Bergen vakna til bakrus 18. mai. No treng vi ein samtale om ein betre festkultur.
Hei, foreldregenerasjon: Eg ser på dykk.
- Jens KihlKulturredaktør
Ingen dag i året er Bergen vakrare enn 17. mai.
Dette er dagen då byen er for alle: Unge og gamle side om side. Folk som har kome til Noreg for nokre månader sidan er like velkomne som dei med sju generasjonars stamtavle i Knøsesmauet.
Men no treng vi ein skikkeleg prat om kva vi gjer med ei festing som til dels har kome ut av kontroll. For i år var det ein ikkje heilt god balanse mellom prosesjon og prosecco, mellom russ og rus eller mellom flagg og flatfyll.
Bergenspolitiet har loggført 229 hendingar og oppdrag, som er på nivå med i fjor. Det er likevel ikkje det mest vesentlege. For det aller, aller meste av kaoset i byen blir aldri registrert i nokon politilogg. Det er heilt greitt, for det er ikkje politiet som kan løyse dette.
Les hele saken med abonnement