Klimadugnad på gang

Klimaendringane er alvor, men det skjer heldigvis ei rekke ting som bør gjere deg håpefull.

Bård Vegar Solhjell
Generalsekretær WWF Verdens naturfond

OPTIMIST: – Vi kan nå klimamåla frå Paris-avtalen! Men då må verda snu kurva for utslepp så dei går ned frå 2020, og så må vi halvere utsleppa kvart tiår etter det, skriv Bård Vegar Solhjell. Eric Risberg, TT NYHETSBYRÅN

Amerikanarar veit korleis dei skal lage eit godt show. Klimatoppmøtet «Global Climate Action Summit» i San Francisco var ikkje noko unntak: Frå 12.–14. september i år møttest 5000 delegatar frå heile verda.

Leiarar frå delstatar og byar, næringslivet, sivilsamfunnet, forskarar og ei rekke andre sektorar i samfunnet. Ideen var å samle alle andre enn nasjonalstatar som betyr noko i kampen mot klimaendringane, og å fokusere på å handle i staden for å forhandle.

Som show gjekk det dei evinnelege FN-møta om klima ein høg gong: Vekk med dei endelause tekniske forhandlingane, det obligatoriske innlegget kvar einaste stat har, og alle dei kjedelege formalitetane.

I staden fekk vi profilerte politikarar, karismatiske næringslivsleiarar og kjende artistar. Høgstemt patos av sentimentale augneblinkar og moderne teknologi, i stram regi.

Les også

Bildeserie: Slik herjet uværet på Vestlandet

Inga felles oppgåve er viktigare for oss menneske dei neste tiåra enn å halde global oppvarming til godt under to grader samanlikna med førindustriell tid. Om du er i tvil, sjå deg rundt.

Konsekvensane av klimaendringar er allereie synlege. Stormar, skogbrannar og ekstremvêr aukar. Tyfonar og ekstrem varme rammar menneske og dyr. Tørke rammar avlingar, og driv menneske på flukt.

Kol-driven industri og oppvarming påverkar luftkvaliteten og drep menneske. Forsuring av havet øydelegg korallrev.

GLOBAL OPPVARMING: – Inga felles oppgåve er viktigare for oss menneske dei neste tiåra enn å halde global oppvarming til godt under to grader samanlikna med førindustriell tid, skriv Bård Vegar Solhjell. Her talar USAs tidlegare visepresident Al Gore på Global Climate Summit i San Francisco. Eric Risberg, TT NYHETSBYRÅN

Kva er så status for arbeidet med å hindre dette? Korleis var stemninga blant dei 5000 delegatane i San Francisco? Først og fremst håpefull. Alvorleg, ja, men aller mest håpefull.

Denne stemninga sette den svenske forskaren Johan Rockstrøm og tidlegare klimatopp Christiana Figueres allereie frå starten av. Dei presenterte rapporten Exponential Climate Action Roadmap som viser at situasjon er – ja, nettopp – alvorleg, men håpefull.

Vi kan nå klimamåla frå Paris-avtalen! Men då må verda snu kurva for utslepp så dei går ned frå 2020, og så må vi halvere utsleppa kvart tiår etter det.

Når det er mogeleg, ja kanskje realistisk, så er det fordi det skjer ei rekke ting som bør gjere ein håpefull.

Les også

Jens Kihl: Pass deg for toget, Frp

For det første, fornybar energi. Ei rekke analysar tydar på at skiftet frå kol, olje og gass kan skje raskare enn vi tidlegare har trudd. Vind- og solenergi veks raskt, og er på veg til å bli billegare enn fossil energi.

Større batterikapasitet til lågare pris gjer at energien i aukande grad kan lagrast. Norske Statkraft og DNV GL har den siste månaden spådd raske endringar. Enno meir radikal er spådomen frå den uavhengige tenkjetanken Carbon Tracker Initiative.

Dei presenterte sin siste analyse under toppmøtet, og meiner at fossil energi truleg når toppen i 2023 og vil gå ned etter det. Det er slike vurderingar som er bakteppet for at pensjonsfond, selskap og enkelte land sel seg ut av fossil energi: Det kan vere risikabelt å ha pengar i selskap som sel eit produkt som snart er over sine beste år.

Om dette slår til, er det gode nyhende for klimaet – og litt krevjande nyhende for norsk økonomi.

For det andre, naturen. «Skog er 30 prosent av løysinga, får 3 prosent av finansieringa og 1 prosent av merksemda», sa fleire av talarane på toppmøtet, mellom anna WWFs klimasjef Manuel Pulgar-Vidal og FN-topp Erik Solheim. Det kan vere, men på dette møtet stod det vi kan kalle naturlege klimaløysingar uhyre sentralt.

La oss stoppe opp ved kva dette er for ein augneblink. Som du nok hugsar frå skulen, så bind trær og vekstar karbon. Det gjer også jordsmonn, til dømes våtmarker, myrer eller tundraen.

Les også

133 meldinger om naturskader etter stormens herjinger

Når skogar eller våtmarker vert gjort om til landbruksjord – eller berre hogd og utarma – så vert karbon frigjort og bidrar til global oppvarming. Avskoging er faktisk ei av dei større kjeldene til CO₂-utslepp.

Drivaren for avskoging er ofte ønsket om meir landbruksareal for å produsere soya, palmeolje eller storfekjøtt til, men det kan også vere anna type utbygging. Men naturen kan også vere del av løysinga! Å bevare regnskog og våre nordlege boreale skogar er uhyre viktig, nett som det er viktig å bevare anna jordsmonn som bind karbon.

Potensialet er her enormt, og løysingane er kjente og ganske enkle: Å la vere å hogge skog og byggje ned våtmarker og andre karbonrike økosystem.

Les også

BT20: Slik selde den bergenske kompisgjengen kilovis med ulovleg doping på nettet

For det tredje, teknologi. San Francisco-møtet var ein fest i spennande teknologiske løysingar, på nesten alle felt. Nye måtar å produsere energi på, og innovative finansieringsmodellar som får den fram til marknaden.

Blockchain-teknologi som kan merke fisk eller tømmer, utan at merkinga kan fjernast, og slik gje oss trygg informasjon om kva som er berekraftig. Dronar og kart som kan overvake skog og havområde betre enn før, og hindre ulovleg hogst og fiske. Kunstig kjøtt og mat laga av insekt og sjøgras, som kan erstatte vårt alt for høge forbruk av kjøtt som fører til store utslepp.

Teknologisk endring og digitalisering er x-faktoren som kutte klimagassutslepp på nye måtar, og i større tempo enn før. Vi veit ikkje om det vil skje, men potensialet er stort.

VAR EINSLEG: – Før var Unilever-sjef Paul Polman ei einsleg svale som predika at klima var viktig for næringslivet, no har han fått følgje av ein hær av andre sjefar i multinasjonale konsern. Benoit Tessier, NTB Scanpix

For det fjerde, det er dugnadstid. Stadig større delar av samfunnet er påmeldt. Næringslivet er med. Mange store selskap har allereie engasjert seg sterkt, til dømes ved å love å kutte utslepp i eiga verksemd og verdikjede til eit nivå som er i tråd med togradarsmålet.

Dei har også akseptert å la andre sjå dei i korta og sjekke kva dei gjer. Før var Unilever-sjef Paul Polman ei einsleg svale som predika at klima var viktig for næringslivet, no har han fått følgje av ein hær av andre sjefar i multinasjonale konsern.

Gjennom omgrepet «rettferdig omstilling» har også arbeidarrørsla meld seg på i kampen mot klimaendringane. «There are no jobs on a dead planet» sa leiaren av det internasjonale LO i ein sterk tale på eit av sidearrangementa til toppmøtet. Ein serie byar og delstatar over heile verda har engasjert seg sterkt, og Oslo og København var mellom dei byane som markerte seg sterkt på møtet. Mange stader, som i USA, er det delstatane som driv fram klimahandling i mangel på nasjonalt engasjement.

Det er hardt arbeid som ligg framfor oss, men eg reiste frå San Francisco meir håpefull enn eg kom takk vere den sterke viljen til å finne felles løysingar som prega heile toppmøtet.

Som den canadiske medieforskaren Marshall McLuhan har formulert det: «There are no passengers on Spaceship Earth. We are all crew.»