Heia Cecilia!

Lise Åserud, Scanpix

Asbjørn Kristoffersen

Eg er mot proffboksing. Veldig. Men eg er for Cecilia. Veldig. Fordi ho er så pen. Og fordi ho er frå Bergen. Mest fordi ho er frå Bergen. No har ho vunne endå ein gong. I Amerika. Alt er så stort i Amerika. Når ein bergensar har vunne i Amerika, kan det mest ikkje bli større.

Det får våga seg at amerikanarane bua då den femdobbelte, bergenske verdsmeisteren vart kåra til vinnar, etter at ho for første gong i soga vart nedslegen og låg på dørken og tok teljing. Cecilia bryr seg ikkje. Ikkje eg heller. Ingen bergensarar bryr seg. Ingen strilar. Ingen på denne sida av dammen.

Heia Cecilia! ropar eg. Inni meg. Eg kunne for så vidt tenkt meg å ropa det høgt også, sjølv om eg er veldig mot proffboksing. Men eg får det ikkje til. Eg ser jo aldri på proff­boksing. Ikkje på skjerm heller, med skjermlesebriller og nakkeknekk. Å få betaling for å stå på eit platå og dengja laus på kvarandre, er etter mitt skjøn noko heilt anna enn ­nevekamp og krokfot i lyng og brake på striledans.

Eg ropte ikkje høgt, då heller. Strilar som ikkje bryr seg om fotball og mislikar proffboksing, ropar aldri høgt. Kva skulle slik sanselaus utblåsing vera godt for, liksom? ­Cecilia får ta meg som eg er.

Eg har det med Cecilia litt på same vis som eg har det med vestlandske kapitalistar. Eg er mot kapitalismen. Eg spelar aldri på børsen. Men Facebook og Google og Amazon er etter mitt skjøn noko heilt anna enn BIR og Bunnpris og Bekkjarvik Gjestgiveri. Eg er veldig for vestlandske kapitalistar som slår austlandske kapitalistar ned i sjøstøvlane. Det er like greitt om vestlandske kapitalistar ikkje er spesielt pene, eller ikkje har slege ned nokon i Amerika. Eg bryr meg ikkje. Cecilia bryr seg ikkje, ho heller. Trur eg.

Det viktigaste er ikkje å slå svenskane og austlendingane og amerikanarane, men å ha nokon å heia på. Inni seg, om ikkje anna. Det er for så vidt greitt å ha nokon å bua på også, slik dei gjer i Amerika. Men det kunne ikkje falla meg inn å bua på Cecilia.