Sexkjøpsdilemmaet

Skiljet mellom frivillig prostitusjon og tvang er mindre klart enn tankesmia Civita vil ha det til.

DILEMMA: Fjerning av sexkjøpslova kan gjere kvardagen for enkelte prostituerte lettare, men samstundes auke omfanget av menneskehandel i Noreg. Foto: Aftenposten

  • Maria Dyrhol Sandvik
Publisert:

Debatten om sexkjøp og prostitusjon tek utgangspunkt i to bilete: Anten av eskorten Hege Grostad, alias «Frøken X», som lattermildt svingar seg rundt strippestonga, og som i portrettintervju med VG førre helg fortalde at sexarbeidaryrket er «kjekt og avslappande». Eller av «Lilja 4-ever», den tragiske historia om menneskehandla jenter og brutale hallikar.

Partane i debatten snakkar ikkje same språk. Dei som vil fjerne lova, forstår ikkje kvifor vi skal forby det som tilsynelatande er ein frivillig handel mellom vaksne menneske. Tvungen prostitusjon blir regulert av andre lover.

Fullt så enkelt er det kanskje ikkje. For det første er det mykje som tyder på at mange prostituerte opererer i ei gråsone mellom frie val og tvang. For det andre viser forsking at land der prostitusjon er ein del av den legale økonomien, har større førekomst av menneskehandel.

Det er ikkje lett å bli klok på kva som er «frie val». I eit nytt notat frå den liberale tankesmia Civita, skriv Kristian Tonning Riise om kvifor sexkjøpslova er mislukka (ein bastant konklusjon etter berre fire år). I eit avsnitt om nigerianske gateprostituerte slår han fast at «prostitusjon for de fleste nigerianske kvinnene er et villet valg mellom dårlige alternativ, til tross for at dette er den gruppen som gjennomgående har det verst. Med andre ord: Det er ikke prostitusjon som er problemet for disse kvinnene, men mangelen på bedre alternativ.»

Her er «frie val» definert så breitt, at så lenge det er råd å setje seg ned med ein kopp og tigge på gata, så har kvinna sjølv valt å vere prostituert. For å seie det med den greske filosofen Aristoteles: Dersom ein sjømann kastar lasta si over bord i frykt for at skuta skal søkke, gjer han det då ufrivillig, eller har frykta for å drukne berre gjeve han eit anna utgangspunkt for val av handling enn han elles ville hatt? Dersom ein motvillig kastar alt over bord og prostituerer seg for å unngå å drukne i fattigdom, er det då relevant å snakke om eit «villet valg»?

Les også

- Nå er prostituerte enda meravhengig av bakmennene

Mange vil vere usamde i Riise sin definisjon av frie val, og enda fleire vil heve augnebryna over utsegna om at prostitusjonen i seg sjølv ikkje er eit problem. Dersom prostitusjon er eit problem for nokon, så må det vel vere det for dei som er nedst på rangstigen, og ikkje kan velje seg kundar dei har «god kjemi» med, slik Hege Grostad fortel at ho kan?

Grostad representerer ei sjølvstendig, ressurssterk gruppe sexarbeidarar, og er eit velkome innslag i debatten om sexkjøpslova. Men det er ei feilsporing å tru at desse er talskvinner for prostituerte flest.

Framleis er nigerianske gateprostituerte, og thailandske kvinner som sel sex frå massasjeinstitutt, fråverande i norske avisspalter. Ikkje er det mange av dei som kan debattere med politikarar på sosiale medium, heller. Ifølgje Pro-senteret var prosentdelen utanlandske kvinner som senteret var i kontakt på heile åtti i 2010. Langt ifrå alle av desse er utsette for menneskehandel, men er likevel i ein meir sårbar situasjon enn norske eskortar. Lova må beskytte dei svakaste. Men gjer den det, eller gjer den berre vondt verre, slik Riise hevdar?

Svaret ser ut til å vere både òg. I fjor gjorde professorar frå London School of Economics (LSE) ei større undersøking om menneskehandel. Funna viser at land der sexkjøp er lovleg, har større tilstrøyming av menneskehandel. I Danmark, med liberal sexkjøpslov, er talet på trafficking-offer fire gonger så høgt som i forbodslandet Sverige, sjølv om folketalet er nesten halvparten. Talet på prostituerte er også langt større i Danmark.

Rapporten tek høgde for at noko av prostitusjonen i Sverige kan ha blitt mindre synleg etter at forbodet kom, men konkluderer likevel med at omfanget har gått betydeleg ned. Samstundes seier rapporten at prostituerte i land med liberal lovgjeving, som arbeider på den lovlege marknaden, truleg har betre kår enn dei i land med restriktive lover. Så enkelt, og så vanskeleg.

Postdoktor Andreas Kotsadam (UiO) fekk same resultat i si forsking på menneskehandel og prostitusjon i Europa. Det er mest menneskehandel i land der prostitusjon er ein del av den legale økonomien, som Nederland og Tyskland. Kotsadam forklarar dette med marknadsmekanismar: «Prostitusjon drives som annen økonomisk virksomhet. Når kostnadene blir for store, legger man ned eller flytter virksomheten. Forbud gjør det dyrere og vanskeligere.» Dette er forsking som viser fordelen ved restriktive sexkjøpslover, og som Civita ikkje har teke med i sitt notat.

Ein motstandar av sexkjøpslova eg diskuterte med ein gong, sa at han ikkje var interessert i prostitusjon som fenomen, men som eit prinsipielt spørsmål. Det er ei urovekkjande utsegn. Prostitusjonsspørsmålet har så mange sider at det ikkje bør nyttast som filosofisk tankeeksperiment. Sexkjøp er eit samfunnsproblem som råkar mange i ein sårbar situasjon, og forbodet sender eit tydeleg signal om at kjøp av sex er uønska i Noreg.

Ei ny blåblå regjering vil sannsynlegvis bety slutten på forbodet mot sexkjøp i Noreg. Håpet er at dei borgarlege ikkje vil late att augo for dei negative konsekvensane ei liberalisering kan få, til dømes for tilstrøyminga av trafficking-offer til Noreg.