By og land, hand i hand

Strategisk næringsplan for Bergensregionen må gje konkrete resultat for å visa kva han er verd.

Publisert:
Asbjørn Kristoffersen
Kommentator i BT.

MARIN FORSKING: Bergen er blant dei viktigaste byane i verda med omsyn til marin forsking. ARKIVFOTO: Helge Sunde.

Bergen burde vore sete for ein FN-organisasjon for forvaltning av det herrelause havet utanfor territorialgrenser og økonomiske soner; verdas felles, mishandla allmenning. Så store tankar er det mogleg å ha på byens, Vestlandets og nasjonens vegner, utan å forsvinna i fantasiens skoddebanke.

DET RELATIVT NYETABLERTE Business Region Bergen, som har utarbeidd næringsplanen, er ikkje fullt så vidløftig. Men det vrimlar av honnørord som verdsnivå, nordisk nivå og nasjonal nivå i dokumentet som vart presentert i går. I mange høve er det god dekning både for honnørorda og ambisjonane. Manglande samordning mellom ulike aktørar og manglande gjennomslag i opinionen og blant politikarar er mellom dei største hindera for å få betre utteljing for eksisterande føretak og større armslag for nyskaping. Business Region Bergen har mykje å ta fatt i.

Næringsplanen omfattar heile tjue kommunar mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden. Området er så stort at det kan vera vanskeleg å gje full utteljing for utkantkommunane, medan vestlandsperspektivet stundom må vika. Næringsplan for Bergensregionen er ein illustrasjon av behovet for ein næringsplan for Vestlandet. Saman ville Bergen og Stavanger blitt ein sterk motor både for seg sjølve og for landsdelen.

DET ER MANGE ØNSKJELISTER og opplistingar over regionens velsigningar i dokumentet, men det viser også vilje til prioritering og 29 konkrete tiltak. Mongstad er tildelt ei nøkkelrolle for den teknologiske utviklinga, tiltakslista har også med så pass overkomelege prosjekt som eit framtidsretta messesenter.

Eit av dei første konkrete tiltaka burde vera å ta opp utfordringane som er knytte til Bergens marine miljø. Det er godt dokumentert at Bergen er blant dei viktigaste byane i verda med omsyn til marin forsking. Bergensregionen har dessutan store marine næringsverksemder, som strategiplanen utropar til eitt av fem prioriterte satsingsområde.

I Bergens Tidende er det tidlegare hevda at Bergen risikerer å bli akterutsegla som marin forskingsby på grunn av manglande samordning og satsing. Eit døme på dette er at miljøa i Tromsø og Trondheim har hatt betre strategi for samordning, ifølgje marinbiolog Øyvind Enger, partnar i såkornfondet Sarsia Seed AS i Bergen. Dersom Business Region Bergen erkjenner at byens marine miljø er den beste sjansen til å fremja ei merkevare for Bergensregionen, kan det medverka til å få aktørane på bana. Det bør i så fall skje med deltakingav næringsminister, kunnskapsminister og gjerne fiskeriminister. Det er ikkje berre regionens, men ei av nasjonens fremste merkevarer som kan stå på spel.

NÆRINGSMINISTER TROND GISKE (Ap) er uforferda nok til at han jamvel kan ha sans for ein visjon om Bergen som FN-by. Ikkje berre har Bergensregionen kompetanse på alle dei viktigaste områda for FN-forvaltning av det herrelause havet, Noreg er ein havimperialist i internasjonal toppdivisjon, og ein av dei store bidragsytarane til verdsorganisasjonen. I dei fleste andre land er havet eit underbruk av jordbruksdepartementa, noko som er attspegla i FNs mangelfulle prioritering av vår felles allmenning. Det kan berre vera snakk om tid før FN engasjerer seg sterkare i denne allmenningen.

Sjølv om ein slik visjon for Bergen skulle enda i ei departemental skuff, bør tanken kunna vera til inspirasjon for Business Region Bergen. Skulle det lukkast å gje Bergen eit varemerke som marin by på line med Trondheims SINTEF, ville det vera suksess stor nok til å ropa tre gongar tre hurra for Business Region Bergen, same kva dei elles utretta eller ikkje utretta. Å vekkja begeistring er eit av organisasjonens mål, i god, gammal bergensk ånd. Begeistring kan trengjast, for at byen og omlandet skal kunna trekkja saman. Tradisjonane i så måte er svært dårlege, særleg på grunn av Bergens seg-sjølv-nok-ukultur. Første dei siste par åra har det gått opp for byens styresmakter at alle taper på denne haldninga. Business Region Bergen er, trass i det oppkomlingaktige namnet, eit velfundert forsøk på å setja fart i heile området.

I skjeringspunktet mellom politikk og interesseorganisasjon går Business Region Bergen etter måten langt inn i det som har vore politikkens domene. Men samtidig tek det på seg ansvar for gjennomføring og evaluering på ein måte som kan vitalisera politikken. Næringsplanen listar opp ei rekkje konkrete tiltak, med tidsfristar. Resultatet vil vera ein prøve på kva Business Region Bergen er verd.

Kva meiner du?

Publisert: