Kristen kulturkamp.no

Kristenfolket representerer den eigentlege kulturkampen.

  • Hilde Sandvik
EKTESKAPSLOVA: Organisasjonen «Ja til ekteskapet» var blant dei som demonstrerte mot den kjønnsnøytrale ekteskapslova. Då lova vart vedteken, toppa frustrasjonen seg blant mange kristne. ARKIVFOTO: SCANPIX
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 12 år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

EI KRISTEN SLEKTNING blei ein gong sett på plass fordi ho ikkje las Dagen. «Eg les Bibelen, så eg slepp heldigvis å lese Dagen», svarte ho.

Eg er sikker på at ho ville ha avfeidd den nye organisasjonen kristenfolket.no på ein like elegant måte. Har ein Bibelen, slepp ein kanskje også Kristenfolket.

Onsdag la NorgeIDAG sin redaktør Bjarte Ystebø fram velgjarguide for kristenfolket.no. Den konkluderte som kjent med at kristne bør stemme borgarleg, særskilt KrF og Frp. Sidan har debatten gått, blant anna på nettsidene til Vårt Land, mellom kristenfolk som vil ha seg fråbedne å bli omfatta av kristendefinisjonen til Ystebø og co.

SIGNATUREN J. KRISTENSEN kallar det eit frekt tjuveri av namn.

«Kristne verdier handler for meg om å virkeliggjøre Jesu nestekjærlighet også gjennom politikken», skriv han, som høyrer til arbeidarrørsla. Espen Ottosen, informasjonsleiar i Misjonssambandet er også avventande, ikkje til prosjektet, men til utveljinga av hjartesaker (hovudsakleg omkamp om ekteskapslova, aktiv dødshjelp og kampen for Israel). Vi kan ikkje bruke Bibelen til å avgjere kor den israelske ambassaden skal vere, slår Ottosen fast.

DEBATTEN OM KVEN det er som er «rett kristen» og ikkje, er ikkje ny for dei av oss som har vakse opp i bedehusland. Når gjengen bak kristenfolket.no tilsynelatande ikkje ser ut til å nøle i val av hjartesaker, er det eit symptom på den type retthaveri som slektningen min møtte: Korleis kunne ho vere kristen når ho ikkje hadde Dagen til å tolke Bibelen for seg? Og korleis kan ein vere kristen og sosialist? ville gjerne Ystebø ha spurt.

AT JOURNALISTEN i NRK valde å gjere eit poeng ut av pengemakta bak organisasjonen, er likevel symptomatisk for mangelen på interesse og forståing for kulturkampen organisasjonen er eit uttrykk for. At det er kapitalistar blant pietistar er ikkje nokon nyhende, men det er neppe næringsvitet som ulmar under ønsket om borgarleg regjering. I første rekkje er rørsla resultat av høgredreiinga blant delar av kristne veljarar, som no ønskjer at KrF skal samarbeide med Frp.

Sidan 2000 har Frp tatt veljarar frå det kristne fastlandet. Den store overgangen skjedde mellom 2001 og 2005, hevda valforskar Hanne Marthe Narud i Klassekampen på tysdag. I 2001 hadde KrF 48 prosent oppslutning blant aktive, organiserte kristne. Fire år seinare var den halvert, medan trenden var motsett i Frp. Forholdet mellom partia er spent. Då spørsmålet om samarbeid med Frp var oppe under KrF sitt landsmøte i vår, stemte knapt ti prosent for eit slikt samarbeid.

NÅR ORGANISASJONEN Kristenfolket sidestiller Frp og KrF, er det ikkje tilfeldig. Organisasjonen Kristenfolket stig ut frå den same frustrasjonen som delar av Framstegspartiet har vakse seg stort på: Kjensla av å vere sett på utsida, utdefinert og stemmelaus. Då K-en forsvann frå KRL-faget og blei til RLE, førte det til irritasjon blant mange kristne, men også resignasjon. Frustrasjonen toppa seg etter at den kjønnsnøytrale ekteskapslova blei vedteken. I etterkant er prosessen blitt kalla for eit politisk kupp. Nina Karin Monsen blei ein talsperson for opprøret. Det er lita tvil om at den fløya, som også Kristenfolket kjem frå, fekk kraftig draghjelp og auka sjølvmedvit, då Monsen fekk Fritt Ord pris.

Nina Karin Monsen er eit stykke unna å bli det Carl I. Hagen blei for det politiske opprøret som skulle bli ei masserørsle i landet. Utan henne ville det likevel vore mykje vanskelegare å få opp ekteskapslova som kampsak igjen. Viktigare: Ho har sett hol på den verkebyllen som heiter kulturell avstand.

AVSTANDEN til det politiske og kulturelle establishmentet, representert ved den sitjande regjeringa, blei særs tydeleg under debatten på NRK onsdag. Trond Giske, like retthaversk på sitt sett som Kristenfolket, freista der å feie Ystebø av banen ved å påkalle likeverd og klistre kristenfolket som homohatarar. Det går gjerne heim hjå hans eigne, men det har neppe tilsikta verknad på kristne veljarar på vippen. Og kven sitt likeverd er det Giske snakkar om, vil dei, heilt rettmessig, kunne spørje. Kvar på si side hevdar Ystebø og Giske å representere sanning og rette verdiar. Giske og Arbeiderpartiet er ikkje tent med å avfeie motreaksjonar frå den konservative kristne fløya på same måten som dei i si tid avfeidde Frp. Giske har berre auka avstanden.

Publisert
BT anbefaler

Aleksander (35) fra Bergen omkom på fjelltur

Mannen var alene på fjelltur mellom Malmangernuten og Melderskin i Rosendal da han omkom.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. 11-åring til legevakt etter trafikkuhell på Askøy

  2. Pilotene villige til å la SAS gå dukken

  3. – Veien har på rekordtid blitt den største campingplassen i Bergen

  4. I 1991 kom han til Bergen. Lørdag ble han siktet for terror.

  5. Dette gjer du om du trur du har korona

  6. Er det umulig å holde seg slank etter overgangsalderen? Dette svarer legen.