Speakeren i kista for Theresa May

Sjansane aukar for at Storbritannia snublar ut av EU – og ingen veit korleis det vil gå.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

SA NEI: Speaker John Bercow nektar regjeringa ei ny avstemming om brexitavtalen med EU. REUTERS TV / X00514

Statsminister Theresa May hadde ein plan. Etter å ha fått gjennomslag for å spørje EU om å utsetje brexit i førre veke, ville ho gi parlamentet éin sjanse til for å stemme for avtalen hennar.

Det sette Speaker John Bercow ein stoppar for måndag.

Han leier møta i Underhuset, slik presidentskapen leier møta i Stortinget.

Bercow har hatt denne posisjonen sidan 2009, og har blitt ein kultfigur i britisk politikk. Det britiske Underhuset kan vere ei bråkete forsamling, med hoiing, skriking og buing.

Jobben hans er å vere ordstyrar, og sørgje for at reglane vert følgt. Det fører med seg mange kontroversar.

Han blir av fleire skulda for å påverke utfallet av brexit. Då ristar han berre på skuldrene, avviser påstanden og går vidare.

Grunnen til at Bercow nektar regjeringa nok ei avstemming om EU-avtalen, er at parlamentet i førre veke avviste den – med overveldande fleirtal.

Han kunne vise til presedens frå 1604, men logikken er enkel: Dersom regjeringa taper ei votering i Underhuset, må dei endre framlegget for å ta det opp att.

Å tvinge dei folkevalde til å stemme på ein avtale dei allereie har avvist i to utgåver endå ein gong, er bortkasta tid.

– Avgjersler i Underhuset betyr noko, sa han.

Då Bercow avviste ei tredje votering var det tolv dagar til britane snublar ut av EU – utan ein avtale.

Likevel er det usikkert kva som faktisk blir utfallet. Avgjerda sende Mays regjering rett inn i krisemøte.

Det er lite truleg at regjeringa rekk å forhandle seg til nye formuleringar frå EU, slik at Bercow vil tillate ei ny avstemming. Det er òg lite truleg at ein lett sminka avtale vil få særleg meir støtte enn dei to som allereie har blitt forkasta av parlamentet.

Les også

Morten Myksvoll: Rulett Britannia

No må Theresa May satse alt på å utsetje brexit. På torsdag møter ho EU for å be om den utsetjinga Underhuset sa ja til i førre veke. Det blir ikkje lett å overtyde EU-landa om at ho har ein plan for brexit, når ho ikkje eingong klarer å handtere sitt eige parlament.

Avgjerda til Bercow kan vere speakeren i kista for Theresa May.

Politisk redaktør i BT Frøy Gudbrandsen deler hver torsdag sine tanker om det som skjer i politikken og tipser om aktuelle kommentarer. Meld deg på nyhetsbrevet her!