Støre sleper føtene etter seg i straumkrisa

– Eg veit ikkje korleis Einar Gerhardsen takla krisa i ’56, men dagens Ap-statsminister slit kraftig, skriv BTs kommentator om Jonas Gahr Støre.

Det er ganske uforståeleg at regjeringa har sett landet gå mot straummangel utan å gjere noko.

Publisert: Publisert:

Til vinteren kan folk og bedrifter i Sør-Noreg risikere straumrasjonering. Førre gong det skjedde var i 1956. For oss som er vakse opp utan kriser og med låge straumprisar, er det ganske ufatteleg.

Eg veit ikkje korleis Einar Gerhardsen takla krisa i ’56, men dagens Ap-statsminister slit kraftig.

Regjeringa har rett nok innført straumstøtte til hushaldningane. Men i månadsvis har dei nekta å gripe inn for å hindre at kraftselskapa tappar ned vassmagasina. Dei har heller ikkje villa gje straumstøtte til dei mange bedriftene som no slit kraftig med skyhøge straumprisar.

No blir Jonas Gahr Støre og resten av regjeringa tvinga til å gjere begge deler.

Les hele saken med abonnement