Gullhandlaren som kan senke Erdoğan

Rettssaka mot ein iransk gullhandlar får presidenten i Tyrkia til å skjelve.

Morten Myksvoll
Dagleg leiar, Forum Nye Bergensbanen

STOR FRYKT: Den tyrkiske gullhandlaren Rexa Zarrab skal no møte i ein amerikansk domstol, og frykta er stor for kva han vil seie – både om Tyrkias president Recep Erdoğan og president Donald Trumps sin tidlegare nasjonale tryggleiksrådgjevar, Michael Flynn. STR / TT / NTB Scanpix

Reza Zarrab vart fengsla for drygt halvanna år sidan, då han ferierte i Miami. Skuldinga går blant anna ut på brot på handelssanksjonane mot Iran. Zarrab vart eit kjent namn i Tyrkia nokre år tidlegare, i desember 2013. Då var han ein sentral del av den store korrupsjonssaka som vart rulla opp, som impliserte fleire personar i regjeringa, og nær dåverande statsminister Recep Erdoğan. Han er no president i Tyrkia.

Korrupsjonssaka var starten på det som vart ein open krig mellom det tyrkiske regjeringspartiet AKP, og deira tidlegare allierte, imamen Fethullah Gülen. Erdoğan påstod at heile saka var eit oppkok frå Gülen-lojale i statsapparatet, som forsøkte å kuppe makta. Tre år seinare forsøkte gulenistane igjen, ifølgje dei offisielle forklaringane. I juli 2016 vart parlamentet bomba, Erdoğan sjølv vart forsøkt drepen, og hundrevis av menneske omkom i eit blodig kuppforsøk.

Det viste seg fort at heile militæret ikkje stod bak kuppet, slik dei til dømes gjorde i 1982 – sist gong militæret tok makta i landet. Nei, det var rådgjevarar og andre nær toppen som leia kuppet, skal ein tru tyrkiske myndigheiter, og kuppet var ifølgje dei planlagt av Gülen sjølv.

Mykje av den offisielle historia er truverdig, trass i at det er mange ubesvarte spørsmål. Når Zarrab no skal møte i ein amerikansk domstol er frykta stor for kva han vil seie. Kanskje var heile korrupsjonssaka eit oppkok, men det kan òg godt hende at det var viktige element av sanning i skuldingane.

Rettssaka skulle eigentleg ha starta denne veka, men vart utsett då det vart sådd tvil om nokre av jurymedlemmene hadde tilknyting til Tyrkia. Tidlegare i månaden vart han lista som lauslaten frå varetekt. Dette viste seg ikkje å stemme, men mykje tydar på at Zarrab har valt å samarbeide med amerikanske myndigheiter.

Det utløyste enorme spekulasjonar i USA om at Zarrab kanskje visste noko om ein anna pågåande etterforsking, nemleg den knytt til Donald Trump og hans stab.

Les også

Tyrkia hevdar Gülen-tilhengjarar var involvert NATO-tabbe i Norge

Det er foreløpig uklart om Zarrab har informasjon om Trump sin tidlegare nasjonale tryggleiksrådgjevar, Michael Flynn. Det me veit, er at Flynn har ei kopling til Tyrkia. Då kuppforsøket råka Tyrkia i juli 2016 stod Flynn på scena hjå ein anti-islamsk tenkjetank i Washington, D.C. Der kommenterte han hendingane på direkten, og sa at kuppforsøket var ein god ting, og at det var verdt å applaudere.

Månadar seinare vart firmaet hans hyra inn for å drive lobbyverksemd, indirekte på vegner av den tyrkiske staten. Han gjekk frå å applaudere kuppforsøket til å krevje den mistenkte bakmannen, Fethullah Gülen, utlevert til Tyrkia.

Tyrkias president Recep Erdoğan har, heilt sidan kuppforsøket, komne med sterkt antiamerikanske utsegn, men dei har intensivert seg i tida etter at Zarrab vart arrestert. Kayhan Ozer / TT / NTB Scanpix

Det er ikkje utenkjeleg for ein type som Flynn. Det som gjer det heile meir delikat, er at mannen som arresterte Zarrab – Preet Bharara – vart sparka av president Trump i mars i år. Det er mogeleg at rettssaka gir innblikk i korleis Flynn jobba både som ein utanlandsk agent, samtidig som han var med i Trump sin valkampstab. Det kan til dømes vere at Flynn forsøkte å få embetsmannen Bharara fjerna, på vegner av sin tidlegare arbeidsgivar.

I Tyrkia har dei trykt på alarmknappen, og det manglar ikkje på offisielle utsegn eller aviskommentarar som forsøkjer å delegitimere rettssaka. Erdoğan har, heilt sidan kuppforsøket, komne med sterkt antiamerikanske utsegn, men dei har intensivert seg i tida etter at Zarrab vart arrestert. Arrestasjonen beviser at USA samarbeider med Gülen, meiner han, og skuldar alliansepartnaren sin for å stå bak kuppforsøket.

Det merkelege med det heile, er at Donald Trump ser ut til å gå fullstendig klar av kritikken. Ja, kuppforsøket skjedde før han vart valt, men med all den heftige retorikken som vert brukt mot USA, så er kritikken mot Trump fråverande. Der er orda venlegare, for skulda er at USA er – som Tyrkia faktisk har vore – infiltrert av ein djupstat som Gülen sjølv styrer.

UKLART: Det er foreløpig uklart om Zarrab har informasjon om Trump sin tidlegare nasjonale tryggleiksrådgjevar, Michael Flynn. Men han har koblingar til Tyrkia. Jim Bourg / X90054

Mykje av den andre heftige retorikken som vert brukt av tyrkiske styresmakter må lesast inn i det at Zarrab snart sit på tiltalebenken. Ta Nato-skandala i Noreg, til dømes. Då ein sivil kontraktør brukte Atatürk som ein del av eit fiendebilete for alliansen på øvinga «Trident Javelin» utløyste det kraftige reaksjonar frå Tyrkia. Forståeleg nok. Det var ein enorme tabbe, og det var på sin plass med sterke beklagelsar frå både Noreg og Nato, men skaden var skjedd. No vert øvinga brukt som endå eitt argument for at Nato er ute etter Tyrkia, og dette fôrar konspirasjonen som blir brukt for å delegitimere Zarrab-saka.

Les også

– Det går mot slutten for kalifatet til IS, men freden senkar seg ikke over Midtøsten.

Skadepotensialet hans kan vere enormt, viss berre ein brøkdel av det skuldingane gjekk ut på i 2013 stemmer. Panikken tydar på at Zarrab veit mykje, og det er ingen hemmelegheit at han har vore tett på Erdoğan. Men det treng ikkje bli personleg. Ein av dei andre tiltalte i saka, Mehmet Atilla, er tidlegare nestkommanderande i statseigde Halkbank. Skuldinga er at han brukte banken for å fasilitere kvitvaskinga til Zarrab – i hundremillionerdollarsklassen – og dette kan sende sjokkbølgjer inn i ein bank som er svært sentral i tyrkisk økonomi.

Erdoğan sin suksess er bygd på økonomisk vekst og prestisjetunge megaprosjekt, som bygginga av verdas største flyplass og ein kanal som skal avlaste Bosporosstredet. Det går trått med tyrkisk økonomi for tida og ein bankkollaps vil vere katastrofalt før 2019-valet.