SV er framleis mot Nato. Men dei vil at Noreg skal vere med.
Draumen om utmelding består framleis i SV.
- Morten MyksvollKommentator i BT
Partiet som vart stifta på Nato-motstand, skal ikkje lenger vere mot norsk medlemskap. Det er så mykje som har forandra seg, så då må SV justere kurs.
SV sette av store deler av landsmøtets første dag til å diskutere Nato. Partiet listar opp tre nye trekk som krev nytenking: Russland har invadert Ukraina, USA er eit ustabilt og polarisert land, og Sverige og Finland vil inn i Nato.
Berre det siste er nytt. Krigen i Ukraina har vart i ni år, ikkje eitt. Donald Trump undergrov demokratiet i USA og Nato-solidariteten då han var president. Det skjedde ikkje i fjor.
Då Finland og Sverige søkte medlemskap i Nato, brast draumen om ein nordisk forsvarsallianse. Då er det like greitt at Noreg held fram som medlem, konkluderer SV.
Det er ikkje solidaritet med Aust-Europa som gjer SV til eit Nato-parti. Då hadde dei vore for medlemskapen for lenge sidan. Veldig få delegatar tok opp kor viktig norsk Nato-medlemskap er for andre land. At det faktisk er eit kollektivt forsvar.
Dei praktiske implikasjonane for SV-vedtaket er små. Det finst ingen som er så store Nato-motstandarar at dei vil forlate alliansen når Russland invaderer nabolandet sitt.
Men det er interessant å sjå korleis SV fortel historia om standpunktet sitt.
Les hele saken med abonnement