Femmarbanden

Bergen er eitt lite steg nærare eit nytt byråd, men store hinder står att for Valhammer.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

AVHENGIG: Ap er avhengig av støtte frå Ove Sverre Bjørdal (Sp) eller Sofie Marhaug (Sp) for at Roger Valhammer skal bli ny byrådsleiar i Bergen. Tuva Åserud (arkiv)

Ap, MDG, SV, Venstre og KrF har blitt einige om at dei skal danne byråd i Bergen. Trass i at fem parti finn saman i eit byråd, vil det ikkje ha fleirtal i Bystyret.

Det er eigentleg alt dei innkalla til pressekonferanse for å seie fredag ettermiddag, samt at Roger Valhammer (Ap) skal halde fram som byrådsleiar. Grunnen til at partia kalla inn pressa på eit så tynt grunnlag kan vere nettopp å vise til høgresida at det er Ap som dannar byråd.

Kven som blir ordførar, byrådar eller kva politikk byrådet skal føre er ikkje avklart.

Dei forhandlingane kan ta fleire veker – og det er ikkje sikkert dei fører fram.

Les også

Kort fortalt: Slik blir det krangling dei neste fire åra

Det nye Valhammer-byrådet må bli einige om alt kommunen driv med. Men to spørsmål vil nok dominere forhandlingane framover:

Kvar skal Bybanen gå, og kven skal ein gå til for å få fleirtal i Bystyret?

Bybanetraséen til Åsane var den store konfliktsaka i 2015, akkurat som den vart i 2019. For fire år sidan lukkast KrF og Venstre å tvinge fram eit fleirtal for Bybanen langs Bryggen i byrådsforhandlingane.

Det klarer dei ikkje no, fordi dei er tre mandat unna fleirtal.

Dei mest openberre støttepartia til femparti-byrådet er Senterpartiet eller Raudt. Båe to vil ha Bybanen i tunnel. Men der Sp kan finne på å samarbeide med høgresida, har ikkje Raudt verken lyst eller mogelegheit til å gjere det same.

Byrådet kan difor klare å bygge Bybanen slik dei vil, men då må MDG, Venstre og KrF førebu seg på å ikkje berre samarbeide med SV, men òg vere avhengig av Raudt for å bli sitjande ved makta.

Det er krevjande å forhandle om politikk når nøkkelen til fleirtalet står utanfor rommet.

Les også

Nå planlegger de bybanetunnel

Behovet for Raudt kan koste byrådet dyrt, og kan føre til langt mindre gjennomslag for dei partia som står lengst unna Raudt.

Dersom byrådet lukkast i å avklare bybanetraséen til Åsane og starte bygginga, kan det då vere lite som held Venstre og KrF igjen på venstresida.

Det er trass alt Bybanen som fekk desse partia til å bytte over til venstresida for fire år sidan. Høgre kjem altså nærare byrådsmakt om dei berre taper den saka dei satsa mest på for å vinne veljarar på i årets val.

Behovet for å avklare Bybanen og halde laget samla etter det er ein stor jobb for Valhammer. Jobben vert endå vanskelegare av at han ikkje har dei same lokkemidla som tidlegare byrådsleiarar har hatt.

Når Bystyret vert konstituert, fordeler ein ei rekkje heil- og halvtidsverv mellom partia. Vanlegvis har det dominerande byrådspartiet gitt litt tid sine mindre partnarar.

Men no er det ikkje eitt dominerande parti lenger. Ap står no for langt under halvparten av bystyrerepresentantane til byrådspartia.

Då har dei ikkje mange stillingar å gi bort.

Sidan 2007 har byrådet i Bergen hatt sju byrådspostar – med eitt unntak. Det var fem byrådar det året Frp var ute frå april 2009 – sjølvsagt på grunn av bompengar og Bybanen.

Dei siste fire åra har Ap hatt tre og KrF og Venstre har hatt to byrådar kvar.

Med to nye parti, blir det anten færre byrådar per parti eller så må ein utvide kollegiet.

Dette er ei stor knipe for Valhammer, sidan alle fem partia har ein mannleg toppkandidat. Det er umogeleg – både politisk og i henhold til kommunelova – med to kvinner og fem menn i eit byråd.

Ei utviding til åtte byrådar er mogeleg, men det må Raudt og Sp seie ja til. Det kostar nemleg pengar, og dette er tilfeldigvis dei to partia som er mest mot byrådsmodellen i Bergen.

Skal Valhammer bli sitjande, må han lytte til dei.

Det kan òg bli hans bane.