Det raude skiftet

Arbeidarpartiets landsmøte lukka Lofoten og opna næringspolitikken.

TØFFE TAK: Fire dagar i Folkets hus har samla Ap, trass i vanskelege enkeltsaker. Her er Ap-leiar Jonas Gahr Støre, partisekretær Kjersti Stenseng og nestleiar Hadia Tajik. Terje Pedersen, NTB Scanpix

Jens Kihl
Kommentator

Ap seier nei til konsekvensutgreiing av oljeaktivitet utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Femten års strid i Ap er over.

Frå Høgre og Frp har reaksjonane vore sterke. Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) sa til VG at Ap «sviktar 170.000 tilsette i oljenæringa» ved å ikkje opne for oljeleiting i desse områda.

Med den logikken kunne ein seie at høgrepartia går på jobb og sviktar oljenæringa kvar einaste dag i regjering. Får du ein Høgre-mann på tomannshand, vil også han innrømme at det nok aldri vil bli oljeaktivitet ved Lofoten, Vesterålen og Senja.

Les også

Roger Valhammer og Anne Gine Hestetun: Verden trenger ledere, ikke strutser

Men vedtaket opnar for noko anna, nemleg ein sunnare debatt om næringspolitikk i Noreg. I årevis ha debatten om Lofoten skugga for andre og kanskje viktigare debattar.

For saman med oljevedtaket kom det ei lang fråsegn om kva Ap meiner vi skal leve av i framtida. Ved å peike på konkrete næringar markerer Ap tydeleg avstand til Høgres politikk.

Havvind, fiske, kraftkrevjande industri, skog, skipsfart og olje blir særleg peika på. Vonleg kan dette gje ein diskusjon om kva vi er for, ikkje berre kva vi skal vere mot.

Les også

Harald Victor Hove og Silja Ekeland Bjørkly: Hva skal vi med et Arbeiderparti som ikke står opp for arbeidsplassene våre?

Det blir spanande å sjå kor djup splittinga mellom Ap og fagrørsla er som følgje av oljevedtaket. VGs politiske redaktør Hanne Skartveit meiner at «forholdet mellom Ap og LO er skadet for lang tid fremover».

Men kjelder i fagrørsla meiner det er sannsynleg at det vil vere fleirtal for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja allereie på neste LO-kongress. Sjølv hos dei som er for oljeleiting her, finst det ein god del som meiner industrien må sjå at saka er tapt og heller konsentrere seg om andre spørsmål.

Ei kjelde i Ap-leiinga meiner vedtaket kjem på best tenkjeleg tidspunkt: I eit lokalval der Ap treng å nå ut til fleire unge, miljøinteresserte veljarar i storbyane, er dette ei god sak.

Samstundes er det lite truleg at lokalvalkampen nasjonalt vil handle om oljeboring. Støre treng å stå i debatt etter debatt og kjempe om industriveljarane mot Høgre og Frp.

Det ligg også ei læring her for Fellesforbundet, Industri Energi og andre delar av fagrørsla. Dei siste dagane har mange der innsett at det er for få derfrå på partimøte i Ap (og alle andre parti, for den del).

Frustrerte folk frå industrien er redde for at dei ikkje lenger skal vere sentrale i å utvikle Noregs næringspolitikk. Den uroa bør alle ta på alvor, men det er berre industriens folk som kan gjere noko med det.

Les også

Jens Kihl: Tung tids tale

Kanskje kan Vestlandet for éin gongs skuld lære noko av Innlandet. Innlandet har slite med relativt låg vekst. Frå venstresida er dette gjerne blitt møtt med krav om statlege arbeidsplassar og andre satsingar.

Men dei seinare åra har fleire, kanskje særleg i Ap, heller byrja snakke om den framtida som finst i skognæringa. På Ap-landsmøtet gjekk representantane frå Innlandet med ei eit jakkemerke forma som eit grantre.

Då går ein frå å rope om hjelp frå staten til å snakke om kva ein kan få til sjølv. Det er bra for både Innlandet og Noreg. Industrien på Vestlandet bør bruke Lofoten-vedtaket til å snu seg rundt.

Ved E16 gjennom Brumunddal står det 85 meter høge Mjøstårnet. Bygget er verdas høgaste trehus, og står som eit symbol for kva Innlandet kan bli: Ein region som verkeleg lukkast i bioøkonomien. Dette er Innlandets Røkketårn.

Les også

Jens Kihl: Små barn av staten

Ved eit landsmøte blir det gjerne mest snakk om dei sakene det står strid om. Men i ly av abortdebatt og atomvåpenstrid, har Ap mellom anna skaffa seg ein forsterka distriktspolitikk.

Fleire vedtak på oppvekstfeltet, som gratis aktivitetsskule for førsteklassingar og gratis skulemat i grunnskulen, peikar i retning av eit parti som vil gå til val med nye velferdsreformer.

Ap har skjerpa kritikken mot kommersielle velferdsaktørar og vil innføre forbod mot innleige i utsette delar av arbeidslivet.

Der andre sosialdemokratiske parti prøver å løyse krisa ved å gå i retning sentrum, forsterkar i staden norske Ap profilen som eit venstresideparti.

Høgre vil uansett vinne konkurransen om å vere best til å vere Høgre. I Ap er det no samling om at det grøne skiftet må vere raudt.