Aps vinnaroppskrift har vore å ha mange venner. No har dei knapt nokon igjen.
Og det hjelper lite å kjefte.
- Gerd Margrete TjeldflåtKommentator i BT
Dei er tydelegvis blodig fornærma i Ap i Bergen.
Onsdag fekk MDGs Thor Haakon Bakke passet sitt påskrive i BT av eit knippe Ap-politikarar:
«Høgremann i grøn genser».
Ap-politikarane har sett seg leie på at deira tidlegare samarbeidspartnar både kritiserer Aps politikk og opnar dørene for Høgre-samarbeid i Bergen til hausten.
At Ap nyleg kasta MDG på hovudet ut av byråd, seier dei ingenting om.
For berre tre månader sidan vakna Bakke til melding frå det han trudde skulle bli sin nye sjef, om at han og partiet hans ikkje lenger var ønska i byråd. Dei måtte pakke tinga sine same dag.
«Det er vanskelig å begå større tillitsbrudd enn dette», konkluderte Bakke framfor pressa.
Då er det nærast absurd å sjå Ap eit par månader seinare kjefte på MDG for å «skape unødvendige konflikter».
Sjølvsagt ser MDG seg om etter nye venner. Det er gjerne den effekten offentleg avvising og audmjuking har.
Les hele saken med abonnement