Rekordsommar

«Ta på deg stillongs, kle deg i ull, no er det sommar.»

Publisert Publisert
  • Asbjørn Kristoffersen
    Tidligere journalist i BT

SOMMAR: Gråvêr varer til langt på natt, skodda heng over Ulriken, no er det sommar, no er det sommar. Foto: EIRIK BREKKE

iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Hu hei kor er her vel kaldt og vått, uti smauet, uti smauet. Her dansar regnet i kåte sprett, uti smauet, uti smauet. Kom ut, kom ut frå ditt lune hi, kom i smauet, kom i smauet.

Ta på deg støvlar og regnhabitt, ta på deg stillongs, kle deg i ull, no er det sommar, no er det sommar. Gråvêr varer til langt på natt, skodda heng over Ulriken, no er det sommar, no er det sommar.

Her kryp det brunsnegl, her hoppar frosk, plask i smauet, plask i smauet. Her kan du skvetta på kven du vil, du treng'kje lata som du er snill, uti smauet, uti smauet.

Og blir du lei, kan du reisa bort, gå på byen, gå på byen, bort frå smauet, bort frå smauet. Dra på vandring frå pub til pub. Men meld ifrå før du går deg vill, ut på byen, ut på byen

Ta med deg kart og eit godt kompass, peil ut ei retning og hald deg fast, i paraplyen, i paraplyen. Kjem det ein foss midt i løypa di, så ta på deg ein redningsvest, du er i Bergen, du er i Bergen.

Snakk med kjentfolk før du går langt. Å dra te' Salhus er ikkje lurt, om du vil heim att, hem te' smaue', ellemelle, kor va' det henne, gjekk dei ifrå meg med nasena i sky.

Ta med deg kart og eit godt kompass, peil ut ei retning og hald deg fast, i paraplyen, i paraplyen. Kjem det ein foss midt i løypa di, så ta på deg ein redningsvest, du er i Bergen, du er i Bergen.

Den druknar ikkje som hengjast skal. Den druknar ikkje som bergensk kan, skarre, skarre, fødd i Marken, på ein tinntallerken. Fødd i vatn og sønnavind, til nye persar, til regnrekordar.

Vestlandsfanden i oljefrakk, han overlever, han overlever. Som ein brunsnegl i redningsvest, slepp Fanden unna der andre sklir, ut i fossen, i Nygårdsparken. Den største fossen om sommaren, den nye persen, den nye persen

Kom ut, kom ut og set ny rekord. No er det sommar, no er det sommar.

Publisert

Eldrebølgja

  1. KOMMENTAR

    «Alle som er heidra med statue, har hatt sine svin på skogen»

  2. KOMMENTAR

    «Ei påminning om bunad­geriljaens rettkomne krav»

  3. KOMMENTAR

    «Kvar mann si høne»

  4. KOMMENTAR

    «Vestlendingar er genetisk ekstra godt tilpassa koronastilen»

  5. KOMMENTAR

    «Eg er nok på veg til å bli ein strilemuslim»

  6. KOMMENTAR

    «Vi er ikkje like godt stilte no som i 2009»

Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. Flatpakka småbruk

  2. Silicon smau

  3. Aust-vest-kløfta

  4. Den innskrumpa ferieverda

  1. Eldrebølgja