Eit splitta Vestland

Kranglinga om kraftpengane viser at det ikkje ville blitt noko av Vestland fylke i dag.

NAIVE: Stemninga var god for 14 månader sidan, då intensjonsavtalen vart signert. No innser hordalandspolitikarane at dei var naive i si tilnærming til avtalen. Foto: Marita Aarekol

Publisert:

Striden om kraftpengane frå Sogn og Fjordane har tilspissa seg ytterlegare. Samanslåinga er vedtatt i Stortinget, så samanslåinga av Vestland vert gjennomført.

Men tilliten mellom dei to fylka er så svekkja at dei neppe hadde blitt einige om fylkessamanslåing i dag.

Stemninga var god for 14 månader sidan, då intensjonsavtalen vart signert. No innser hordalandspolitikarane at dei var naive i si tilnærming til avtalen.

Pål Kårbø (KrF) var fungerande fylkesordførar på dette tidspunktet. Han gjekk inn i møterommet på Bjørneforden Gjestetun for å signere ein politisk avtale. For fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og Sogn og Fjordane var avtalen juridisk.

Les også

Da milliardene forsvant for Hordlands-politikerne

Det har kome til syne etterpå. Kårbø har ved fleire høve utfordra innhaldet i intensjonsavtalen, spesielt etter at det vart kjent kor verdifulle aksjane i Sogn og Fjordane Energi (SFE) eigentleg er.

SFE-eigarskapet til Sogn og Fjordane har ein marknadsverdi på 2,4 milliardar kroner. Investeringsfondet, øyremerkt til investeringar i dagens Sogn og Fjordane, er sett til 1,5 milliardar kroner. Men fordi dei bokførte verdiane av eigarskapet er på berre 350 millionar kroner, får SFE-aksjane plass i fondet.

Samanslåingsprosessen har halde på lenge, men det gjekk berre nokre månader frå Rogaland melde seg av til Hordaland og Sogn og Fjordane signerte avtalen.

Avtalen som Rogaland sa nei til hadde ingen formuleringar om SFE-pengane i det heile.

Då Rogaland hoppa av, nytta Sogn og Fjordane høvet til å ta ein ny runde på innhaldet. Ved å trekkje SFE-aksjane inn i fondet, auka den reelle storleiken på fondet til nær 3,5 milliardar kroner.

Det såg ikkje Hordaland kome.

Les også

Morten Myksvoll: Kraftmotstand mot nytt fylke

Men det er ikkje berre storleiken på fondet som ein kranglar om no. Fram mot samanslåinga i 2020 er effektuert, har Sogn og Fjordane auka investeringstakten sin kraftig. Dei skal ta opp mykje gjeld i åra framover. Rett nok har dei landets lågaste gjeldsgrad og Hordaland den høgste, men dei har òg meir gjeld pr. innbyggjar enn Hordaland.

Det handlar om at pengane «skal komma oss til gode», seier Følling til NRK. Kårbø meiner på si side at pengebruken svekkjer fellesskapen, og at samarbeidet vert forsura.

Det er dessverre heilt vanleg at kommunar eller fylke brukar opp pengar før dei slår seg saman. I 2014 foreslo regjeringa ei midlertidig godkjenningsordning for å hindre «strategiske låneopptak» før ei samanslåing. Den møtte så mykje motstand ute i kommunane at regjeringa trakk forslaget.

Les også

Navnet på det nye fylket er klart

Striden om intensjonsavtalen vart tema på eit møte i fellesnemnda 8. mars. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) melde seg inhabil då det kontroversielle punktet i intensjonsavtalen skulle debatterast. Igjen var det Kårbø og Følling som leia prosessen.

Hestetun er styremedlem i BKK, og meinte seg indirekte rørt av temaet. I etterkant av møtet i fellesnemnda fekk fylkesrådmannen i Hordaland ei vurdering frå Advokatfirmaet Thommessen, om at Hestetun ikkje var inhabil. BKK eig 38,5 prosent av SFE, og er i ein separat konflikt med Sogn og Fjordane fylke.

Sogn og Fjordane vil nemleg gi vekk SFE-aksjar for nær to milliardar kroner, for å gjere fondsproblemet i det samanslåtte Vestland fylke mindre. BKK, derimot, krev forkjøpsrett.

LÅNER PENGAR: Fram mot samanslåinga i 2020 er effektuert, har Sogn og Fjordane auka investeringstakten sin kraftig. Dei skal ta opp mykje gjeld i åra framover., skriv Morten Myksvoll. Foto: Tor Høvik

For å omgå den retten, har Sogn og Fjordane skissert ein ny eigarmodell, som fylket no vil få tingretten til å avklare lovlegheita til. Sogn og Fjordane fylke vil altså få domstolen til å avgjere ei rein hypotetisk framstilling.

Det er ikkje ein domstols oppgåve å vere utgreiingsinstitutt for det offentlege.

BKK påstår i sitt tilsvar at tingretten må avvise søksmålet. Dei meiner at saka er hypotetisk, og derfor utan rettsleg interesse. Viss fylket meiner at saka ikkje er hypotetisk, derimot, meiner BKK at forkjøpsretten allereie er utløyst.

Les også

Mathias Fischer: Smart å dele

Det høyrest rart ut, men det gir faktisk meining for Sogn og Fjordane å gi vekk så store aksjeverdiar, heller enn å selje aksjane.

Fjord1-salet tar opp drygt éin milliard av fondet. Eigarskapet i SFE tar opp resten av fondet. Sidan den bokførte verdien er lågare enn marknadsverdien, vil det ikkje vere plass i fondet til salsinntektene.

I dag verkar Jenny Følling og Sogn og Fjordane fylke sikker på at dei har retten på si side. Dei har heile tida hatt juridisk bistand, både når det gjeld intensjonsavtalen og eigarskapet til BKK. Men det blir litt merkeleg når det same advokatbyrået som hjelpte dei med avtalen, kjem med ei juridisk vurdering om avtalens innhald og verdi.

Les også

Går rettens vei for å unngå at kraftaksjer havner i Bergen

Viss fylka ikkje vert einige, går samanslåingsprosessen uansett vidare. Den er det nok for seint å stoppe. Men det hadde ikkje blitt noko semje om intensjonsavtalen i dag. Det springande punktet var og er fondet og SFE-pengane. Utan dei formuleringane hadde ikkje Sogn og Fjordane blitt med. Og Hordaland ville ikkje gitt seg på dette punktet i dag.

Monica Mæland (H) har overtatt ansvaret for å gjennomføre regionreforma. Ho er mildt sagt lunken til å dytte samanslåinga framover. Det må fylkespolitikarane ta seg av, meiner ho.

Les også

Full krangel om kraftmilliarder kan velte vestlandsfylket

Møtet som enda i krangel var 8. mars. Neste møte er 4. mai. Det har ikkje vore snakk om ekstramøte for å avklare situasjonen. Det me kan ende opp med, er ei utsetjing av det kontroversielle fondsspørsmålet. Det er faktisk ikkje gitt at fondet er avklart når Vestland fylke oppstår om halvanna år.

Viss tilliten mellom partane skal rettast opp, må nemnda gjere om på habilitetsvedtaket sitt. Hestetun har nemleg ein stor jobb framfor seg. Regionreforma skulle styrkje Vestlandet, men endar opp med å splitte Vestland.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.