Rasande sikkert

Vestlendingane veit kor dei bur. Dei bur under bergfall, skriv gjestekommentator Ingebjørn Bleidvin

Rasfare-reglar med perspektiv på fem tusen år trugar med å seigpina ei rekke lokalsamfunn på Vestlandet til døde.

  • Ingebjørn Bleidvin
    Ingebjørn Bleidvin
    Gjestekommentator i BT
Publisert Publisert

Dei som vil leika med livet og busetja seg i norske fjordar, har det ikkje lett for tida. Sist ut er heile Sørfjorden i Hardanger, der det no er eit omfattande byggeforbod langs heile fjorden på grunn av fare for flodbølgje etter store steinras. Odda sentrum har skrikande mangel på bustader, men allereie er fleire leilegheitsprosjekt nedskalert eller rett og slett kansellert midt i bygginga.

Å bu på ein rasfarleg stad er så klassisk vestlandsk at Olav H. Hauge har eit eige dikt om det: «Under bergfallet». I diktet aksepterer bonden med stoisk ro faren for at steinmassane skal koma dundrande ned og gravla både folk, fe og fjøs.

Moderne, byggtekniske forskrifter aksepterer ikkje den type poetisk fandenivoldskheit. Dei krev algoritmebaserte risikoberekningar, og risikoen er altså mange stader definert som for høg.

Kva er eigentleg «for høg risiko»? Det er her det blir både interessant og frustrerande: For at kommunane skal sleppa unna forbodet, må geologane konkludera med at det går ras på staden sjeldnare enn kvart fem tusende år. Opp med handa den fyrste geologen som vil gi den garantien.

Les hele saken med abonnement