Ingen trugsel mot demokratiet

KrFs vegval kan få store konsekvensar, men ikkje for demokratiet vårt.

Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

SER TIL VENSTRE: Knut Arild Hareide (KrF) vil forlate samarbeidet med høgresida, som har vart i fem år. Frå v. Erna Solberg (H), Trine Skei Grande (V) og Siv Jensen (Frp). Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix (Arkiv)

KrFs landsmøte kan avsetje statsminister Erna Solberg (H) i haust. I eit uvanleg krast intervju med DN seier Solberg at mange «vil kunne oppleve dette som mangel på demokrati». Det er ein påstand statsministeren ikkje bør gjenta ukritisk. Sjølv om mange kan oppleve det slik, betyr ikkje det at det stemmer.

KrF må samtidig ha respekt for at regjeringas framtid ikkje berre kan vere ein intern debatt i eitt parti. Det er heilt naturleg at andre parti har meiningar om KrFs retningsval. Om alle forsøka på å påverke KrF er smarte, er noko anna.

Regjeringar må vanlegvis gå etter eit val eller på grunn av ei politisk sak, og ikkje eit landsmøte. Men demokratiet tar ikkje skade av at det skjer endringar midt i perioden.

Sist gong noko slikt skjedde var i januar, då Venstre gjekk inn i Solbergs regjering. Solberg reagerte ikkje akkurat negativt på det. Og dei som reagerte då, reagerer ikkje på KrFs mogelege venstredreiing. Ingen skal skulde partia for å opptre prinsipielt her.

Les også

Debatt: Nei, vi er ikke desperate

KrFs problem er at dei må møte veljarane om både eitt og tre år. Då har nok KrF anten felt statsministeren dei gjekk til val på, eller gått inn i regjering med Frp, som dei gjekk til val mot. Partiet kan måtte betale prisen for å lure både seg sjølv og veljarane, etter at dei i 2017 gjekk til val på eit urealistisk sentrum-høgre-alternativ.

Dersom ei regjering ikkje har eit mandat hjå veljarane, kan det straffe seg til neste val.

Den største svakheita i KrFs interne prosess, er at partiet ikkje har beskytta medlemsdemokratiet. KrF har fått ca. 1000 nye betalande medlemmer, og i ei lang rekkje lokallag kan heilt nyinnmelde medlemmer stemme på årsmøtet. I Sandnes var det nyinnmelde medlemmer som førte til at laget støtta Hareide. I Kristiansand danka nyinnmelde medlemmar ut tillitsvalde som delegatar til fylkesårsmøtet i Agder, for å støtte høgresida.

Skuldingar om kupp undergrev resultatet, og det skapar unødvendig stor splid internt i partiet. Det kan ta lang tid å lækje.

Publisert: