Bygdeministeren

Ein Høgre-mann med adresse på Bygdøy kan bli Bygde-Noregs redningsmann. Om han vil.

NØKKELPERSON: I januar blei Nikolai Astrup Noregs fyrste digitaliseringsminister. Her viser han fram nøklane på sin fyrste dag i ny jobb.

Heiko Junge, NTB Scanpix (arkiv)
  • Les også svaret fra Kjersti Toppe (Sp) i kommentarfeltet nederst.

Hugsar du korleis det var å levere sjølvmeldinga i gamle dagar? Side opp og side ned med små og store summar, og til slutt var du ganske usikker på om du fekk baksmell eller pengar tilbake.

I dag er skattemeldinga for dei fleste av oss eit par tastetrykk på telefonen. Men bak denne forenklinga ligg det enormt mykje arbeid. Det handlar ikkje berre om å lage ei trygg og praktisk løysing.

Det var minst like viktig å byggje samarbeid og tillit mellom bankar, arbeidsgjevarar, organisasjonar, styresmakter og oss skattebetalarar. Tillit er framleis ein grunnplanke i korleis vi driftar Noreg.

Les også

Tidenes største norske regjering

22. januar i år fekk vi vår fyrste digitaliseringsminister. Nikolai Astrup kom frå jobben som utviklingsminister, og får i oppgåve å drive fram slike løysingar som skattemeldinga er eit døme på. Det trengst.

Det er lett å harselere med at Erna Solbergs regjering no er oppe i 22 statsrådar, og at det tilsynelatande finst ein ministerpost for kreti og pleti. Men ryktet seier at dette var noko Solberg hadde ønskt seg ei stund.

Ved å utnemne ein eigen digitaliseringsminister, skaffar regjeringa seg fallhøgd. Det er bra, for det aukar sjansar for at vi får betre og enklare løysingar. Og er det nokon som bør omfamne Astrup litt ekstra, er det bygdefolket.

Les også

Jens Kihl: Det Vedum ikkje vil høyre

For tida er Senterpartiet den store vinnaren på meiningsmålingane. Hos Vårt Land fekk dei denne veka 16 prosents oppslutning. Det må tolkast som eit uttrykk for at svært mange i Noreg er uroa for sentraliseringa og dei store strukturreformene.

Men korleis svarer Senterpartiet på dette spørsmålet? Litt for ofte er det gårsdagens løysingar. Sp kjempa i si tid hardnakka mot post i butikk. Korleis skulle det gå om postkontora forsvann?

I dag veit vi svaret: Det blei mykje betre. Lengre opningstider og god dekning over heile landet var ei betre løysing enn å tvihalde på den gamle ordninga.

Les også

Katastrofetall for KrF: Mister syv av åtte stortingsplasser på ny måling

Dei siste åra har Sp stått på for at pensjonistane framleis skulle få pensjonsslippen på papir, og med hjelp frå KrF vann dei til slutt fram. Noreg bruker dermed mellom ti og femten millionar på at pensjonistar kvar månad får vite at dei får utbetalt nøyaktig same sum som månaden før.

Tenk at Stortinget har vedteke at det ikkje finst ein einaste ting i heile verda dei pengane heller burde vore brukt på.

No står slaget om passkontor. Det er ikkje bra om folk i distrikta får lang reiseveg for å skaffe seg nytt pass. Men samstundes må ein spørje seg om løysinga er å halde liv i passkontora.

Kva om du kunne fylt ut eit enkelt skjema på nett, lasta opp bilete av deg sjølv og fått passet i posten etter nokre dagar? Kanskje trengst det eit fysisk oppmøte for å sikre at du faktisk er personen i passet, men det bør vel kunne ordnast. Kan hende rådhuset er svaret?

På same måte treng mange norske lokalaviser hjelp til å klare det digitale skiftet. Det handlar ikkje berre om at postomberinga er i ferd med å forsvinne, men òg om at avisene kan gje eit betre tilbod. Sikrare levering og høgare aktualitet må vel vere bra for alle?

Les også

– De aller beste elevene skal ta yrkesfag. Det er slik vi kan lykkes i fremtiden.

Høgresida treng å lage seg ein betre distriktspolitikk. Den bør ikkje ha som mål å konkurrere med Sp om å konservere mest mogleg. Men gjennom digitalisering kan folk over heile landet få eit likeverdig tilbod.

Fiberutbygging i små og store kommunar gjer det lettare å etablere kompetansearbeidsplassar utanfor dei store byane. Dersom regjeringa prioriterer rett, kan digitaliseringa vere ein nøkkel til ein mindre sentralisert og Oslo-styrt stat.

Fjernstyrte operasjonar utført ved lokalsjukehuset kan gjere det lettare å sikre eit fagleg forsvarleg sjukehustilbod i distrikta. Med smarte løysingar i huset kan eldre bu heime lengre enn før. Arbeidsfolk treng ikkje reise til storbyen for å ta etter- og vidareutdanning når undervisninga er nettbasert.

Les også

Debatt: Slik kan vi få fart på bygdene

Noreg er også velsigna med ei framtidsretta fagrørsle. LO kjempa ikkje mot å automatisere bomstasjonane. I staden arbeidde dei for at dei som sat i luka og tok imot kronestykka skulle få nye jobbar.

Den tankegangen er svært verdifull. Velferdsstaten og næringslivet er fulle av uløyste oppgåver. Norske arbeidstakarar er omstillingsdyktige og treng ikkje utføre gårsdagens arbeidsoppgåver.

Det bør bli hardare konkurranse om å ha den beste distriktspolitikken. Astrup kan vere mannen som tek opp kampen med Sp-Vedum.