50 år etter Noreg sa «nei» er vi meir avhengig av EU enn nokon gong
Krava om å kutte straumeksporten er tomme slag i lufta. Noreg er bunde til EØS-masta.
- Hans K. MjelvaKommentator i BT
Ein gong i tida, nærmare bestemt våren 1992, gjekk eg frå dør til dør i Loddefjord og samla underskrifter for ei folkeavrøysting om EØS-avtalen. Avtalen var ein sleip måte å melde Noreg inn i EU på, meinte eg. Ein måte å leggje press for eit ja i folkeavrøystinga om fullt EU-medlemskap to år seinare.
Stortingsfleirtalet avviste kravet om folkeavrøysting, og godkjente så EØS-avtalen same år.
Eg kjempa vidare for Nei-sida, men det var med vissa om at vi allereie hadde tapt. Med EØS-avtalen var Noreg medlem av EU på dei fleste måtar. Det einaste vi ikkje hadde var direkte innverknad.
Les hele saken med abonnement