Å finne pengar til denne banen blir mykje verre enn forventa

Etter ti år er Bergen kommune klare til å bygge bybane gjennom sentrum. Men Statens vegvesen vil ikkje prioritere prosjektet.

Har me krangla i eit tiår forgjeves?

Publisert: Publisert:

Fredag morgon var det lys i tunnelen.

Sidan 2012 har bybanesaka vore eit politisk mareritt i Bergen.

Eit tiår med uforsonleg krangling, byråd som har gått av og gått på, utgreiingar av ulike tunnelar, tusenvis av overtidstimar, undersøkingar og vurderingar av Bryggen. Men fredag morgon var kommunen i mål.

Motsegn etter motsegn var rydda av vegen. No blir reguleringsplanen for trasé mot Åsane etter alt å dømme vedtatt før sommaren.

Og deretter kan heile planen gå i skuffen.

For berre to timar etter byråden fekk reguleringsplanen i hende, fekk ho ein kalddusj frå Oslo.

Les hele saken med abonnement