Kulturens slaktehus

KOMMENTAR: Bergen treng folk med visjonar og draumar. Då må vi også tole om nokon må gi slepp. Det er ei tid for alt.

FATTIGARE: Bergen blir fattigare om Bergen Kjøtt skulle forsvinne, som det upolerte og rå kulturhuset det er. Byen er også fattig om ein ikkje har folk som tenkjer og gjer det umoglege, skriv Hilde Sandvik. MARIE HAVNEN

«Wow. Finst dette verkeleg i Bergen?» Det tenkte eg første gongen eg — altfor seint - var på Bergen Kjøtt på konsert. Publikum, scena, romma, det rå uttrykket, alt gav meg kjensla av å vere i ein større by i endring: Meatpacking District i New York, til dømes, eller Kjøttbyen i København, tidlegare industriområde som er gjort om til levande kulturbygg; galleri, konsertlokale eller teaterscener.

Alle kulturverksemder skal ikkje bli til gråhåra og polerte statsfinansierte institusjonar

Det same tenkte eg under opninga av utstillinga «Life is the only way» i fryselageret på Bontelabo, samstundes med at Bergenstriennalen opna: For nokre rom å vise kunst i. Å kome opp i etasjane og sjå vindauga mot sjøen, og så inn i dei store hallane, der initiativtakarane; Annine Birkeland, saman med Malin Barth frå Stiftelsen 3,14, hadde stått på døgnet rundt for å gjere det klart til utstillingsopning.

Å sjå potensialet, og så gå i gang med så store løft, orkar dei færraste. Det er for krevjande, for dyrt, til og med kanskje både urealistisk og uklokt.

Likevel er det slike store - og mindre - grep som skaper dei beste byane eg veit om i verda. Berlin, New York, London eller København ville ikkje ha vore det dei var, om det ikkje var for bydelane der kulturen veks inn i gamle garasjar, slaktehus, fabrikkar.

I Madrid er for tida noko av det mest spennande ein kan sjå av kultur i eit gammalt slaktehus i Arganzuela-distriktet. Ni kulturinstitusjonar er fordelt over tjue stader med teater, galleri, verkstader og kinoar kring ein stor, open plass.

I Leeds har nyleg ei heil gate, Melbourne Street, blitt sett av til kultur under mottoet «Regeneration through the arts»: Initiativet kom frå kunstnarar, men hus­eigarane vart overtydde om at det var noko å satse på.

Vi treng ikkje gå lenger enn til den tidlegare sardinfabrikken United Sardine Factory i Bergen for å vite at kulturen kan ha gode vekstvilkår i tidlegare industrilokale. Eller ein kan også hugse korleis det såg ut i den gamle Teatergarasjen, eller i galleriet Tag Team Studio, som arrangerte utstillingar i det som var det gamle kampsportsenteret i Bergen.

Slik veks byar fram. Slik veks også kulturen fram. Nokre stader, som USF, blir etter kvart så institusjonaliserte og skikkelege at ein gløymer at det ein gong lukta fisk i dei no polerte lokala. Dei kjem seg inn på statens - eller kommunens budsjett og blir vaksne, til og med gråhåra. Andre forsvinn, nokre stille, andre med bråk og bruduljar. Det er kulturlivets økologi: Et eller bli eten.

Det er likevel ofte i kjellarane, der det luktar mugg, i rå murrom, at mykje startar.

På Bergen Kjøtt har musikarar, som ikkje fant seg til rette i bingane til Bergen kommune på Møhlenpris, hatt god plass. Dei fleste banda ein reknar inn i den nyaste Bergensbølgen, har hatt tilhaldsstad der. Også ei rekkje kunstnarar. Det hadde dei ikkje hatt, var det ikkje for at Annine Birkeland - som sjølv har vore kunstnar - hadde sett potensialet og insistert på å leige huset, som stod tomt.

No er Bergen Kjøtt i ferd med å bli ein liten institusjon i seg sjølv. Det var ikkje minst merkbart under Bergenstriennalen, Bergen Assembly. I utgangspunktet var ikkje Bergen Kjøtt på lista over institusjon­ane det russiske kuratorteamet hadde fått vite om. Det var Birkeland sjølv som kontakta dei og fekk synt potensialet i det gamle industrilokalet. Resultatet var det rommet som fungerte aller best i løpet av triennalen.

Kva skjer så når slike store prosjekt er underfinansiert i utgangspunktet?

At det er tøft å drive fram, og både vere entreprenør, gründer og ansvarleg, veit alle som går i gang med større verksemder. Då Stiftelsen 3,14 låg med knekt rygg, måtte nye til for å berge galleriet. Løysinga var at dei som først tok initiativet, ikkje kunne halde fram. At det var deira idé, kunne likevel ingen ta frå dei.

Spørsmålet kring fortsetjinga av Bergen Kjøtt handlar om korleis ein tek vare på og driv fram dei beste ideane, slik at dei kan bli levedyktige. Det handlar sjølvsagt også om kven det er som er best eigna til å drive staden vidare - med eller utan kommunens godkjent-stempel.

Alle kulturverksemder som veks fram, skal ikkje bli til gråhåra og polerte stats­finansierte institusjonar. Men ein kan heller ikkje drive underfinansiert over tid og med ubetalte rekningar.

Kulturen treng også billege rom, der det går an å eksperimentere, utan at det kostar skjorta. I Oslo finst ikkje lenger det som vart kalla for kulturhuset «Borgen», på nordsida av Middelalderparken. Bygget frå 1916 husa 200 kunstnarar og kulturprodusentar. Oslo kommune vart litt fattigare då det forsvann, for å gi rom til ein nyfrisert og strigla bydel, den såkalla Barcode.

Bergen blir fattigare om Bergen Kjøtt skulle forsvinne, som det upolerte og rå kulturhuset det er. Byen er også fattig om ein ikkje har folk som tenkjer og gjer det umoglege.