Fossilrussen

Asbjørn Kristoffersen

STAKKARS: Kanskje blir det klimarettssaker mot alle russebussrussar og all russ som har tenkt å fly til greske øyer for å velta seg i klimagassar og spy i sommar, spør Asbjørn Kristoffersen. Kyrre Lien, NTB Scanpix (illustrasjonsfoto)

Stakkars 2019-russen. Det første kullet som risikerer å bli hetsa og mobba og tilsnakka av mindreårige. Ungane er blitt klimaprofetar, russen er blitt klimasyndarar. Med stinkande, klimagasspyande monsterkøyretøy, og eit avsindig forureinande forbruk. Russen er dei nye fossilane.

Småttisar som har gått i demonstrasjonstog for klimaet, vil nok ikkje be om russekort denne våren. Dei vil ganske sikkert krevja umiddelberr avvikling og nedlegging og plombering av alt norsk russeri.

Mest utsett er russebilrussen. Å rulla med russen kan bli foraktframkallande. Russejenter og russegutar og russetransar som har plyndra bestemødrer og fedrar for russebilpengar sidan den gjekk på ungdomsskulen, risikerer at berre bestemødrer og fedrar vil rulla med dei. At russeknutar og russelåtar og russesex og russerus blir akterutsigla på livsens hav.

Mindre enn fire veker att til 17. mai. Dei yngste årsklassane er truande til litt av kvart. Kjem det ei ny Greta Thunberg (15) på bana, er det duka for krav om klimarettssaker mot alle russebussrussar og all russ som har tenkt å fly til greske øyer for å velta seg i klimagassar og spy i sommar. Småttisar rular, så sant dei ikkje får fråværsdagar for å streika.

Stakkars 2019-russen. Generasjon skikkeleg, generasjon brettomane, lettkrenka og sårberre, utan anna meining med livet enn dei får servert frå livsstilsindustrien. Skal dei ikkje ein gong få ein smule russefridom til å sleppa laus villdyret og premieforbrukaren inni seg? Skal dei bli den siste norske russen?

Gamle tradisjonar og nedervde ritualer og seremoniar kan ha eit slags liv lenge etter dauden. Men russeriet kan få ein brå ende. Det er ei tid for alt. Ei tid for å gje gass, ei tid for å fanga gass. Dagens atten- og nittenåringar er for gamle til å skjøna at russ er ein solnedgangsindustri. Avskriven av Innovasjon Noreg. Ikkje berekraftig, ikkje robust.

Lit ikkje på nokon over 15.