Hålkeføre

eldrebølgja

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

GLATT: «Gamle og gebrekkelege folk må halda seg innandørs når det blir asfaltert skøytebane på veg til eldresenteret». Foto: GEIR MARTIN STRANDE

Dei skulle ikkje hatt lov å gå ut om ei dør. Gamle og gebrekkelege folk må halda seg innandørs når det blir asfaltert skøytebane på veg til eldresenteret. Dei må leggja seg på minne kor dyrt det er for skattebetalarane når gamlingar ligg flolagde med knekte lårbein og knuste gebiss langs alle innfartsårer. Dei ligg i vegen for folk som skal på arbeid. Når dei knapt kan føta seg på oppvarma badegolv, har dei ingen ting på skliføre å gjera.

Det skjer kvart einaste år. Helsevesen og alle slags vesen blir nedrende av ramleballetten. Når folk kjem såpass opp i åra, skulle du tru dei visste korleis underkjølt asfalt kan skapa seg. År etter år har dei sveiva med armar og bein på glatten. Som regel har dei attvunne balansen før det vart lårhalsar om å gjera. Men når dei for lengst er innhenta av nasadrope og inkotinens og håttaløyse, må dei ha fått det inn med influensavaksinen at skrotten ikkje lenger går på autopilot.

Når dei likevel tek sjansen på å stavra seg fram på stokkar og stavar og krykker er eit deprimerande prov på at alderdommens følgjesveinar korkje treng vera klokskap eller visdom. Berre lekkasjar og vrangskap på alle baugar og kantar. Du kan ikkje sperra dei inne. Men du kan forventa at dei bunkrar opp på tørt og frostlaust føre. Fyller til randa frysarar og kjøleskåp og matskåp og pilledosettar (med nissemønster). Lager med hermetikk under senga har dei frå før. Anten hugsar dei krigen og dei harde trettiåra, eller så oppfører dei seg som om dei har overlevd på sild og poteter. Og harskt smuglarflesk frå Lindås til konfirmasjonen.

Oldsakssamlinga har så dei greier seg til neste lågtrykk med sunnavind og vatn. Dei treng ikkje gjera seg til på hålka. Dei skjemmer seg berre ut. For folk som går på helsestudio er det pinleg å sjå på musestegstavringa og lutryggane og nasadropane i det offentlege rom. Har ikkje gamlingane brød, kan dei eta julekakene frå i fjor. Og frå i fjorfjor og frå i forforfjor. Om dei hugsar kor dei la gebisset.

Publisert: