Krigens internett

For alt me veit, kan Noreg vere under angrep akkurat no.

KRIG UTAN FLY: I dag kan Noreg bli lamma utan så mykje som eit missil. Det finst ingen flyalarm som varslar oss, skriv Morten Myksvoll. Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix (Arkiv)

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Før var krigshandlingar synlege. Ein kunne sjå soldatar, stridsvogner og jagarfly krysse grensa. Ein kunne sjå, høyre og kjenne krigen. I dag kan Noreg bli lamma utan så mykje som eit missil. Det finst ingen flyalarm som varslar oss.

Trugselen om hybridkrig – der ein kan krige utan bruk av skarpe våpen – er ikkje ny. Men den stadig meir omfattande digitaliseringa gjer at meir og meir av alt me har kjært er innanfor fiendens rekkevidd.

Ein rapport utarbeidd av Telenor viser korleis eit koordinert nettangrep mot Noreg kan sjå ut. Scenarioet er sett saman av ekte hendingar, og varer i tre veker. Det er umogeleg å vite når nokon forstår at dei 17 hendingane heng saman.

Her er nokre døme:

Sanntidssystemet til Ruter eller Skyss kan bryte saman. Bankkundar vert belasta dobbelt på all kortbruk. Ein fabrikk i Nordland vert overtatt av hackarar. Det vert observert dronar rundt Gardermoen, slik at flytrafikken stoppar opp. GPS-systemet rundt Oslo vert ustabilt. Nødnummera vert utilgjengeleg fleire stader. Det kjem meldingar om sjuke eller omkomne på grunn av dårleg drikkevatn.

Lukkast mange nok av angrepa, vil det føre til uro, ustabilitet og død – akkurat som i vanleg krig.

Les også

Mange norske bedrifter utsatt for digital utpressing

Noreg er sektorstyrt. Kvart departement har ansvar for beredskap og samfunnstryggleik innanfor sin sektor. Det går fint så lenge det berre er enkeltståande angrep. Dersom angrepa vert spreidd over mange nok sektorar, er det langt frå sikkert at hendingane vert sett i samanheng raskt nok.

I dag er det Regjeringens Sikkerhetsutvalg (RSU) som koordinerer departementa. Telenor skriv i rapporten at hendingane dei skildra i scenariet sitt, neppe ville nådd dit. Nokre ville blitt meldt til politiet, andre ville nådd eit departement.

Dersom ein oppdagar samanhengen i eit slikt angrep raskt, kan det bli lettare å handtere. Det ville vore heilt utenkjeleg å ikkje kunne forstå at jagarflya, missila og bataljonane som kryssa grensa var ein del av det same angrepet.

Klarer ein ikkje å oppfatte koplinga mellom slike dataangrep, blir dei berre vanskelegare og vanskelegare å handtere. Telenor etterlyser difor meir sektorovergripande tenking, og eit nasjonalt situasjonsrom.

HYDRO: I mars vart Hydro råka av eit massivt dataangrep, som gjorde at alle selskapets 35.000 tilsette måtte levere inn datamaskinene sine. Om slike angrep råkar fleire viktige stats- og samfunnsaktørar på kort tid, vert dei mykje vanskelegare å handtere, skriv Morten Myksvoll. Gwladys Fouche, NTB Scanpix

Når slagmarka i større grad er på internett, er det vanskelegare å få hjelp frå Nato.

Alliansen vår baserer seg på ein militær solidaritet. Blir eitt land angripen, skal resten av Nato gripe inn. Men det er ingen automatikk i at det skjer. Solidariteten må vere levande.

Pew Research Center har spurt europearar om sine haldningar til Nato-inngriping. Dei laga eit tenkt angrep, der Russland invaderte eit naboland som òg er medlem i Nato. Tenk på Estland og Latvia – eller Noreg.

Berre 40 prosent av tyskarane vil at Tyskland skal gripe inn på alliansepartnarens side. Langt fleire – 62 prosent av tyskarane – vil at USA skal gripe inn. Den same ulikskapen finn me i andre store medlemsland, som Storbritannia, Spania og Italia.

Nato-solidariteten er altså altfor avhengig av at USA stiller opp.

I mai sa Natos generalsekretær Jens Stoltenberg at alliansen meiner at cyberangrep kan føre til Nato-inngriping. Men er det nokon som trur at Donald Trump vil sende USAs hangarskip mot Noreg, dersom Russland angrip drikkevatnet vårt?

Skal ein tru rapporten som forsvarssjefen fekk overlevert i førre veke, er svaret nei. Der kjem det fram at Noreg ikkje kan forvente samrøystes støtte frå Nato før Noreg har lidd tap på meir enn 500 drepne.

Dersom Russland skulle gå til eit massivt angrep på Noreg, er altså sjansane gode for at Nato vil hjelpe oss. Det skulle berre mangle. Men det blir langt vanskelegare å få hjelp når nokon sender bytes og ikkje bomber mot oss.

Som eitt av nabolanda til Russland, må Noreg halde trykket oppe når det gjeld Natos handtering av cybertrugslar. Ingenting ville vore betre enn om alliansen står klar – slik Stoltenberg seier at den gjer.

Men Noreg må langt på veg klare seg sjølv, spesielt når det gjeld det viktigaste av alt – å oppdage eit koordinert angrep. Om slike angrep ikkje er kjent for den norske regjeringa, er det uansett ingen som kjem til å ringe til Nato.