Gratulerer EdvardGratulerer TøyenGratulerer Noreg

Endeleg blir det bygd nytt Munch-museum i Oslo. Resten av landet kan merke seg at det løner seg å stå på bakbeina og trenere.

  • Hilde Sandvik

ENDELEG: Resten av landet kan merke seg at det løner seg å stå på bakbeina og trenere. Foto: SCANPIX

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over syv år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Eg imøteser den!», svarte ei blid kulturminister Hadia Tajik (Ap) i går på Kulturnytt på NRK P2. Spørsmålet programleiaren stilte henne var korleis ho kjem til å stille seg til søknad frå Oslo kommune om statlege gåver til nytt Munch-museum i Bjørvika.

Les også

Nå er de enige om nytt Munch-museum

Føresetnaden gav ho alt i midten av mars. Med fleirtal i botn frå søknaden frå Oslo kommune, ville svaret bli ja til statlege midlar til Munch-museet, sa ho. I reine pengar vil det tyde opp mot 30 prosent av totalkostnadene på 2,2 milliardar kroner (eller totusenmillionar kroner, som Carl I. Hagen helst seier det.)

«Staten går til det vanlige skritt at vi forteller hva utfallet av en søknad kommer til å bli, før vi egentlig har en søknad det går an å behandle", sa ho til NTB 13. mars.

Med løftet om statlege midlar i ermet, vart det veg i vellinga for eit Oslo SV, som i denne saka har vingla att og fram. I byte mot at byrådet løyver midlar til påtrengt og viktig opprusting av bydelen Tøyen, kom det bystyrefleirtalet som skulle til for å få blidgjort kulturministeren.

Kva kan resten av landet lære av denne soga?

Rotar ein tilstrekkeleg, kjem staten og ordnar opp. Det bør difor vere ein gledas dag for alle som forvaltar nasjonal arv. Bryggen i Bergens venner bør juble, museumssjefar likeins — og fortidsminneforeininga.

Forklaringa Tajikgav på Kulturnytt i går for kvifor det er naudsynt - ja naturleg - at staten no grip inn, er at Edvard Munch er ein nasjonal arv. Dette er i så fall ei utviding av det statlege engasjementet som ikkje er prinsipielt, men spesielt grunngjeve.

Verka etter Munch er ikkje i ferd med å gå i oppløysing, samlinga er ikkje utsett for naturskade eller brann. Det einaste som har skjedd, er at Oslo kommune ikkje har greidd å føte seg. Det som stod på spel var Oslos - og dermed landets - prestisje. Det må vere flaut å vere kulturminister i eit land som ikkje greier å få bygd skikkeleg museum for den største biletkunstnaren ein har.

Museumsrotet er ikkje berre ei kulturhistorisk skandale, det er også ein økonomisk skandale. Oslo har ikkje makta å realisere den store pengeverdien som finst i eitt av dei største namna i verdskunsten.

Kva er bakteppet? Politisk hestehandel og politisk usemje i ein av verdas noverande rikaste byar, som i over 70 år har misleghalde den arven dei fekk frå Edvard Munch. I siste runde var det Carl Ivar Hagen (Frp) og Libe Rieber-Mohn (Ap) som tapte striden. For Oslo Ap må nederlaget vere hardt å svelgje - dei er bakspelte av sin eigen kulturminister.

Om ikkje denne saka skaper presedens, er det naudsynt å spørje: Kvifor skulle då staten måtte gripe inn? Eller er det slik at regjeringa driv med spesialoppvarting av Oslo kommune?

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Legen Rune Larsen (60) var sikker på at han skulle kokes da han ble innlagt på sykehuset

Infeksjonen er kraftig. Rune Arild Larsen innser at han må komme seg på sykehus.

Mest lest akkurat nå

  1. – Hvorfor må vi vise id for å få kjøpe øl?

  2. Krever «umiddelbart» svar fra byrådet om koronaregler

  3. Se kl. 12: Siste nytt om koronasituasjonen

  4. Acosta er ferdig i Brann

  5. Hertuginne Meghan spontanaborterte

  6. – Skyss kan takke seg selv for at folk sniker