Det er ikkje over for Søviknes

Tapet i Bjørnafjorden er meir alvorleg for Frp enn for Terje Søviknes.

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

PARHESTAR: I tjue år har Terje Søviknes vore Frps ordførar i Os. Like lenge har han styrt i lag med Gustav Bahus. Her er dei to på eit kommunestyremøte i 1998. Foto: Helge Hansen (arkiv)

Det er ikkje Terje Søviknes (Frp) som får æra av å bli den fyrste ordføraren i nye Bjørnafjorden kommune. Den jobben er det Trine Lindborg (Ap) som får, kunne BT melde søndag kveld.

Ein ordførar frå eit fløyparti som vinn fem strake val og nesten greier det sjette: Det er knapt til å tru. Og ved juletider kan Søviknes pakke seg ut av ordførarkontoret på Osøyro vel vitande om at nesten kvar tredje bjørnafjording røysta Frp også denne gongen.

Kanskje er Søviknes offer for sin eigen suksess. Nasjonalt har han hatt ry på seg for å vere ein av dei meir pragmatiske i Frp. Dette er ein mann som kan røyste for bompengar om det trengst.

Lokalt er biletet litt annleis: Saman med Høgre har Frp skapt ein kommune som har vore markert mørkeblå. Frp-hjartesaker som eldreomsorg, samferdsle og eit rungande ja til alle som vil byggje hus eller drive næring har vore viktige stikkord.

Særleg det siste har vore med på å auke konfliktnivået i politikken, auke talet på klagesaker hos fylkesmannen og auke avstanden til opposisjonen.

Andre saker, som skule, har vore lågare prioritert. Det kan nok også ha skapt ein del frustrasjon hos dei som har dette som hjartesak. Og kanskje var det samanslåinga med Fusa, der Frp tradisjonelt har stått svakare, ein grunn til at Søviknes tapte på målstreken.

Les også

Terje Søviknes er ferdig som ordfører etter 20 år

Dermed var det rett og slett ingen som ville gå til høgresida då Frp og Høgre etter valet mangla eitt fattig mandat for å få ein ny periode. Der Søviknes i 1999 var det friske pustet, er stoda no snudd på hovudet: fleirtalet meinte det var på tide å opne vindauga på rådhuset.

Les også

Jens Kihl: In the Frp-ghetto

No har Frp og Høgre 17 mandat i kommunestyret. SV, Ap, Senterpartiet, KrF og MDG samlar 18. Kan det vere at Søviknes hadde greidd å vinne det siste om han ikkje hadde reist til Oslo for å vere olje- og energiminister i halvtanna år?

I denne perioden blei det i alle fall svært tydeleg at gnissingane mellom administrasjonen og politisk leiing var på veg ut av kontroll. Dette galdt fyrst og fremst alle dei som arbeidde med plan- og bygningssaker.

I tillegg har nok Gustav Bahus, makkeren til Søviknes i tjue år, ein meir konfronterande stil. Veljarane liker ikkje bråk. Kanskje hadde Søviknes redda dette om han hadde blitt i Os.

Les også

Søviknes: – I’ll be back

Til BT sa Søviknes at «I’ll be back». Dette er nok sanne ord. Han kan bli nestleiar på fulltid i Frp og byggje opp ein partiorganisasjon som er i kneståande. Han kan fort vekk bli statsråd på ny. Eller han kan få seg ein jobb i det sivile om han heller vil.

Sjølvsagt er det surt å tape makta i heimkommunen, men han greier seg nok. Då er det verre med partiet hans. Årets nasjonale valkamp opna dei på torget i Os. Sjølvsagt. Kor skal dei peike no?

Dei siste åra har Frp hatt ordføraren i fem kommunar. Og kva har Mandal, Ulstein og Hvaler til felles? Jo, alle tek inn eigedomsskatt. Dermed har Os og Ullensaker stått igjen som dei einaste der Frp faktisk har greidd å styre utan denne skatten. No ryk båe to for Frp.

Dette er eitt av døma på kvifor Os har vore så viktig for Frp. Skal Frp appellere breitt, må dei vise at politikken deira fungerer i kvardagen til folk. Veljarane må kunne sjå at partiet har politikk på andre område enn innvandring, justis og veg.

Os kommune har hatt ei særstilling i norsk politikk dei to siste tiåra. Det er kanskje berre Ap i Trondheim (og til ein viss grad Venstre på Eid) som kan samanliknast med den alliansen som har vore mellom Frp og Os.

Les også

Søviknes lever farlig. Nye møter mellom opposisjonen i Bjørnafjorden i helgen.

Etter valet sit Frp berre att med Ulstein kommune, i tillegg til at dei vann ordførarkjeda i Sola. Der skal dei styre i lag med Ap. Det blir vanskeleg for Siv Jensen å vise til rogalandskommunen i debattar mot Jonas Gahr Støre når Arbeidarpartiet har varaordføraren.

Det er ei skjør semje MDG, Sp, Ap, KrF – og SV som støtteparti – no har skapt. «Nesten 70 prosent av innbyggerne i Bjørnafjorden ønsker noe annet enn Frp-politikk», seier påtroppande Ap-ordførar Trine Lindborg til Bergens Tidende.

Les også

Syden i Norden

Men kva er dette «noko anna enn Frp-politikk»? Både Frp og store delar av opposisjonen gjorde dette valet til ei folkerøysting for eller mot Søviknes som ordførar.

Det kan ha gjeve sentrum og venstresida sigeren, men det har ikkje gjeve dei noko klart mandat for kva dei skal gjennomføre.

Men om nye Bjørnafjorden får opnare prosessar, meir rom for at administrasjonen får bruke fagkunnskapen sin og eit noko lågare konfliktnivå, vil det vere av det gode.

Og Søviknes? Han har ni politiske liv.

Publisert: