Operasjon «Grenselaus naivitet»

Per Sandbergs ferietur til Iran er nærare ei scene frå komiserien «Yes, Minister» enn frå spionserien «Le Bureau».

Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

IRAN-FERIE: Kjærleik gjer blind, men den naive haldninga Per Sandberg (Frp) har til tryggleik kan ein ikkje bortforklare, skriv Morten Myksvoll. Her er Sandberg og Bahareh Letnes i Dagsnytt 18-studio 3. august. Foto: NRK Dagsnytt 18, NTB Scanpix

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) reiste på spontantur til Iran, saman med den norsk-iranske kjærasten sin, Bahareh Letnes. Det var i utgangspunktet uproblematisk. Så viste det seg at han ikkje hadde varsla om turen, i tråd med regjeringas rutinar.

Iransk etterretning visste om statsrådens ferietur minst ni dagar før det vart kjent for norske styresmakter. Sandberg har i tillegg reist til Iran utan å følgje Politiets sikkerhetstjenestes (PST) tryggleiksråd om datautstyr.

Det er alvorleg.

Les også

BTs leiar: Overdriven Sandberg-kritikk

Sandberg er ingen «Malotru», kjent frå den franske etterretningsserien «Le Bureau». Han kan ikkje utmanøvrere iranske etterretningsagentar som følgjer etter han, og han har definitivt ikkje evna til å halde den elektroniske overvakinga på avstand. Det krev spesialtrening.

Det vanlege rådet ein får når ein skal besøkje «risikoland», er å ta med ein blank PC og mobiltelefon. Det gir minimal risiko for at ein vert kompromittert.

Nei, Sandberg liknar nok meir på Jim Hacker frå den britiske komedien «Yes, Minister», som følgjer det politiske livet til ein mildt sagt håplaus statsråd på 1980-talet.

Ein kan le av heile Sandberg-saka, men aktløysa er alvorleg.

INGEN SPION: Per Sandberg liknar meir på «Jim Hacker» (t.v.) frå «Yes, Minister» enn spionen «Guillaume ’Malotru’ Debailly» (t.h.) frå «Le Bureau». Foto: IMDB og NTB Scanpix (Illustrasjon)

Kjærleik gjer blind, men den naive haldninga Per Sandberg har til tryggleik kan ein ikkje bortforklare.

Sandberg kan skulde på at ferieturen var spontan, men det vil ikkje vere godt nok. For han skulle eigentleg til Tyrkia, som òg er eit land der særskilt myndigheitspersonar bør sikre seg mot datainnbrot.

Tidleg i Sandberg-sagaen gjekk hovudpersonen sjølv hardt ut. Han hadde vurdert tryggleiken sjølv, sidan det var ein privat ferietur.

Dei som står for sin eigen risikovurdering, får som regel dårlege svar.

Les også

Sikkerhetseksperter mener Sandberg var grenseløst naiv. – Han kunne like godt hengt en kubjelle rundt halsen

Iran-turen er ikkje eineståande. Sandberg har late vere å følgje dette rådet på ein tenestetur til Kina. Då hadde han òg med jobbtelefonen. Den svikten bør departementet hans ta på si kappe, men når det skjer slike feil på jobbturar, er det ikkje akkurat overraskande at Sandberg sjølv svikta på sin private Iran-ferie.

Som fiskeriminister og folkevald har Sandberg god tilgang til PST. Han valde likevel å køyre solo på ferieturen sin. Og han valde eitt av dei verst tenkjelege landa å vere aktlaus i.

I den opne trugselvurderinga for 2018 peikar PST på framande makters evne og vilje til å rekruttere kjelder og agentar i Noreg. PST skriv at andre statar ønskjer å kartleggje verksemder, kritisk infrastruktur og nettverksoperasjonar.

Iran er blant landa som etterretninga vår ber oss om å vere årvakne overfor når det gjeld såkalla anskaffelsesforsøk. Det er ikkje ei teknologisk bakevje som ikkje evnar å bryte seg inn på ein enkel telefon.

Ein norsk statsråd sit på mykje informasjon som kan vere svært verdifull for iransk etterretning. Hans kontaktnett, kommunikasjon og elektroniske tilgangar kan vere ei gullgruve for land som søkjer å forstå korleis det offisielle Noreg tenkjer.

Ein sårbar mobiltelefon kan vere døropninga iranarane treng.

Les også

Sandberg brøt regelverket: Orienterte statsministeren om Iran-tur etter ankomsten

Tidlegare i sommar vart den russiske spionen Maria Butina avslørt i USA. Ho hadde kultivert kontaktar i den konservative våpenorganisasjonen NRA, akkurat slik PSTs trugselvurdering skildrar faren. Det er ureieleg å spekulere i om Bahareh Letnes er ein iransk spion, men me veit at iransk etterretning har hatt alle mogelegheiter for å kome seg inn på telefonen hennar.

Både Letnes og Sandberg har vore på offisielle tilstellingar på den iranske ambassaden.

Det er noko Sandberg bør ha tenkt over. No skal dei flytte saman. Sandbergs regjeringsbustad ligg «vegg i vegg» med Frank Bakke Jensens (H) leilegheit. Han er forsvarsminister.

Les også

Per Sandbergs kjæreste Bahare Letnes: – Jeg har fått drapstrusler

Statsminister Erna Solberg (H) har ei eiga evne til å verke uaffisert av den håplause framferda til statsråden sin. Ho slår fast at Sandberg har brote reglane, men avfeiar saka med at «det er lov å gjere feil». Det er ikkje godt nok.

Me kan jo berre tenkje oss korleis Sandberg og Solberg hadde reagert, om ein Ap-statsråd hadde gjort jobben like lett for iransk etterretning.

Det skal ikkje mykje til for å utsetje datautstyr for risiko. Hillary Clintons valkampsjef fall for ein e-post der han vart beden om å gjenopprette passordet sitt. Slik starta den russiske hackinga av Demokratane før presidentvalkampen i 2016. Norske politikarar er nok i overkant naive når det kjem til kva trugslar dei står overfor.

Sandberg er ikkje den første til å vere for nær utanlandske regime. Stortingsrepresentant Tor André Johnsen (Frp) vart i 2015 beden om å stoppe den sosiale kontakten med det PST meinte var russiske etterretningsoffiserar.

Nyleg vart den tidlegare stortingsrepresentanten Karin S. Woldseth (Frp) utestengt på livstid frå Europarådet, etter å ha drive lobbyverksemd for regimet i Aserbajdsjan. I 2013 støtta ho militærkuppet i Egypt.

Les også

Sandberg: – Jeg burde varslet i forkant

Statsrådar vert ikkje sikkerheitsklarert av PST. Det er statsministeren sjølv som vel sitt mannskap, og i eit demokrati skal ikkje embetsverket eller etterretninga kunne nekte nokon å fungere i statsministerens råd. Men når Erna Solberg (H) plukkar ut sine statsrådar, gjennomfører ho i praksis ei sikkerheitsklarering.

Me anar ikkje kor tøff Solberg er på bakrommet, slik Jan Tore Sanner (H) hevda i Politisk kvarter. Overfor omverda ser det ut til at ho let brot på viktige reglar og rutinar passere utan at det får konsekvensar.

Det er Solberg som har ansvar for at dei som sit rundt bordet til Kongen ikkje set nasjonal tryggleik i fare.

Publisert: