Bakke var byrådets største skyteskive. Dermed måtte han ofrast.

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) har gått hardt til verks i eige byråd denne veka. Thor Haakon Bakke (MDG) kom tapande ut av det.

Og slik forpurrar Roger Valhammer Høgres planar.

Publisert: Publisert:

Han har vore ambisiøs, uredd, profilert – og nokså upopulær.

No er MDGs Thor Haakon Bakke parkert på sidelinja av ein nådelaus byrådsleiar Roger Valhammer (Ap). Etter torsdagens rokering i byrådet sit den tidlegare byutviklingsbyråden igjen med ein ny fin tittel, og langt mindre makt.

Det heile har gått raskt, men smertefullt føre seg.

Seinast tysdag denne veka blei Bakke sitert i BT på at han ikkje hadde høyrt nokon diskusjonar om å endre arbeidsoppgåvene hans.

Halvtanna døger seinare var det likevel eit faktum. Og samtidig er ein isfront i byrådet skapt.

Les hele saken med abonnement