Ryddejobben i SSB er ikkje gjort

Siv Jensen tok over ansvaret for å omstille Statistisk sentralbyrå då ho sparka Christine Meyer.

UTE: Christine Meyer gjekk av som SSB-sjef i november. Hovudspørsmålet i høyringa i Stortinget onsdag er om ho fekk sparken av finansminister Siv Jensen fordi Meyer ville degradere Frps favorittforskar, Erling Holmøy, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Butt, Mariam / NTB Scanpix

I støyen rundt Christine Meyers avgang som SSB-sjef i november, drukna eit av hennar beste argument: Omstillinga ho sette i gang i Statistisk sentralbyrå (SSB) var eit oppdrag ho hadde fått frå finansminister Siv Jensen (Frp).

Onsdag er dei to innkalla til kontrollkomiteen på Stortinget, til ei høyring om saka. Dei vil eigentleg berre ha svar på eitt spørsmål: Fekk Christine Meyer sparken av Siv Jensen fordi Meyer ville degradere Frps favorittforskar, Erling Holmøy? Meyer meiner det var slik, Jensen seier blankt nei.

Skulle Meyer ha rett, ville det vore alvorleg for Frp-leiaren. Ei slik detaljstyring av SSB bryt med styringssystemet og den faglege fridomen byrået skal ha. Dessutan vil eit slikt partipolitisk omsyn frå finansministeren innebere ei rolleblanding som ikkje ser bra ut.

Men Siv Jensen vil neppe bli felt, med mindre det dukkar opp heilt nye opplysingar under høyringa. I to svarbrev Jensen sende Stortinget før jul, kan ho langt på veg dokumentere at Finansdepartementet var uroleg for konsekvensane av omstillingane i SSB lenge før namnet Holmøy dukka opp. Det skal mellom anna ha skjedd i eit møte 26. januar 2017.

Det einaste som kan gjere dagen ubehageleg for Jensen er vitnemålet frå ekspedisjonssjef Amund Holmsen. Meyer påstår at han ringde i byrjinga av november og fortalde at «situasjonen ville løyse seg» viss Holmøy fekk fortsetje i forskingsavdelinga. Departementet har avvist dette.

SIRKUS: Christine Meyer gav seg ikkje utan kamp, og hyra inn advokat Dag Steinfeld. Det auka temperaturen ytterlegare i saka.

Espedal, Jan Tomas

Spørsmålet om SSBs sjølvstende, og finansministerens innblanding, er kanskje det viktigaste for kontrollkomiteen. Men under dette ligg det ei endå meir interessant problemstilling: Gjorde ikkje Christine Meyer berre jobben sin, i tråd med dei føringane ho fekk frå Finansdepartementet?

I det første svarbrevet til Stortinget 21. november skriv Jensen at kravet om at SSB måtte omstillast var klårt allereie i stillingsutlysinga til jobben Meyer fekk. Sidan vart kravet følgt opp i ulike styringsdokument og samtalar med departementet.

Det er fleire grunnar til at SSB må omstillast. Statistikkproduksjonen er unødvendig ineffektiv, fordi mykje må gjerast manuelt og fordi ein opererer med ulike IT-system som ikkje går godt saman. Digitaliseringa av samfunnet fører til ein enorm vekst i datatilfang, som krev maskiner, automatisering og kompetanse for å handtere.

I tillegg kjem generelle krav frå Finansdepartementet om auka effektivitet, og klager frå universitet og andre brukarar om at forskingsdata frå SSB er alt for dyre og for vanskeleg tilgjengelege.

10. NOVEMBER: Finansminister Siv Jensen (Frp) fortalde pressa at ho ikkje lenger hadde tillit til SSB-sjef Christine Meyer. Eit spørsmål i onsdagens høyring på Stortinget bør vere om ho gav Meyer rimelege vilkår til å gjere jobben ho var sett til, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

For å møte krava sette Meyer i gang eit stort digitaliseringsprogram, med ei kostnadsramme på 500–600 millionar over fire–fem år. Mesteparten av dette skulle Meyer ta frå SSBs eige budsjett, som er rundt ein milliard i året.

I ein organisasjon der løn utgjer mesteparten av utgiftene, krev det nedbemanningar. Alt skulle skje ved naturleg avgang, som i røynda måtte vere større fordi SSB òg treng å hente inn ny kompetanse.

Og dette skulle skje raskt. I tildelingsbrevet for 2017 kravde Finansdepartementet at «SSB må sette i verk tiltak allerede tidlig i 2017 for å frigjøre nødvendige ressurser».

Her kjem vi tilbake til Holmøy: Nedbemanninga svekte den viktige statistikkavdelinga. Meyer meinte det var best for drifta av SSB at 25 tilsette vart flytta frå forskingsavdelinga til statistikkavdelinga. For dei som skulle flyttast var det eit prestisjetap, noko dei offentlege reaksjonane frå Holmøy var prega av.

Så kjem den neste og største biten i puslespelet, og hovudargumentet til Siv Jensen for å sparke («miste tilliten til») Christine Meyer: Nedbemanninga i forskingsavdelinga truga leveransane av analysar og modellar til departementa. Her snakkar vi om viktige greier, sjølve grunnlaget for den økonomiske styringa av Noreg.

FORSKAREN: SSB-forskar Erling Holmøy har, som «innvandringsrekneskapens far», blitt populær i Frp-krinsar. Han vil bli eit sentralt tema i onsdagens høyring i kontrollkomiteen.

Espedal, Jan Tomas

Uroa var ikkje utan grunn. Økonomiske makromodellar som dei SSB bruker er i stor grad avhengige av skjønn. Kritikarar går langt i å stemple SSB-modellane som uvitskaplege, og snakkar ironisk om at dei er avhengige av «handspålegging». Tilhengjarane av SSB-modellane er sjølvsagt djupt usamde. Dei peiker på at òg alternativa, som DSGE-modellane UiO-professor Kjetil Storsletten har foreslått, er avhengige av skjønn.

Uansett er dagens SSB-modellane avhengig av at nokon tolkar tala som kjem ut, for å sjå om dei ser rimelege ut. Det gjer modellane svært personavhengige. Når viktige medarbeidarar reagerte på Meyers omorganisering med å slutte eller truga med å slutte, og andre, som Holmøy, vart flytta ut av forskingsavdelinga, så var det difor eit problem.

Men kan Meyer lastast for dette? Gjorde ho ikkje berre ei rimeleg tolking av krava frå Finansdepartementet, og sette i gang ei effektivisering av SSB samstundes som ho sikra forsvarleg drift av statistikkavdelinga?

Ut frå det som har kome fram til no i saka, ser Meyer ut til å ha undervurdert følgjene for forskingsavdelinga, og for deira evne til å tene departementa. Ho ser òg ut til å ha overvurdert sitt eige handlingsrom.

Mesteparten av inntektene til SSB kjem frå Finansdepartementet. Dei er igjen avhengige av leveransane frå SSB. Då bør det ikkje overraske at departementet ville gripe inn om desse leveransane var truga. Ikkje berre det: om det verkeleg var fare på ferde var det deira plikt å gripe inn.

Men kva skuld hadde Siv Jensen og hennar departement for at det gjekk så langt? Hadde Meyer stort nok økonomisk handlingsrom til å klare omstillingane utan at det gjekk ut over anten statistikkavdelinga eller forskingsavdelinga, eller begge deler?

Rydjejobben Meyer byrja på er ikkje over. Det er heller ikkje diskusjonen om forskinga til SSB. I mars kjem rapporten frå Statistikklovutvalet. Etter bruduljen med Meyer i før jul fekk dei i tilleggsoppgåve av Siv Jensen å sjå på forskingsavdelinga.

Meyers etterfølgjar får jobben med å rydde vidare, og sikre kvaliteten på det SSB leverer. Men det er ein jobb med stramme taumar. Er det noko Meyer-saka har vist, er det at den eigentlege sjefen i SSB er Finansdepartementet. Siv Jensen har dermed tatt på seg ansvaret for at omstillinga av SSB lykkast.