Stråmann, stråmann, bukken min

I regjeringa er det høgsesong for å konstruere motstandaranes argument. Kvifor gjer dei dette mot veljarane?

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

KONSTRUKTØRANE: Venstre-leiar Trine Skei Grande meiner Ap lir av misunning når dei vil ha moms på dyre elbilar. KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad vil kjempe med «nebb og klør» mot at eittbarnspolitikk blir innført i Noreg. Ok. Foto: Vidar Ruud (arkiv)

«Føler du på julebordskam? Ikke vi heller!» Framstegspartiet var klare i talen på Facebook denne helga: Om Frp får styre, er julebordet skamfri sone.

«Ikke engang julebordet vil overformynderne i MDG la folk få ha i fred. Vi mener at folk må kunne spise god og tradisjonell julemat uten å føle på et eneste gram av skam.»

Dette kunne Frp fortelje sine følgjarar, supplert med eit bilete av ribbe og sjølvsagt eit «lik og del!» til slutt.

La det vere klart: Julebord høyrer saman med ribbe, pinnekjøt, medisterkaker og såsissar – gjerne på same tallerken og med ei salig blanding av brun saus og kålrabistappe på toppen. Eg hadde blitt sur om nokon ville forby meg denne gastronomiske branntomta.

Problemet for Frp er berre dette: Det meiner MDG òg.

Bakgrunnen er at det i Oslo Rådhus skal vere julebord der deltakarane kan velje mellom juletallerken, kveite eller vegansk hovudrett. VG vinkla dette som at «Vegansk julebord i Oslo Rådhus – svineribbe må bestilles på forhånd».

Avisa kunne like gjerne ha skrive «Helt vanlig julebord i Oslo Rådhus – alle matønsker må bestilles på forhånd», men det var vel ikkje fullt så sensasjonelt.

Frp tek det likevel eit steg lengre når dei fortel sine følgjarar ei historie som ikkje er sann. Når du ser biletet av ei saftig ribbe kombinert med bodskapen om «overformynderne i MDG» og signalordet «julebordskam», er det umogeleg å tru noko anna enn at MDG vil forby kjøt på julebordet.

Les også

Jens Kihl: Kva var det Ropstad prøvde på?

Det er dette vi kallar ein stråmann: Om du ikkje har noko å ta motstandaren din på, finn du på noko. Og i novembermørket er det tydelegvis blitt høgsesong for stråmann i regjeringspartia.

KrF-leiar Kjell-Ingolf Ropstad er ikkje redd for å konstruere motstandaranes posisjonar. Det ville vere ufint å påstå at Ropstad liknar på Dyret i openberringa, men han har i alle fall fått nebb og klør til å kjempe mot eittbarnspolitikk i Noreg, slik han sa til Dagbladet.

Kjell Ingolf Ropstad brukte veka på å gripe etter desperate utvegar i debatten om MDGs menneskesyn. Til slutt hadde han nok halmstrå til ein heil stråmann.

Familieministeren kravde at MDG «tek avstand» frå ekstreme dyrevernarar og perifere filosofar. Trikset heiter «guilt by association» på engelsk:

Er du villig til å ta avstand frå den indiske tradisjonen med å abortere vekk jentefoster? Kan du avkrefte at du meiner at menneske ikkje er meir verdt enn eit tilfeldig dyr? Og har du eigentleg slutta å slå kona di?

Det står kanskje noko i det åttande bodet om at du ikkje skal tale usant om nesten din, men pytt sann.

Les også

Jens Kihl: I skuggen av Berlinmuren

Debatteknikken er langt frå ny. Veka før meinte Høgres Tom-Christer Nilsen i Politisk kvarter at det var «misunning» som gjorde at Ap vil vurdere ein eigen lakseskatt.

Jaha? Var det misunning som gjorde at professor Karen Helene Ulltveit-Moe, leiar for havbruksskatteutvalet, meinte at dette er ein rett skatt å innføre?

Nokre dagar etter brukte Venstre-leiar Trine Skei Grande same ord om at Ap vil kutte i elbil-subsidiane. «Misunnelsen er en større drivkraft enn ønske om en bilpark med nullutslippsbiler», skreiv ho på Twitter.

Du kan seie mykje rart om Ap-leiar Jonas Gahr Støre, men med ein formue på 61 millionar kroner er han nok ikkje misunneleg på dei som har råd til fin bil.

Det er elles ikkje berre julebordskam som er i vinden:

Høgres stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle stilte eit spørsmål her om dagen: «Oppfordrer Ap til #TeslaSkam i sitt alternative statsbudsjett?», skreiv ho på Twitter før ho skulle til NRKs Debatten.

Til Westgaard-Halle: Svaret er sannsynlegvis nei. Det var heller ikkje slik at Høgre ville ha Tesla-skam då dei kom med eit liknande framlegg for ikkje lenge sidan.

Det stemmer faktisk like lite som då partikollega Heidi Nordby Lunde meinte forfattar og SV-politikar Hans Olav Lahlum skapte «skatteskam» då han betalte inn ekstra skatt – ei ordning Lundes eiga regjering har innført.

Les også

Jens Kihl: Venstre, det er meg

For tida ser det ut til at det er dei fire regjeringspartia som lagar dei største stråmennene. Når det er sagt, bør ikkje opposisjonen ta det som noka friskmelding.

Det kjem stadige åtak mot regjeringa som er så usaklege at det er vanskeleg å forstå at avsendaren faktisk trur på det sjølv. Drøymer regjeringa om å leggje distrikta brakk? Nei, men dei blir jamleg skulda for å meine det.

Slik herjar politikarane med det politiske ordskiftet. Folk flest har ikkje uendeleg med tid og energi til å følgje med på politisk debatt. Politikarane kan sjølvsagt håpe på at nokre av åtaka klistrar seg fast.

Sannsynlegvis fungerer det mest slik at folk tenkjer «politikarane berre kranglar» og mistar interessa. For korleis skal ein følgje med i ein debatt der deltakarane finn på kvarandres argument?

Som døma over viser, har det gått inflasjon i å påstå at andre vil påføre folk skam. Men ein treng ikkje vere vestlending for å vite at litt skam kan vere bra.

Kunne det vere på tide med ein liten dose stråmannsskam for politikarane?

Publisert: