk rett i 2007 etter å ha publisert karikaturane frå Jyllands-Posten saman med eigne karikaturar.

Saksøkjarane, to muslimske organisasjonar, kravde redaktør Philippe Val dømt for blasfemi, krenking av muslimar og for å ha fornærma profeten. Magasinet vann den gongen fram, godt støtta av det politiske Frankrike.

Tre karikaturar var sentrale under rettssaka. Ein av teikningane synte ein gråtande Muhammed med teksten: «Det er hardt å bli elska av idiotar», som også blei tittelen på ein dokumentarfilm om rettssaka.

I eit av filmens sterkaste augneblink (filmen vart vist under BIFF i 2008) forsvarer den fransk-algeriske journalisten og islamistkritikaren Mohamed Sifaoui, teikninga med å seie at det ikkje var teikninga som krenka profeten, men fundamentalistane som framstilte Muhammed som blodtørstig. Det er fundamentalistane muslimar må ta eit oppgjer med, sa Sifaoui.

Dette er kjernen i spørsmålet om ytringsfridomen: Kven er den krenkte? Kven krenkjer kven?

Fem år etter er det spørsmålet blitt stadig meir vanskeleg å svare på. Det politiske Frankrike som stod vedCharlieHebdosside i 2007, er no langt meir forsiktige.

I går demonstrerte islamistar som krev ny Osama bin Laden, side om side med biskopar og norske politikarar utanfor den amerikanske ambassaden i Oslo under mottoet at å kritisere religion ikkje er ytringsfridom, men mobbing.

I det biletet er det lettare å avskrive det anarkistiske, antireligiøse magasinetCharlieHebdosom «fransk smalt satiremagasin», slik det norske politiske miljøet avskreiv Vebjørn Selbekk og Dagen Magazinet som lita, kristenfundamentalistisk avis. Eller som når ein i staden for å oppgi den koptiske bakgrunnen til mannen bak «Innocence of Muslims», kallar han ein gal kristenfundamentalistisk idiot.

«De gjør det eneste de har lov til: å forsvare religionen mot «de vantro». Alt annet må de holde kjeft om», skreiv komikar og debattant Shabana Rehman Gaarder nyleg på NRK Ytring om demonstrantane. Ho peiker på at dei som no roper på blod, alt er krenka — av ein fanatisme dei lever midt i og under utolelege samfunnsforhold.

Det som i augneblinken utspelar seg, tyder på at den britiske tenkaren Kenan Malik har rett: Islamistane tapte kanskje Rushdie-slaget, men vann krigen.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Tidligere angrep mot islamkritikere

  2. Angrepet mot Charlie Hebdo

  3. - Elleve personer drept i redaksjon

  4. Fransk magasin vil trykke Muhammed-karikaturer

  5. Idiotene og de andre

  6. – Ytre høyre tjente på karikaturstriden

  7. Høyre om for franske intellektuelle

BT anbefaler

Her kjører den nye treneren inn på Stadion

Kåre Ingebrigtsens første finte? Å fly via Oslo i stedet for å gå på det samtidige direkteflyet til Bergen.

LES SAKEN
Kommentar
Kommentarartiklene i BT blir skrevet av avisens redaktører og kommentatorer. Skribentene har stor frihet til å gi uttrykk for egne meninger. Noen ganger avviker disse fra BTs offisielle syn, som fremmes i lederartiklene.