«Sist Høgre gjorde dette gjekk dei rett utfor stupet»

Klarar dei no å slutte å gå laus på kvarandre?

Publisert Publisert
  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    Gerd Margrete Tjeldflåt
    Kommentator
Christine Meyer vann maktkampen i Høgre knipent framfor Harald Victor Hove.

Så var dei her igjen. Bergen Høgre i Grand selskapslokale. Det er ein storslått plass å styrte ein leiar.

Etter tre timars venting, tre oppteljingar og to avstemmingar, var resultatet av maktkampen i Bergen Høgre endeleg klart: Utfordraren Christine Meyer er partiets nye byrådsleiarkandidat, med 83 mot 75 stemmer.

Dermed blei onsdagen ein nærast perfekt rekonstruksjon av førre gong Bergen Høgre kasta frontfiguren sin. Det skjedde for åtte år sidan, i akkurat same lokale.

Les hele saken med abonnement