Europeisk haust

Vesten, som ønskjer å eksportere demokrati, held fram med å gjere gigantavtalar med dei same diktatorane som før. Det kan ha slått tilbake på oss sjølve.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker

SYRIA: Tyrannar som Assad, eller Mubarak eller al-Sisi i Egypt, Ghaddafi i Libya, eller Salman i Saudi-Arabia, er ein skamplett for regionen, og vestlege makter har ein del av æra for at dei fekk ha så stor makt, så lenge, skriv gjestekommentator Morten Myksvoll. Foto: Hassan Ammar / TT / NTB Scanpix

Den arabiske våren handla om håp, om folkestyre, eit ønskje om å kunne påverke si eiga framtid. I dei fleste landa vart håpet knust.

Mange hundre tusen vart drepne av tyrannane dei forsøkte å erstatte.

Midtausten er ikkje klar for demokrati, vert det sagt. Den arabiske våren vert trekt fram som eit bevis på det. Eit tydelegare teikn på den stygge orientalismen som florerer finst ikkje. Samtidig som me støttar brutale diktatur, snakkar me nedlatande om folket som ønskjer desse regima vekk.

Mange av dei som sit trygt i Vesten og støttar Bashar al-Assad si utrydjing av det syriske folk, seier at dei vil ha stabilitet. Det er ordet som legitimerer massemord, utreinskingar, tortur og etnisk reinsing.

Tyrannar som Assad, eller Mubarak eller al-Sisi i Egypt, Ghaddafi i Libya, eller Salman i Saudi-Arabia, er ein skamplett for regionen, og vestlege makter har ein del av æra for at dei fekk ha så stor makt, så lenge.

I nokre tilfelle grip Vesten inn mot store overgrep. I andre tilfelle ikkje. Det er ikkje nødvendigvis intervensjonen som drep forholdet mellom folk i Midtausten og vesten, men inkonsekvensen. Nato intervenerte i Libya, i ei tid der situasjonen var mykje verre der enn i Syria. Det var stor frykt for at Ghaddafi ville utføre eit folkemord, og Nato greip inn. Det skapte håp i Syria. Deira regime, som trakk ut neglene på grafittisprayande smågutar, skulle falle. Med vestleg hjelp. For sjå kva som skjedde i Libya.

Vesten kom aldri til Syria.

Ikkje for å redde syrarane frå Assad, i det minste. Nato stakk frå Libya med ein gong bombekampanjen var over. Me overlét landet til seg sjølv, midt i ein blodig borgarkrig, og er overraska over at det ikkje gjekk bra.

Me ser den andre vegen i Syria. I Saudi-Arabia, Qatar, Emiratane, og Egypt signerer vestlege land milliardavtalar. For stabilitet. Eller eigeninteresse, som «stabilitet» har blitt eit synonym for.

Demokratisering er ingen ryddig prosess. Det er umogeleg å gå frå Mubarak eller Assad, til eit konsolidert demokratisk system. Det tar lang tid. Me brukte lang tid i Europa, må vite, og det var svært blodig. Statane i Midtausten er neppe klare for demokrati, men mange statar i Vesten er heller ikkje klar for demokrati i til dømes Saudi-Arabia.

Det blir for rotete, for ustabilt for vår smak.

Saudi-Arabia står no i fronten for ein massiv kampanje mot nabolandet Qatar, der ei skulding er at dei støttar terrorisme. Ironien er tydelegvis fortapt.

Ikkje misforstå, Qatar finansierer ei ekstrem tolking av islam, og spreiinga av denne. Qatar si grein av islam, salafismen, har ein valdeleg fraksjon. Det er tilfeldigvis den same retninga av islam som Saudi-Arabia finansierer. I ei tid der jihadi-salafistar angrip europeiske byar, er det ekstra trist å sjå kor tafatte Vesten er mot denne pesten.

Kanskje slår den dobbeltmoralske haldninga vår tilbake på oss sjølve? Når våre leiarar utviser eit så svakt standpunkt overfor ekstreme regimer, så er det kanskje ikkje så rart at trua på demokratiet går ned? Det går føre seg eit angrep på demokratiet i vestlege land.

Theresa May er sist ut, med sitt åtak på menneskerettane. Sjølve grunnlaget for vårt levesett, og noko som me forsøkjer å eksportere. I USA er Trump i god gang med å delegitimere rettsstellet. Ingen av dei kjem til å lukkast, viss dei får nok motstand.

Demokratiet sluttar å fungere den dagen me ikkje kjempar for det. Tar me det for gitt er fridomen vekke innan ein generasjon, sa Reagan. Han, og hans generasjon, er definitivt daud. For Theresa May, for Geert Wilders, for Donald Trump, for Marine Le Pen, så er fridom eit hinder for kontroll. For stabilitet. Det skal mykje til å demontere langvarige og konsoliderte demokrati. Svært mykje. Men dei prøver. Hardt.

Set kvar og ein av desse politikarane på trona i eitt av Gulfen sine petrodiktatur, som til dømes Qatar. Landet hadde neppe merka forskjell. Trump har til og med same estetiske sans som Ghaddafi.

Etter at Brexit fekk fleirtal og Trump var president, har terskelen for krise blitt heva. At Geert Wilders og Marine Le Pen ikkje vant i Nederland og Frankrike er ikkje eit teikn på at åtaket på den liberale verdsordnen er over. Absolutt ikkje. Trump skremmer nok mange frå å stemme på radikale høgrekrefter, det same gjer nok Brexit-kampanjen.

Den høgreradikale bølgja som sveipa over Europa er nok overdriven, men desse kreftene er ikkje slått heilt endå. Trur me det, vil me bli motbevist.

Det er lett å gløyme at tyranniske regimer ofte er klientstatar, der eliten sin lojalitet er til sals. Støtta til ein diktator er ofte ei mil brei, men ein centimeter djup. Når eit valdeleg og autoritært styre fell, så fell det hardt. Den arabiske våren var nettopp det.

Autoritære statar falt for sitt eiga grep, dei falt fordi folk fekk nok. Det kjem til å skje igjen. Me som har fridom og demokrati kan ta den for gitt. Dei som ikkje har den, som ofrar livet sitt for den, fortener støtte.

Spørsmålet er om Europa og USA kjem til å våge å velje ei side før ein veit kven som vinn.

Publisert: