Rus skal ikkje straffe seg lenger

Rusreforma til den nye regjeringa er eit kvantesprang, som vil redde liv.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

REFORM: Myndigheitene sin reaksjon mot folk som vert tatt for bruk og besittelse av narkotika, skal endrast frå straff til hjelp, skriv regjeringa i si nye plattform. Ingar Haug Steinholt

Høgre, Frp og Venstre skriv det ikkje beint ut i regjeringserklæringa, men dei går inn for ei avkriminalisering av narkotika. Dei som vert tatt for bruk og besittelse skal møtast med hjelp, ikkje straff. Dette skil seg frå legalisering, der kjøp og sal vert gjort lovleg.

Dette er ei endring som kjem til å redde liv. Den første regjeringa til Erna Solberg bygga på forbodsregimet til den raudgrøne regjeringa, som igjen bygde på forbodsregimet til dei som var før.

Ei rusreform som gjer at ein ikkje vert straffa for å bruke narkotika, har stor støtte i Stortinget. Dette kjem til å bli vedtatt.

Les også

Slik endra eg syn på norsk narkotikapolitikk

Motstanden er, merkeleg nok, sterkast i eitt av partia som signerte avtalen søndag. Då Frp hadde John Alvheim som sin leiande helsepolitikar, var Frp eit av dei progressive partia på rusfeltet.

Alvheim gjekk òg framfor på sprøyterom og metadonbehandling.

Sidan hans tid har rusdebatten flytta seg mange mil. Samfunnet har gått framover, men Alvheims Frp har i beste fall stått stille. Det verkar som om Frp aldri tenkte seg at Alvheim si progressive linje i ruspolitikken ville fortsette.

Den som har varetatt arva etter Alvheim best i Frp, er Carl I. Hagen.

Hagen deltok i Stoltenberg-utvalet, som i 2010 anbefalte heroinassistert behandling. Utvalet peika òg ut ein retning for det avkriminaliseringssporet den nye regjeringa no ønskjer å gjennomføre.

Carl I. Hagen var ei av dei tydelegaste stemmene for heroinassistert behandling, men vart møtt med ein vegg av motstand i partiet sitt. Frp såg på det som ei slags legalisering, og då var det full stopp.

No vert det ein realitet, med Frp ved roret.

STOD SAMAN: Carl I. Hagen er den i Frp som best har varetatt John Alvheim (til v.) si arv på rusfeltet, skriv Morten Myksvoll. Terje Bendiksby / SCANPIX

Det er ikkje berre heroinassistert behandling som vert innført i rusomsorga. Ordninga for legemiddelassistert rehabilitering (LAR) vert utvida med fleire legemiddel. Regelverket for sprøyterom vert endra, slik at ein skal få setje andre stoff enn heroin der.

Dette er tre tiltak som bør gjennomførast no, uavhengig av rusreforma.

Det er heilt naturleg at forsøket med heroinassistert behandling vert lagt til Bergen, som tidlegare har bedt om lov til å gjennomføre det.

Rusfeltet har vore skadelidande under for mykje detaljstyring. I dag er det bestemt frå sentralt hald at det er metadon og Subutex som skal brukast i den legemiddelassisterte rehabiliteringa (LAR).

Det er det kanskje slutt på no. Det er helsepersonell, ikkje politikarar, som bør bestemme kva stoff brukarane av LAR og sprøyteromma kan bruke.

Det er ikkje alltid like lett å vite kva regjeringspartia er einige om. Regjeringserklæringa, som til dels har blitt til i seine nattetimar, inneheld uklarheiter. Me må i det lengste håpe at knotete formuleringar ikkje får konsekvensar for politikken.

Ifølgje regjeringserklæringa skal straffereaksjonen «overførast frå justissektoren til helsetenesta». Det er rimeleg lett å forstå. Dei skriv òg at eksisterande alternativ til straff, som Narkotikaprogram med domstolskontroll, skal styrkjast. Det er òg forståeleg.

Men så skriv dei at politiet skal kunne påleggje rusavhengige å møte på helseretta tiltak. Det heng ikkje saman.

Viss regjeringa sin intensjon er å flytte dømmande makt frå rettssystemet til politiet, så er det djupt problematisk.

Viss formuleringa ikkje betyr dette, så er den heilt unødvendig å ta med. Det ville vore naturleg at bruken av bøter endrar seg, viss bruken av straff skal ned. Når setninga står slik den gjer, skapar den berre forvirring.

Når det gjeld narkotikasaker, er det fleire grunnar til at politiet bør få ei redusert rolle. Den viktigaste er at dei oppfører seg som ein politisk aktør i denne saka.

I 2011 skreiv Politidirektoratet følgjande: «Politiet bør vere oppmerksomme på debatter og opptreden som er egnet til å skape sosial aksept for narkotikakriminalitet, for eksempel legalisering av cannabis.» Dokumentet er ikkje lenger tilgjengeleg på politiet sine nettsider.

Sitatet ovanfor er eit uttrykk for at politiet ser på lovlege ytringar som noko dei skal halde oppsyn med. Lovleg – eller ulovleg – røyking av cannabis er ikkje ein for stor pris å betale for ytringsfridom.

Heilskapen i ruspolitikken til den nye mindretalsregjeringa er god. Den tilnærminga me ser no, representerer eit kvantesprang frå tidlegare regjeringar.

Det er ikkje mange år sidan ein måtte leite i ungdomspartia og blant dei pensjonerte politikarane, for å finne reformvilje. No er det offisiell politikk ved kongens bord.

Det står att likevel fleire etappar. Snart får me vite kven som blir helseminister dei neste åra. For rusfeltet sin del bør det anten vere Bent Høie (H) som held fram, eller at ein i reformtida opprettar ein eigen rusminister.

Statsråden får mogelegheita til å forme mandatet til avkriminaliseringsutvalet. Det bør vere ein enkel jobb. Det er mange punkt i regjeringa sin plattform, og dei peikar ut ei retning for kvar politikken skal gå.

Det er fint at regjeringa har nokre detaljmeiningar om kva som bør skje, men det einaste formålet med utvalet, bør vere å lage eit system for avkriminalisering.

Då er det godt at ekspertane ikkje skal gjere dette på nattetid.

Morten Myksvoll er ny kommentator i BT. Han var bystyrerepresentant for Frp i Bergen fra 2011 til 2015. Han var medlem i Høyre fra 2015 til august 2017. Han var daglig leder i interesseorganisasjonen Forum nye Bergensbanen ut 2017, og kommer derfor ikke til å skrive om samferdsel for BT.

Publisert: