Lettkrenkte muslimar

I dag er det tillyst nye demonstrasjonar mot Dagbladets trykking av ein Muhammed-karikatur. Kulturkløfta synest uoverstigeleg.

DEMONSTRERTE: Muslimske drosjesjåførar i Oslo demonstrerte sist laurdag mot publiseringa av Muhammedteikningen i Dagbladet. I dag er det venta nye demonstrasjonar. FOTO: SCANPIX
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 11 år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

— DAGBLADETS FØRSTESIDEILLUSTRASJON har såra meg og 150.000 andre, norske muslimar, seier høgrepolitikaren Aamir Sheikh til NRK. I norske øyre lyder det uforståeleg. Skulle alle innbyggjarar med innvandrarbakgrunn frå den muslimske verda, 60.000 fleire enn dei som er registrerte medlemer i muslimske trussamfunn, vera så lettkrenkte? Er det ikkje plass til ateistar, ikkje-truande og religiøst likegyldige i blant alle desse menneska? Og korleis kan politikarar gjera seg til talsmenn for heile gruppa?

Høgrepolitikaren tok «som muslim» initiativ til eit dialogmøte med Dagbladet. Den framståande sjefimamen Mehboob ur-Rehman var også deltakar på møtet. Målet var å få Dagbladet til å beklaga trykkinga av ei teikning der Muhammed vart framstilt som ein gris. Dagbladet hadde inga god sak, teikninga er smaklaus, og krenkjande for muslimar som ikkje finn seg i ein type harselas som kristne i den vestlege verda og jødar i mange muslimske land har måtta læra seg å leva med.

AT KORKJE Aamir Sheikh eller Mehboob ur-Rehman forstod kor fåfengt målet deira var, avdekkjer ei tilsynelatande uoverstigeleg kløft mellom eit sekulært, individualistisk, vestleg samfunn og eit innvandra, kollektivistisk, religiøst fellesskap: Dagbladet og andre media har full rett til å karikera Jesus så vel som profeten Muhammed og krenkja truande av alle variantar.

Muslimar står likevel i ein ekstra utsett posisjon i vårt samfunn, muslimhetsen florerer, og mange er dårleg stilte, økonomisk og sosialt. Men muslimar har ingen ting å tena på å framstilla seg sjølve som offer. Islam er blitt ein del av norsk kvardag, og norsketniske konvertittar er blitt ein del av det muslimske miljøet. Konvertittane kan bli brubyggjarar så vel som uforsonlege fundamentalistar. At ein ung, norsk konvertitt har stilt seg i spissen for dagens tillyste demonstrasjon, viser berre kor fåfengt det er å snakka om 150.000 menneske som ei monolittisk, religiøs forsamling. I andre samanhengar er slik tale noko dei færraste muslimar vil finna seg i.

I SPENTE SITUASJONAR er det likevel religiøse leiarar som har mest autoritet. Sjefimam Mehboob ur-Rehman fryktar at dagens demonstrasjonar kan utarta, men understreka at han ikkje ville ta ansvar dette, og at han ikkje ein gong ville koma med noka oppfordring til dei som måtte koma ut på gatene. Denne ansvarsfråskyvinga grunngjev han med at det er einskildpersonar som står bak demonstrasjonane i denne omgangen, medan det var Islamsk Råd og fleire organisasjonar om forsamlingar som stod bak kravet om beklaging i 2005/2006. Islamsk Råd har på si side frårådd den tillyste demonstrasjonen.

Utan noko formelt, religiøst leiarskap, er det muslimske aktivistar som må påta seg ansvaret for at demonstrasjonen ikkje utartar. Det er ingen god reklame at ein av dei fremste aktivistane er tidlegare terrorsikta Arfan Q. Bhatti, som har på seg ein ikkje-rettskraftig dom på åtte års forvaring for drapsforsøk. Leiaren for Islamsk Råd, Shoaib Sultan, har då også påpeika denne absurditeten. Om dagens demonstrasjon ikkje utartar, og om dei aller fleste muslimar avstår frå å demonstrera, har karikaturstriden avdekt eit fundamentalt skilje i oppfatninga av kva plass religion skal ha i det offentlege rom. Ein fritalande, kritisk og moderat muslim som Amal Aden skriv i eit innlegg i Aftenposten at ytringsfridomen er misforstått om det er godteke med slike teikningar som Dagbladet har publisert. Hennar ytring er farleg nær eit krav om forbod.

FORBOD, MED STRAFF, er kva Den islamske konferansen, ei underavdeling av FN, krev. Karikaturstriden var bakgrunnen for at Den islamske konferansen i 2008 kravde forbod mot det som vert kalla religionhets. Slik hets skulle likestillast med rasisme i menneskerettane. Så godt som alle muslimske land er medlemer i Den islamske konferansen, som gjev seg ut for å representera alle verdas 1,5 milliardar muslimar.

Den kollektivistiske, politisk organiserte muslimske tankegangen gjenspeglar seg også i at det var elleve ambassadørar, politiske utsendingar for elleve ulike muslimske land, som på religiøs basis protesterte overfor den danske statsministeren under den første karikaturstriden.

MUSLIMSKE DEMONSTRANTAR her i landet er statistar i oppgjeret mellom religiøst og sekulært basert politikk. Dei har og skal ha full fridom til å demonstrera. Men dei leikar med elden.

Var det riktig av Dagbladet å trykke Muhammed-karikaturen?

Publisert
BT anbefaler

Hele livet har Tor lurt på hva som skjedde med faren. Så ringte Forsvaret.

Tor Sandvik var fire år og på besøk hos besteforeldrene i Rosendal. På TV-en lå det et bilde av en mann som fanget…

Mest lest akkurat nå

  1. Tre personar sakna – leitinga held fram gjennom natta

  2. Denne fisken må du snart venne deg til å spise mer av

  3. Nå tror Horneland Brann trenger kvalik for å overleve

  4. «Han var grå som høstkvelden, helt til han drev kampsport i Odd-boksen»

  5. Nesten alle beholder overskudd etter korona: – Prøvde ikke utnytte ordningene

  6. Hun var dyre­verner og jakt­motstander. Nå sitter hun i skogen med ladd rifle.