No blir det to gradars auke i det menneskeskapte debattklimaet

Sylvi Listhaug som olje- og energiminister kan gje nye, harde debattar – men først og fremst inne i regjeringa. Terje Søviknes skal derimot få slite med å skape debatt.

Publisert Publisert

PÅ PLASS: Onsdag formiddag kom olje- og energiminister Sylvi Listhaug (Frp), statsminister Erna Solberg (H) og Terje Søviknes (Frp) ut av Slottet for å ta imot folkets hyllest. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Ut av det blåblå kom nyhenda onsdag formiddag om at Frp ville gjere rokeringar mellom sine statsrådar.

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg går tilbake til nordlandsbenken på Stortinget. Han blir nok ikkje meir usynleg der enn han har vore som statsråd.

Inn på posten hans kjem Sylvi Listhaug, som til no har vore eldre- og folkehelseminister. Då blir den plassen ledig. Dermed får Terje Søviknes for andre gong reise over fjellet og ta plass ved Kongens bord.

Det kan verke som eit litt underleg val. Etter valnederlaget i Bjørnafjorden, der han trass alt mønstra 32 prosent oppslutning, var det venta at Søviknes ville bruke tid på å bygge opp att Frps partiorganisasjon.

Den er sliten etter seks år i regjering. No reiser Frp-nestleiaren i staden til Oslo for å bli statsråd på ny. Posten som statsråd for folkehelse og eldre er krevjande.

Ikkje fordi sjølve sakene er så tunge, men tvert imot: Det aller meste av ansvaret her ligg ute i kommunane. Det er lite makt som ligg til sjølve statsråden, så han må arbeide hardt for å bli synleg.

Les også

Mista ordførarjobben. No gjer han comeback i regjering.

Åse Michaelsen (Frp) var den fyrste statsråden med denne tittelen. Etterpå blei Listhaug folkehelseminister. Ingen av dei blei særleg vellukka på posten. Dei greidde ikkje å markere seg på feltet.

Reforma «Leve hele livet» vil nok stå som ei av dei mest uforløyste frå denne regjeringa. Dei færraste forstår kva den eigentleg skulle løyse eller kva verkemidla var. Og kva var alternativet? Å døy heile livet?

Likevel kan det hende Søviknes vil gjere det betre enn dei hine. Frps nasjonale valkamp opna i haust på Osøyro, og Søviknes kunne stolt vise fram Luranetunet bu- og behandlingssenter til rikspressa.

Trass i ein del støy rundt Luranetunet i sommar, har nok den mangeårige Frp-ordføraren ry på seg for å vere ein som verkeleg brenn for eldreomsorg.

Søviknes har også ein distriktsprofil, noko denne regjeringa sårt treng. Det er elles interessant at regjeringa møter distriktsopprøret i nord med å fjerne éin av to statsrådar frå landsdelen.

Les også

Erna Solberg avviser at Sylvi Listhaug er klimafornekter

Korleis Søviknes skal skape konflikt mellom seg og venstresida i dette spørsmålet, er derimot vanskelegare å forstå. Listhaug har gjort fleire forsøk, stort sett utan særleg suksess.

Heller ikkje forsøket med statleg finansiering av eldreomsorga har vore nokon suksess. No er det berre seks kommunar som er att i ordninga.

Men etter at Søviknes tapte makta, Bergen Frp blei lagt ned og Helge André Njåstad slutta som finanspolitisk talsperson for Frp, har partiet hatt behov for å finne ein meir synleg post til ein vestlending frå sør for Sunnmøre.

Så spørst det om dette var rett post for eit parti som treng meir merksemd om sine politiske hjartesaker.

Vel så spanande blir det å sjå korleis Sylvi Listhaug vil takle posten som olje- og energiminister.

Les også

Equinor-tillitsvalgt: – Freiberg har vært for oljevennlig

Listhaug har til no ikkje fått dei heilt store gjennomslaga som landbruksminister, innvandringsminister, justisminister eller folkehelseminister – men kanskje kan det plutseleg snu på hennar femte statsrådpost?

På fleire av desse postane har ho derimot skapt mykje debatt. Det har stort sett vore av det gode for Frp. No skal ho fylle ei rolle der dei steilaste frontane gjerne går mot Venstre og KrF, som ønskjer mindre oljeleiting og meir klimapolitikk.

I tillegg varslar programkomiteen i Høgre at dei vil legge seg på ei mykje meir ambisiøs klimaline framover. Dermed kan Listhaug bli ståande i mange debattar mot sine eigne statsrådskollegaer. Det kan bli mildt sagt krevjande for regjeringa.

Oljeboring ved Lofoten? Iskanten? Kva med vindmøller og kraftkabel til Skottland? Og den store planen for å redusere norske klimagassutslepp kraftig fram mot 2030?

Førebels har ikkje Listhaug sjølv svart tydeleg på om ho har skifta syn, eller om ho står ved tidlegare påstandar om at klimaendringane ikkje er menneskeskapte.

Her kan det bli både tropiske orkanar, hundreårsbølgjer og fare for skred i regjeringa.

Og det er ikkje alltid det nyttar å helle meir olje på opprørt hav.

Publisert