Den store, stygge handelskrigen

Noreg er globaliseringas største vinnar. Men sjølv ikkje lykkelandet er immun mot sinnet som skapte Brexit og Donald Trump.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

FRIHANDEL: Vi er ein liten, veik nasjon som er avhengig av verda rundt oss. Vi må vere lur der andre er sterk. Vi er David, og USA Goliat, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Marvin Halleraker

Hausten 1992 gjekk eg om kveldane frå dør til dør i bustadblokkene i Loddefjord. Eg og to andre studentar samla inn underskrifter mot den varsla EØS-avtalen.

Til saman fekk Nei til EF inn 175.000 underskrifter, utan at det imponerte EØS-tilhengjarane. Gro Harlem Brundtland (Ap) og heile etablissementet køyrde gjennom avtalen i Stortinget i oktober.

To år seinare deltok eg i kampen mot norsk EU-medlemskap, sjølv om eg visste at vi eigentleg hadde tapt. EØS-avtalen var EU-medlemskap, og det utan politisk innverknad. Det einaste som held meg gåande var forbanninga over å ha blitt lurt av sleipingar. Eg unna ikkje Brundtland & Co gleda over å presse folket inn i EU gjennom ein politisk to-trinns rakett.

No, snart 25 år seinare, har Noreg bak seg ein gullalder utan sidestykke. I 2000 passerte vi USA som verdas rikaste land, etter mikrostaten Luxembourg (BNP per innbyggjar).

Mykje på grunn av oljen, sjølvsagt. Men ikkje berre. Det har òg vore gode tider for industrivarer, fisk og turisme. EØS sikra handelen til Noregs viktigaste marknad (EU tek i dag 70 prosent av norsk eksport).

Og veksten vart endå sterkare etter at Kina i desember 2001 vart med i Verdas handelsorganisasjon (WTO), den ideologiske storebroren til EUs indre marknad. Etterspurnaden etter norske råvarer, halvfabrikat og avanserte maskiner gjekk i taket.

FOLKETS MANN: President Donald Trump delte torsdag ut pennar til arbeidarar frå tungindustrien, etter han signerte den nye ekstratollen på stål og aluminiumsimport. Fagrørsla og venstresida i USA jublar over at Trump no følgjer opp eigne valløfte. LEAH MILLIS, Scanpix

Det gjekk så bra at vi frå midten av 2000-talet kunne ta i mot over 200.000 arbeidsinnvandrarar, utan at arbeidsløysa blant nordmenn vaks. Arbeidarane kom i hovudsak frå Sverige, og frå Aust-Europeiske land som vart medlem av EU i 2004.

EØS-avtalen gjorde at dei fritt kunne kome hit og jobbe. Og då arbeidsløysa auka etter oljeprisfallet i 2015 flytta ein god del av dei heim att.

Dette er globalisering på norsk. Knapt noko land har kome så bra ut av utviklinga som Noreg, ikkje minst fordi vinsten av utviklinga har kome store delar av befolkninga til gode.

Dette er den same globalisering som har skapt Brexit, Donald Trump og proteststemmer i nær alle europeiske val dei siste åra. Men ikkje her. Ikkje enno.

I årets lønsoppgjer, som byrjar for alvor måndag, spelar EØS-avtalen ein sentral rolle. Den viktigaste saka for industriarbeidarane er at tilreisande arbeidarar frå andre land skal koste like mykje som sine norske kollegaer. NHO og verftsindustrien meiner dette bryt med EØS-avtalen, men tapte i fleire norske rettssalar. Dei anka vidare til EFTAs overvakingsorgan ESA, som sende ballen tilbake.

Saka er eit døme på at EØS-avtalen har baksider for nokon i Noreg òg. Medan EØS-innvandringa for dei fleste berre har gjeve flinke arbeidarar, billige handverkarar og låg inflasjon, har ein del grupper tapt. I all hovudsak gjeld det manuelle yrke, som bygg- og anlegg, hotell- og restaurant og reinhald, der konkurransen om jobbane har blitt hardare.

At desse yrka har hatt ein svakare lønsutvikling enn resten av samfunnet, er neppe tilfeldig. Presset for å auke lønningane går ned når tilgangen på arbeidskraft aukar.

Dessutan er det grunn til å tru at tilgangen på utanlandsk arbeidskraft har gjort det vanskelegare for ungdommar og folk som slit, fysisk eller psykisk, å få seg arbeid.

Dei enorme forskjellane i lønsnivå mellom Noreg og ein del Aust-Europeiske land har òg skapt grunnlag for bedrifter som bryt med norske arbeids- og lønsvilkår. Spesielt gjeld dette bygg- og anleggsbransjen, der graden av kriminalitet har blitt så stor at regjeringa har opna fem eigne kontor rundt om i landet som skal kjempe mot arbeidslivskriminalitet.

Så det blir gjort noko, altså. Det finst verktøy, der det viktigaste har vore å lovfeste arbeids- og lønsvilkår innanfor einskilde bransjar (allmenngjering). Men rapportar om omfattande kriminalitet i byggjebransjen, spesielt i Oslo, viser at regjeringa har ein god del å gå på.

STOREBROR: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide møtte i januar sin amerikanske kollega, Rex Tillerson i Washington. Det spørst om ikkje ho må reise igjen. President Trump har opna for at «verkelege vener» vil få lettare tilgang til den amerikanske marknaden enn andre. Junge, Heiko / NTB Scanpix

Sjølv om EØS-avtalen har sine skuggesider, er vi no avhengig han. Loddet vart på mange måtar kasta i 1994. Brexit-forhandlingane viser at Nei til EUs draum om ein frihandelsavtale er tvilsam.

Noreg er, som Victor Norman skreiv på 1970-talet, ein liten, open økonomi. Vi har bygd opp eit system, med velferdsstaten og klassesamarbeid som hovudingrediensar, som taklar bølgjene global konkurranse fører inn i økonomien.

Difor har vi alt å tape på den handelskrigen Donald Trump no kan vere i ferd med å utløyse. Torsdag vedtok USA å innføre ein ekstra toll på stål og aluminium. Både EU og Kina har varsla mottiltak. The Economist kallar det den største faren mot det globale handelssystemet sidan 2. verdskrig.

Går dette riktig ille står heile det regelbaserte handelssystemet i fare. Utan reglar er vi tilbake til avtalar mellom enkeltland. Då stiller små land som Noreg svakt.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide seier Noreg førebels ikkje vil setje i verk mottiltak, som om vi har særleg mange tiltak å setje i verk. Vi er ein liten, veik nasjon som er avhengig av verda rundt oss. Vi må vere lur der andre er sterk. Vi er David, og USA Goliat.

I 1992 meinte eg at Noreg var betre tent med ein frihandelsavtale med EU. Kanskje var det ein utopi. Kanskje var ikkje EØS berre eit forsøk på å lure eit EU-skeptisk folk inn i EU.

No spelar det inga rolle. Vi er meir avhengige av EU enn dei er av oss. Vi får sjå kva britane får til, men det ser ikkje lett ut å få til noko betre enn det vi allereie har.

Eit kronargument frå EØS-tilhengjarane i 1992 var reservasjonsretten. Kom det noko frå EU vi ikkje likte kunne vi reservere oss mot det. Det har vi aldri gjort. Frykta for å setje avtalen i fare har trumfa alle innvendingar.

Dei som fryktar for at bruk av denne retten kan velte heile EØS-avtalen bør følgje med på utviklinga i LO. EØS-motstanden har der vakse frå eit perifert venstresideopprør til ei brei misnøye.

Den er truleg medverkande til at det tradisjonelt EØS-venlege Fellesforbundet torsdag vedtok å støtte eit veto mot EUs energibyrå Acer. Dermed står heile LO bak kravet, i tillegg til 97 Ap-ordførarar, ifølgje Klassekampen.

Arbeidarpartiet har dermed fått endå meir press på seg. Få trur at Ap, som er på vippen, vil bruke reservasjonsretten når saka kjem opp i Stortinget. Til det er frykta for EUs reaksjon for stor.

Likevel viser saka at ein ikkje bør ta for lett på dei negative sidene ved globaliseringa, sjølv i lykkelandet.