Englesong

Publisert:

Foto: Fredrik Hagen, NTB Scanpix (illustrasjon)

Asbjørn Kristoffersen

Julaftan vil eg stå oppreist i ei fullsett kyrkje, og syngja Deilig er jorden. I blandakor, med jublande sopranar, bergfaste bassar og overdøyvde unotar. Sekulær klump i halsen blir dagens tilbod for dei ugudelege. Alle skal med. Eg vil kjenna hjarta svulma og augnekroken vætast. Eg vil løysa alle snusfornuftas fortøyingar. Eg vil skvulpa over av julekjensler. Gjennom de fagre riker på jorden går vi til Paradis med sang.

Er jorden deilig? Skal tonen fra himlen aldri forstumme? Eg vil ikkje vita. Eg vil tru. Eg vil gje meg over. Det hjelper med eldgamle, gjennomlevde riter og ritual. Det hjelper med små barn i finstasen. Det hjelper med massesuggesjon. Fred over jorden. Menneske fryd deg. Oss er en evig Frelser født.

Sterke saker. Eg vil at det skal koma usensurerte ord og lydar ut av meg. At tider skal komme, tider skal henrulle, at slekt skal følge slekters gang. At sentimentaliteten skal ta bustad i meg. At jula skal fylla meg.

Framskriden alder kjem vel med. Vi blir gjerne meir lettrørte med åra. Kanskje meir sippete. Usensurerte. Mange gamlingar vart forførte som barn. Med salmeverspugging på folkeskulen. Lokka med gullstjerner i boka på søndagsskulen og salmeverspugging på folkeskulen.

Jul er ikkje ei privatsak. Jul er offentleg unntakstilstand. Riter og ritual er gjentekne så mange gongar, alltid likt, alltid justert, aldri framandgjort, at jula har bite seg fast i den norske folkesjela. Jul er NM i kollektiv midtvintersfråtsing, med stendig nye, personlege rekordar. Det nyttar ikkje å servera forteljingar om dei fire hundre tusen nordmenn som kvir seg til jul. Heller ikkje historiske korrektiv om heidenske midtvinterblot og kristen kidnapping av solsnufesten. Jula har parkert all sunn fornuft og rasjonell ressursallokering. Fornufta kan venta til over romjula. Julesentimentalitet og julenostagi er tran for sjela. Fornufta kan venta til over romjula.

Deilig er jorden!

Publisert: