Nei til helsesjekk

Kroppen din treng ikkje EU-kontroll. Den klarar seg heilt fint med regelmessig «gjør det sjølv»-service.

Publisert:
Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

HELSESJEKK: Fleire private klinikkar tilbyr dyre og grundige helsesjekkar. – Dei gir falsk tryggleik og dei vil i mange tilfelle føra til overdiagnostisering og overbehandling. Du kan nemleg ikkje sjekka deg frisk, skriv lege Ingebjørn Bleidvin. Foto: FRANCOIS DESTOC / MAXPPP

Det er godt mogeleg at du er dødssjuk. Akkurat no, mens du sit og les dette. Kanskje driv kreftcellene og boblar opp i prostataen din. Kanskje har kolesterolet nettopp invitert på slektstreff i ei trong blodåre i hjernen.

Kanskje har du ei svær utposing på hovudpulsåra, sprekkferdig som ei tenåringskvise.

Eller kanskje ikkje. Kanskje er du frisk som ein fisk og femti-seksti år unna ein fredeleg død av alderdom. Spørsmålet er: Tør du å ta sjansen?

Ein heil industri har vakse opp basert på at du svarar «nei» på det spørsmålet. Det er ikkje verdt å ta sjansen. Det er helsa og sjølvaste Livet det er snakk om. Kva er vel meir verdt å bruka pengar på?

Les også

Den syke kontrollen

Det er ein tanke som er like forståeleg som den er fånyttes. Det er nemleg svært sjeldan det fører nokon veg å undersøkja ein person som føler seg frisk. Det hender sjølvsagt at alvorleg sjukdom blir oppdaga og behandla etter ein tilfeldig sjekk. Det er flott, men det høyrer klart til unntaka. Stort sett finn ein ingenting, og dei få gongene ein finn noko skal det stort sett ikkje gjerast noko med.

Les også

For tidlig å avskrive fritt behandlingsvalg

La ein ting vera klart: Har du eit symptom som bekymrar deg, er det riktig å gå til legen. Har du ein føflekk som blør, har avføringa blitt rar, må du opp fem gonger om natta for å tisse, har du ti gonger så hyppig migrene som i fjor: bestill ein time, først som sist.

Denne teksten handlar om dei som ikkje merkar noko som helst, men som av ulike årsaker har fått for seg at det er nødvendig med ein sjekk.

SJUKDOM: – Kanskje er du frisk som ein fisk og femti-seksti år unna ein fredeleg død av alderdom. Spørsmålet er: Tør du å ta sjansen? Ein heil industri har vakse opp basert på at du svarar «nei» på det spørsmålet. Foto: Rune Nielsen

Ofte kjem folk på denne tanken etter å ha sett reklame for stader som «Herreklinikken på Majorstuen». Dei tilbyr «Medisinsk EU-kontroll». I omtala på nettsidene høyrest det ut som ein litt grundig time hos fastlegen. Prisen er likevel veldig grundig. Sjølv inkludert det offentlege sine eigendelar for testar og prøvar, ligg «Herreklinikken» på 10–15 gonger meir for ein konsultasjon enn det kostar hjå fastlegen.

Andre syndarar er større konsern, som Aleris. Deira «Executive Helseundersøkelse» inneheld fleire årlege undersøkingar enn den jevne pasient treng i løpet av tjue år. Aleris Executive kan nærmast leverast med overbehandlingsgaranti.

Etter å ha kverna gjennom allmennlege, hudlege, hjartelege, urolog/gynekolog, ultralyd av magen, MR av brysta, lungefunksjonsprøve, blodprøvar og ei (særdeles ubehageleg) kameraundersøking av tarmen, er du nesten garantert å finna eit eller anna unormalt.

PRIVAT: Her held Aleris i Oslo til. – Deira «Executive Helseundersøkelse» inneheld fleire årlege undersøkingar enn den jevne pasient treng i løpet av tjue år. Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB Scanpix

Det er to hovudproblem med slike helsesjekkar: Dei gir falsk tryggleik og dei vil i mange tilfelle føra til overdiagnostisering og overbehandling.

Du kan nemleg ikkje sjekka deg frisk. Det følast kanskje godt å vera på den sikre sida, men sanninga er som følgjer: Det finst ikkje noko sikker side. For kvar einaste sjukdom du sjekkar deg for, finst det hundrevis av andre du like godt kan ha i staden.

Overdiagnostisering og overbehandling er på si side eit av dei mest alvorlege problema det moderne helsevesenet slit med.

Overdiagnostisering er både dyrt og helseskadeleg. Ein ting er at folk brukar pengar på ting som Herreklinikken, som tilbyr lite anna enn oversminka fastlegetenester til blodpris. Ein anna ting er alle mogelege små avvik som vert oppdaga, skapar bekymring, må følgjast opp, og kanskje medfører behandling som eigentleg er heilt unødvendig.

HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS: – Få ting blir krangla meir om i helsekretsar enn nytta av screening. Foto: BERGENS TIDENDE

Få ting blir krangla meir om i helsekretsar enn nytta av screening, kven som skal screenast, når, kor ofte, og kva ein skal gjera dersom ein finn noko. Der screening er innført, er det etter mykje forsking og vurdering.

Det handlar ikkje berre om kostnad sett opp mot nytte. Viss grensene for dei offentlege helsesjekkane blei sett berre ut frå kor mange samfunnet hadde råd til å sjekka, kunne ein forsvara at den enkelte kjøpte seg til grundigare oppfølging.

Slik er det likevel ikkje. Pengar spelar sjølvsagt inn, men dei norske programma for førebygging og sjekking er ikkje direkte gjerrige og storforlangande. Både i mammografiprogrammet og med HPV-vaksinen mot livmorhalskreft testar og behandlar me fleire tusen personar for kvart sjukdomstilfelle me forebygger.

Les også

– Dette er veldig fremtidsrettet

Les også

Bent Høie: Odda sykehus skal ha beredskap på samme nivå som i dag

Helsesjekk-industrien har enkelte ting til felles med alternativ-bransjen. Viss det fanst alternativmedisin som verka, så hadde den per definisjon ikkje lenger vore alternativ. Då hadde den blitt ein del av det vanlege repertoaret til allmennlegane og sjukehusa.

Slik er det og langt på veg med helsesjekkar og screeningprogram. Gode, fornuftige kontrollprogram vil bli innført i det offentlege helsevesenet. Det er både god politikk, god butikk og god medisinsk praksis.

Den triste ironien er at det soleklart mest effektive du kan gjera for å forebygga sjukdom er enkelt, gratis og lett tilgjengeleg: Hald deg i aktivitet minst ein halv time kvar dag. Følg Helsedirektoratet sine kostråd, altså det velkjende maset om «fem om dagen», grovbrød, fisk og så vidare.

Klarar du sånn høveleg å følgja dei råda, vil det redusera faren for sjukdom mykje meir enn all verdas unødvendige testar. Tør du å ta sjansen?

Publisert: