Eg har eitt krav. Eg krev å få vere trygg.

Du som er streit må forstå kva trugslar og vald gjer med oss som er skeive. Eg er ikkje i sjokk. Eg er berre rasande.

  • Jens Kihl
    Jens Kihl
    Kulturredaktør
To blei drepne og 21 skadde i det som blir omtalt av politiet som ekstrem islamistisk terror.
Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Det har vore skyting ved London pub i Oslo. To har mista livet. Pride-paraden er avlyst.» Med desse orda blei eg vekt av mannen min laurdag morgon.

Min fyrste reaksjon var ikkje sjokk. Tvert imot. Det eg kjende på, likna meir på resignasjon: «Så skjedde det no igjen.»

Og så blei eg veldig, veldig sint.

Det er dette eg vil at du skal vite: Som homofil mann er det ikkje noko overraskande at skeive opplever vald og trugslar. Kunnskapen om at vi når som helst kan vere fritt vilt, sit fast i kroppane våre.

Å leve med kunnskapen om at vi kan vere eit mål for nokons hat, er ein del av den felles, skeive erfaringa. Dette lever vi med. Kva gjer det med oss?

Les også

Dette vet vi om siktede

Vi veit førebels ikkje sikkert om målet for skytinga i Oslo spesifikt var skeive. Det er truleg offer for terroren som ikkje er skeive eller har tilknyting til det skeive miljøet. Men vi veit at politiet jobbar med hatkriminalitet som ein hovudteori. Og sjølv om vi ikkje veit årsaka, veit vi konsekvensen. Skeive blir redde av dette.

Eg har eitt krav: Å få leve trygt og fritt slik at eg kan få vere den eg er, seie det eg meiner og elske den eg elskar. Det livet krev eg å få leve utan frykt. Det er eit krav det ikkje ser ut til at staten kan garantere at eg får innfridd.

Eg vil at du skal forstå kva som ligg i dette. At du skal forstå konsekvensen av å måtte vere redd. Og at grunnen til at eg er redd, er noko eg ikkje kan gjere noko med. Eg kan aldri bli noko anna enn homofil.

I gatene rundt London pub er det laurdag blomar, flagg og sorg.

Politiet hevar no trugselnivået til ekstraordinært nivå. Grunnen er at ein terroraksjon erfaringsmessig kan inspirere andre.

Du må forstå korleis skeive oppfattar desse orda. Det vi høyrer, er dette: Politiet reknar det som eit mogleg scenario at nokon kan sjå islamistisk terror der mange av offera var skeive, og bli inspirert til å gjere det same sjølv.

Vald avlar vald. Og skeive er offer endå ein gong.

Politiet har tilrådd å avlyse Oslo pride, den største markeringa av skeives rettar i Noreg. Det er eit massivt inngrep i forsamlings- og demonstrasjonsfridomen til ein utsett minoritet i Noreg.

Politiet må ha klare svar på kvifor dei tilrår å avlyse Oslo pride, men ikkje festivalen Tons of Rock eller fotballandskampen mellom Noreg og New Zealand. I eit land der politiet er i stand til å garantere for tryggleiken til høgreekstreme demonstrantar, kan vi altså ikkje gjennomføre ein demonstrasjon for retten til å elske den ein vil.

Det er truleg rett å gjere det, men det er likevel nitrist.

Les også

Siste nytt fra skytingen i Oslo

Pride er ikkje berre ein fest som tilfeldigvis er lagt til sommaren. Juni er pride-månaden fordi det var i juni 1969 at opprøret ved homobaren Stonewall Inn fann stad. Homofile, lesbiske, bifile, transpersonar og andre skeive kjempa med brannbomber og brustein mot politiet. Dei var lei av trakassering og maktmisbruk.

Pride var kamp for tryggleik og fridom då. Pride er kamp for tryggleik og fridom no.

Heile vegen har skeive frykta politiet på grunn av overvaking, trugslar og vald. Seinare har problemet vore manglande interesse for skeive. Mange meldingar om hatkriminalitet er blitt lagt bort – om folk i det heile har teke seg bryet med å melde. Det krev eit minstemål av tillit til politiet for å orke å gå dit med vald eller trugslar.

Denne gongen var politiet på dei skeives side. Men dei må gje oss eit veldig klart svar på kvifor dei ikkje kan garantere tryggleiken for prideparaden i Oslo. Politiet har avlyst Noregs største politiske demonstrasjon. Det er ei avgjerd av historiske dimensjonar. Justisministeren må gje eit klart svar på dette.

Du må forstå kva vi høyrer: at politiet ikkje kan garantere tryggleiken vår når vi demonstrerer for retten til å eksistere.

Måleriet «Hippie politi» er for tida å sjå på utstillinga «Det skeive blikket» på Kode. Måleriet frå 1972 tematiserer politivald mot den frie kjærleiken.

Sommaren for elleve år sidan blei hundrevis av ungdomar jakta på av terroristen Anders Behring Breivik på sommarleiren til AUF. Den dagen tok terroristen 77 liv: Åtte i Oslo og 69 på Utøya.

Denne helga har eg sett fleire overlevande frå 22. juli markere seg som trygge på Facebook etter valden.

Eg vil du skal tenkje over dette. Det finst menneske som framleis ikkje har fylt førti år, og som no har vore gjennom to terroråtak på norsk jord. Dei har kanskje opplevd terror oftare enn dei har flytta eller byta jobb. Høgreekstrem eller islamistisk – resultatet er det same. Folk blir redde.

Kva gjer det eit menneske å ha terror som ei ganske vanleg livserfaring?

Det er alt dette som gjer at eg ikkje er sjokkert. Berre rasande.

Då mannen min hadde gått på jobb, stod eg opp. Eg røska prideflagga våre ut av skåpet og planta dei i balkongkassene våre.

Eg er kanskje ikkje trygg. Men eg nektar å vere usynleg.

Publisert
  1. Masseskytingen i Oslo
  2. Vald
  3. Terror
  4. 22. juli
  5. Hatkriminalitet
BT anbefaler

– Jeg kunne vært et annet sted i dag om noen hadde fanget meg opp

– Hadde noen fanget meg opp i en tidlig fase, ville jeg kanskje vært på et annet sted i dag, sier Cecilie Baldersheim.

LES SAKEN

Mest debattert

  1. Sjefen trekker seg

  2. – Har tydelig­vis ikke hatt kontroll

  3. – Strømkrisen var akkurat det Listhaug trengte

  4. – Stopp det grøne skiftet!