Det nyttar å varsle

Det var nok ikkje meint sånn, men Leirsteins utmelding frå Frp er likevel ein siger for varslarane.

VEMODIG: Frp-leiar Siv Jensen meinte det var «vemodig» at Ulf Leirstein melder seg ut av Frp. Her legg dei saman fram Frp alternative statsbudsjett i 2009. Morten Holm, Scanpix (arkiv)

Heksejakt og uthenging. Det er Ulf Leirsteins omtale av journalistikken rundt hans person det siste året. Fredag skreiv han på Facebook at han melde seg ut av Frp.

«Heksejakta» har vore at NRK avslørte at Ulf Leirstein ved ei rekke høve har sendt porno til mindreårige gutar i Frp. Ved eit tilfelle gjorde han framlegg til ei kvinne om at dei skulle invitere med ein gut på 15 år på trekantsex.

Seinare har andre medium følgt opp dette. Kvifor? Jo, mellom anna fordi Leirstein knapt har møtt sanksjonar. I år var han tilbake som ordstyrar på årsmøtet i Viken Frp medan partileiar Siv Jensen stod på scena og snakka om metoo.

Les også

Nytt varsel mot Ulf Leirstein

Jensen ville heller ikkje setje ned foten for at han skulle få ein ny periode på Stortinget. Det er lite lov og orden att i lov og orden-partiet Frp.

Facebook-posten frå Leirstein var truleg eit slags forsøk på å «ta regien». Det fungerte berre sånn middels, all den tid det rett etterpå kom fram at det finst eit nytt varsel mot han.

Likevel er det ikkje eitt kritisk ord å høyre frå Frp-toppane. «Jeg synes det er trist», seier parlamentarisk leiar Hans Limi til VG. «Ulf Leirstein har vært en viktig politiker for Frp over lang tid», seier Siv Jensen til same avis. Ho kallar det vemodig å miste Leirstein, og ønskjer han lukke til.

Det hadde kanskje vore mogeleg å legge til ei lita setning om at sakene mot han har vore alvorlege. Om ikkje anna, så av omsyn til dei som har møtt Leirsteins grenseoverskridande oppførsel.

Vi veit førebels lite om det nyaste varselet, anna enn at Frp ikkje ser grunn til å handsame det no som Leirstein er utmeldt. Det er svært lite tillitvekkande.

Det vil mellom anna seie at Frp heller ikkje vil sjå om partiets rutinar har vore gode nok eller om det er andre typar systemfeil ein bør ta tak i.

Les også

Jens Kihl: Enkeltmannsføretaket

Det er noko merkeleg over korleis Frp i andre samanhengar ikkje nøler med å setje merkelappen «monster» på dei som vil ha sex med mindreårige. Leirstein har altså ymta frampå eit ønske om det same, men i denne saka ser Frp på Leirstein som offeret.

Sjølv om Leirstein også skriv at utmeldinga kjem etter at Frp-profilen er blitt utvatna i regjering, er det liten tvil om at det er metoo som er hovudgrunnen.

Med andre ord: Leirsteins ord i Moss Avis om at straffa er «et tilbakelagt stadium» heldt ikkje. Ein kan ikkje vedta sin eigen tillit. Særleg ikkje når det dukkar opp nye varsel.

For er det vinnarar her? Ja, det er faktisk det. Om du har vore redd for å møte Leirstein på eit partimøte i Frp, kan du no puste ut. Dei som har meint at Frp ikkje har rydda godt nok opp, har framleis ein jobb å gjere.

Likevel: No treng ingen lure på om Leirstein vil få nye, spanande oppgåver i partiet. Han vil ikkje igjen bli peika på som ein mogeleg nestleiarkandidat.

Les også

Jens Kihl: Hordaland forsvinn frå Frp-kartet

Siv Jensens har vore ei tåkefyrstinne i metoo-sakene. Presset i partiet har vore der, men det var aldri stort nok til å få Leirstein til å sjå at hans tid i toppolitikken er på hell. Men presset utanfrå heldt denne gongen.

Det nyttar å varsle.