Taparen Boris Johnson

Den britiske statsministeren gjekk til åtak på demokratiet og tapte. No må Boris Johnson gå av.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

MÅ GÅ: – Det einaste Boris Johnson har gjort er å tape. Men den aller største taparen her, er den britiske befolkninga, skriv Morten Myksvoll. Foto: Frank Augstein / Pool via REUTERS

For to veker sidan suspenderte Boris Johnson det folkevalde styret i Storbritannia. Han sende parlamentet på dør, og nekta dei å halde møte.

I ei overraskande samrøystes avgjerd slo britisk høgsterett tysdag fast at det var ulovleg. Dommen er drepande. Høgsterett skriv at ordren kunne like godt vore eit tomt ark.

Høgsterett konkluderte med at parlamentet ikkje har vore suspendert, sidan suspensjonsordren var ulovleg. Det betyr at parlamentet truleg vil møtast onsdag.

Då skal statsministeren eigentleg stille til spørjetime. Det skjer neppe.

Alle opposisjonspartia har bedt Johnson om å gå av som følgje av dommen til høgsterett. Det bør partia følgje opp med eit mistillitsforslag i parlamentet.

I ein vanleg situasjon ville Johnson gått av umiddelbart. Hadde støttespelarane hans brydd seg om rettsreglane i demokratiet, ville dei kravd det same.

Men det skjer ikkje. Haldninga hans til brexit er openbert viktigare enn haldninga hans til folkevalde si rolle og rett.

VANN: Anti-brexitaktivisten Gina Miller vann saka mot regjeringa i britisk høgsterett tysdag. Foto: Frank Augstein, AP/NTB Scanpix

Det er berre ein dryg månad igjen til britane går ut av EU. No hastar det for dei folkevalde å møtast igjen. Eit fungerande demokrati må ha ei nasjonalforsamling som kan kontrollere regjeringa, og førebu landet på den krasjlandinga som kjem etter 31. oktober.

I dommen står det at Johnsons ordre hindra parlamentet i å fungere. Det er ei alvorleg, men treffande skulding.

Då høgsterettspresident Brenda Hale las opp dommen, var det under 38 dagar til britane går ut av EU. Ein utgang landet ikkje er førebudd på. Då Storbritannia fekk utsett brexit frå april til august, fekk dei samtidig beskjed om å ikkje kaste vekk tida.

No tapte det britiske parlamentet nettopp 14 dagar med arbeidstid. Det kjem på toppen av at det konservative regjeringspartiet brukte dyrebar tid på å finne seg ein ny leiar, etter at Theresa May gjekk av i sommar.

Boris Johnson har vore statsminister i to månader. Det einaste han har gjort er å tape. Han mista kontrollen over parlamentet 3. september. Han mista fleirtalet same kveld. Dagen etter kasta han ut 21 folkevalde frå partiet, etter at dei stemte mot regjeringa hans.

Så gjekk arbeidsminister Amber Rudd og hans eigen bror ut av regjeringa i protest. Og no tapte han mot den britiske grunnlova.

Men den aller største taparen her, er den britiske befolkninga. Dei sit igjen med ein statsminister som anten er djupt inkompetent eller som ikkje har respekt for lova eller parlamentet. Og tida går.

Om britane går ut av EU eller ikkje, må det skje på ein måte som ikkje skader det britiske demokratiet. Det verkar for seint no. For brexit er tydelegvis viktigare enn alt, til og med demokratiet.

Publisert: