Landet utanfor skisporet

Nokon austpå har bestemt at du må like langrenn for å vere norsk. Heldigvis er det snart slutt.

Publisert Publisert

KLABBEFØRE: Ein nasjonal elite fann ut at langrenn var kjernen av norskdom. No er Petter Northugs Instagram-meldingar alt som er att, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Marvin Halleraker

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Kva skal norske sportsjournalistar gjere når Petter Northug legg opp? Han burde lagt opp. Fyren er jo i 30-åra og over middagshøgda. Han er vraka frå helgas opningsrenn i Finland. Blodfansen hyler og skrik. Northug svarar med å idioterklære sjefar, og lagkameratar som er tatt ut i staden for han.

Eg har aldri forstått vitsen med langrenn. Spesielt ikkje etter at nordmenn byrja å vinne alt. Etter at Aust-Europa, Finland og Italia vart utradert av dopingavsløringar. Etter at svenske ungdommar slutta å gå på ski.

Snart er det berre bønder frå norske fjellbygder som driv på med dette, og dei blir det som kjent raskt færre av.

Men norsk langrenn har Northug. Rabagasten. Dritsekken. Han som gjer spektakulære ting. Ikkje berre ei maskin som hamrar inn siger etter siger, som Marit Bjørgen eller Bjørn Dæhlie.

Det er rett nok ei stund sidan vi har sett det berømte Northug-rykket. I fjor vann han ingenting. Og denne helga får han altså ikkje ein gong vere med. Men heldigvis for norsk presse er han full av seg sjølv, og viser det for all verda gjennom sosiale medium.

Vinteridrett er ein berebjelke i den norske sjølvforståinga. Vi på vestlandskysten ser rett nok knapt eit snøflak heile året, men det er ikkje vi som har skapt den nasjonale identiteten. Den er framfor alt skapt i hovudstaden.

I den nye boka «Gullracet» får DN-journalist Lars Backe Madsen fram kor viktig ein liten elite på vestkanten i Oslo har vore for utforminga av skisporten i Noreg, med uvurderleg hjelp frå nasjonsbyggjarane i NRK.

TRØNDERBONDE 1: Verdas mestvinnande langrennsutøvar gjennom tidene, Marit Bjørgen. Her i fint driv i skielitens storstove, Holmenkollen. Foto: Berit Roald, Scanpix

Denne eliten fann ikkje opp det å gå på ski, eller renne ned bratte bakkar. Det har folk nord på kloden gjort i tusenvis av år, og blant utøvarane norsk skisports urtid dominerte husmannssøner frå innlandsbygdene og i Trøndelag, ikkje ulikt i dag.

Men ski-misjonærane i Skiforeningen og den obskure og mektige skiklubben Ull, der Fridtjof Nansen var medlem, gjorde skiløping til nasjonalsport. Til eit grunnkrav for å kunne rekne seg som nordmann.

Og dei eksporterte skileiken til andre land med snø, slik at vi hadde nokon å konkurrere med. Noreg tok då òg initiativet til opprettinga av vinter-OL i 1914, ifølgje Madsen.

I det heile er dette eit godt døme på kor dominerande innlandskulturen var når 18- og 1900-talets nasjonale strategar forma vår forståing av det å vere norsk.

Men når Grønlandsisen no smeltar og kondomdressane i hovudstaden vassar i sørpe i byens mørke, triste skogar, vil dei òg byrja kjenne på det vi på kysten alltid har gjort:

At dette med langrenn eigentleg ikkje har noko med oss å gjere. Det er ein spesialsyssel for folk i fjellbygdene. Og etter kvart som klimaet blir varmare, heller ikkje der.

Klimaendringane er heldigvis ikkje det einaste som trugar statusen langrennet har som nasjonalsport. I jakta på flest mogeleg medaljar har Skiforbundet soge sjela ut av idretten.

Dei har drive på så lenge at det er lett å gløyme når det byrja. Madsen plasserer startpunktet i 1988. I oppvasken etter eit, med norsk målestokk, elendig OL i Calgary i 1988. Det første (og siste) vinter-OL utan norske gullmedaljar.

Etter denne misera byrja norsk langrenns overgang frå handverk til industri. Amatørfakter vart reinska vekk med stadig meir vitskapleg presisjon. Vinnarar skulle dyrkast. Pengane byrja å strøyme inn, i takt med at staten og folket vart stadig rikare på olje.

Sjølv språket vart endra i langrennsleiren. Ord frå konsulentbransjens kiosklitteratur vart vanlege, som «prestasjonskultur», «virksomhetsområder» og «kompetanseoverføring».

TRØNDERBONDE 2&3: Petter Northug og Therese Johaug (rabagasten og gla’jenta) er så rotnorske karakterar at dei kunne gått rett inn i eit julehefte. Foto: Vegard Wivestad Grøtt, Scanpix

Gamle ideal om ein oppbyggjande folkeleg sport måtte vike for elitesatsing, spesialslipte ski og utnytting av hol i dopingregelverket. Høgdeopphald gjev same effekt som bloddoping, men er lovleg. Har du astma er medisin lov, men òg her har idrettslegane tøygd grensene.

Til OL i Vancouver i 2010 hadde dei 99 norske utøvarane med seg eit medisinsk team på størrelse med mange andre lands OL-tropp, 22 personar. Det byrja å nærme seg gamle Aust-Tyskland, som landslaget rakk å hente inspirasjon frå før muren fall.

På 1980-talet fnyste nordmenn av dei austtyske løparane, som openbert var dopa. Som vann alt. Maskinmenn og -kvinner frå DDR og Russland dominerte langrenn og vart eit fast skurke-innslag i James Bond-filmane. Slikt hadde ingenting med idrett å gjere, sa vi her på berget.

Så kva då med det norske eventyret?

Eventyret viser i det minste at norske verdiar er ganske fleksible. Det vil seie: verdiane er på mange måtar dei same. Idrettsheltar skal vere reine, ærlege, hardt arbeidande. Dei skal vinne fordi dei er best. Men vi vil at dei skal vinne.

Ein av dei fremste eksponentane for dette idealet var Bjørn Dæhlie, Noregs nest mest vinnande olympiar etter skiskytaren Ole Einar Bjørndalen. I sin sjølvbiografi skildrar Dæhli kor mykje landslagets nyvinning, spesialslipte ski, hadde å seie for at han vann:

«For meg var det åpenbart at den teknikk og kunnskap som lå bak forspranget vi hadde opparbeidet oss, måtte holdes hemmelig så lenge som mulig» (sitert av Madsen).

VELSTAND: Smøretraileren til langrennslandslaget, eit fint symbol på rikdomen stat og næringsliv har dryssa over Noregs nasjonalidrett. Foto: Erik Johansen, Scanpix

Viss du vinn fordi du har meir pengar, betre ski og betre legar, vil det heile kanskje verke litt tomt og meiningslaust for folk med ei sentimental og idealistisk innstilling til idrett. Skal konkurransar kåre den beste idrettsmann eller -kvinne, bør vel konkurransevilkåra vere like? Elles kårar du vel det beste hjelpeapparatet?

Ingen kjente meir på dette dilemmaet opp gjennom åra enn dei nasjonale skistrategane, knickersadelen i Ull. Men, som Madsen viser, dei evna å tilpasse seg. Slik held dei på styringa.

Men no lyt vi vone at dei har snart pakkar anorakken, og stengjer butikken. Rekrutteringa til langrennet går ned, og snart er Petter Northug ferdig for godt.

Då kan vi endeleg få fred, alle vi som vil få eit betre liv når langrennet forsvinn frå nettaviser og skjermar.

Kanskje vil nokon i indre strok og opp langs Holmekollbanen få eit meir vaklande nasjonalt sjølvbilete, men vi på kysten kan i alle fall kjenne oss fri.

Publisert