Stille i fjøset

Eg måtte flytte til Bergen for å oppdage kor mykje uvesentleg Oslo-stoff som får plass i riksmedia.

FLAUMEN GÅR: Denne veka var Evanger igjen råka av flaum, og fleire tusen vossakorv måtte bli kasta. Saka nådde aldri Austlandet. Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

For litt over ein månad sidan flytta eg frå Oslo til Bergen. Eg hadde siste arbeidsdag i Oslo ein tysdag. Så sette eg meg i bilen, køyrde over fjellet og tenkte på det nye livet som skulle starte dagen etter.

Turen over fjellet varte og rakk. Gudvangatunnelen var stengt i lange periodar. Mot Bergen var det den eine omkøyringa etter den andre. «Det er vel sånn det skal vere på Vestlandet», tenkte eg og uroa meg mest over at kaffien på termosen var på veg frå lun til pisslunka.

Kvifor hadde eg ikkje fått med meg at det var arbeid i desse tunnelane vest for vasskiljet? Eg hugsar godt at NRK, VG og resten av riksmedia hadde store saker då Smestadtunnelen – eit fem hundre meter langt lokk på Oslo vest – skulle vere innsnevra til eitt felt i kvar retning i 2015.

Ekspertar på kødanning forklarte kva som kunne skje, og folk i Førde og Sveio kunne gle seg over nyttige saker som «Slik forbereder DU deg på køkaoset». Sjeldan har noko så lokalt blitt så nasjonalt. Skjønt, ein og annan skadefro bergensar hadde kanskje glede av å lese om «køhelvetet» austpå.

Tilbake i Sogn: No var det meir enn ein times ventetid på hovudvegen til landets nest største by. Det var det visst ikkje verdt å melde om. Men eg kom meg jo fram. Ein gjer jo som regel det.

Episoden skulle vise seg ikkje å vere eineståande. Sist veke sat eg heime ved kjøkenbordet i Lille Øvregaten. Ute plaska det som vanleg ned, men inne var det godt og varmt. Det var Dagsnytt 18 på radioen. «Har du høyrt den om syklisten som sykla så sakte at han blei irettesett av politiet?» opna programleiaren.

Det skulle handle om ein fyr som hadde sykla i kollektivfeltet på Mosseveien i Oslo, og dette har politiet meldt han for. Les førre setning éin gong til. Landets viktigaste debattprogram spanderte tid på at nokon hadde skapt kø på ein veg i Oslo sør.

Sjølv om programleiaren sa at «no skal vi ikkje forelske oss i denne vegstrekninga», var det sjølvsagt akkurat dét som skjedde: Plutseleg sat det ein gjeng inni radioen min og prata om kor vidt det var rett at nokon på Austlandet kanskje kunne risikere å få ei bot. Ei bot.

Og det var der, heilt plutseleg, at det gjekk opp for meg: Veldig mykje av det eg til no har trudd er riksstoff, er i røynda lokalnytt frå Oslo.

Les også

Flere tusen Vossakorv må kastes

Eg er ein ekte Oslo-gut. Seks veker er det lengste eg har vore utanfor Ring 3 samanhengande. Vi har eit ord for sånne som bur på same plassen heile livet og ikkje skjønar at det finst andre måtar å leve på: heimfødingar.

Det gjev nokre konsekvensar å vere ein heimføding i hovudstaden. Når du skrur på radioen eller opnar avisa, leitar du gjerne etter det som på ein eller annan måte er relevant for deg. Då er det kanskje ikkje så lett å oppdage at journalistikken gjerne handlar om spørsmål som blir hevda å vere nasjonale, men som eigentleg er lokaljournalistikk.

Det er klart det er viktig å betre levekåra på Tøyen i Oslo, men det er trass alt ikkje den einaste bydelen med utfordringar i Noreg. Ny E18 er ikkje den einaste viktige vegstrekninga. Raymond Johansen er ikkje den einaste byrådsleiaren.

Dette er vesentlege spørsmål, men det er ikkje dei einaste spørsmåla. Forsvaret for å bruke skular i Oslo som døme i svært mange saker om utdanning, er gjerne at det berre er eit utgangspunkt for ei nasjonal sak. Men det er like fullt kvardagen i Oslo som blir skildra, og litt for ofte blir saka verande nede på det lokale nivået. Det er storbyprovinsialisme på sitt grellaste.

VI VANDRAR SAMAN: Her står vi gjerne, journalistane, i Vandrehallen på Stortinget. Dette biletet er teke på Siv Jensens pressekonferanse i samband med at Sylvi Listhaug måtte gå av som statsråd i mars. Vidar Ruud, NTB Scanpix (arkiv)

Det har vore ein overgang – men ingen undergang – å flytte til Bergen. Eg har lært meg at det er heilt vanleg med forbikøyring i tunnelane. Eg har nesten slutta å sjå ut vindauget om morgonen og tenkje «ok, sånn blir vêret i dag». Folk seier «god middag» når dei går frå jobb om ettermiddagen.

På torsdag var det eit bogekorps som var ute og øvde i solskinet. Eg er ikkje heilt van med lyden, men eg trur eg kan lære meg å like det. Ting er annleis her. Og vi høyrer lite om det i Oslo. Kvifor?

Dagbladet forsvann frå Bergen i 2005, og tre år seinare gjekk det same veg med Aftenposten. Vårt Land la ned i 2013. I 2016 la VG ned bergenskontoret sitt. På denne dystre lista høyrer det med at Klassekampen, min gamle arbeidsgjevar, faktisk opna kontor her vest i fjor. Og endå viktigare: Her om dagen fekk TV 2 på plass ein avtale med staten om fem nye år med drift frå Bergen, og framleis er NRK tungt til stades på Vestlandet.

Men biletet er tydeleg: Riksjournalistikken blir i svært stor grad driven frå Oslo. Så kva gjer det med oss? Vestnorsk liv blir ikkje formidla godt nok utanfor landsdelen. Det same gjeld i og for seg det som rører seg i Trøndelag, i Nord-Noreg, i Agder eller på Austlandet utanfor Stor-Oslo. Kjelder i politikk, akademia og næringsliv blir mindre brukt om dei ikkje sit på Blindern eller Aker Brygge.

Sjølvsagt er det skilnad på korleis ein snakkar om ei nedbemanning om ein er kommunikasjonsdirektør og står ved Hydros hovudkontor på Vækerø i Oslo eller er klubbleiar og står i hallane på Husnes. Men det er ein tendens til at det fyrste blir rekna som nasjonale nyhende, medan det siste er lokalstoff.

Denne teksten er ikkje eit forsøk på å piske opp eit Oslo-hat. Og framleis er det mange stemmer i Oslo som ikkje blir høyrt: Ei åleinemor i Groruddalen er ikkje nær makta berre fordi ho bur ein t-bane-tur frå Stortinget.

Men medan eg skriv dette, er hovudsaka på Dagbladet.no at eit vogntog har velta i ei rundkøyring på Kalbakken i Oslo. Saka ligg også høgt på VGs nettavis, medan Aftenposten og NRK for tida satsar tungt på å dekkje at Røkke har lyst til å byggje eit høghus på Fornebu.

Her i vest har det berre gått nokre ras som har stengt viktige vegar. På Evanger er det flaum. Og elles sit vi no her i den atmosfæriske elva vår og ventar på at jordskreda skal råke landsdelen.

I mellomtida får vi vente på kva NRK har å melde om han syklisten på Mosseveien. Det er visst snakk om at han skal anke.