Sukkersuget

Med avgifter skal synder fordrivast. Det er nok å ta av.

Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

Foto: Ørjan Deisz (illustrasjonsfoto)

Eg skal aldri mumsa sukker meir. Eg skal aldri meir gassa meg med brus, og stikka folk med kniv. Trur eg. Staten har sett meg. Kor tjukk eg er. Kor usunn. Nedsigen og slark i henga. Kor tung bør eg kan bli på helsebudsjettet. Staten har innført sukkeravgift for å hjelpa meg til å bli slank og sprek. For å berga Helse Bergen. For å berga Nav.

Det finst dei som påstår at sukkeravgifta er ei politisk slangeolje som Erna Solberg tok i bruk for å svelja kamelane som Kristeleg Folkeparti og Venstre har stappa ned i halsen hennar. To milliardar ut på statsbudsjettet, måtte finansierast med to, nysukra, milliardar inn på statsbudsjettet. Så feil kan folk ta.

Svindyr bamsemums er ikkje ei straff for overvektige folk. Cola som er dyrare enn to tusen år gammalt blandevatn frå ein nyoppdaga isbre på Svalbard, er ikkje eit finanspolitisk sukkerspinn. Den norske staten er den snillaste staten i verda. Når vi ikkje nøyer oss med å sortera ut dei beste bitane i twistposen, men tømmer heile posen før Nytt på Nytt er skjermført, står bukseknappane på spel. Og skjorteknappane. Og klimagassavtalen. Vesle vitet strekk ikkje til, ein stat lyt stydja uppunder.

Sukker er den nye alkoholen. Den nye nikotinen. Den nye eksosen. Sukker er det nye syndefallet. Med avgifter skal synder fordrivast. Det er nok å ta av. Meir enn nok. Meir enn halvparten av landets innbyggjarar er overvektige. Fuglane og Fotballfrue og Mammatilmichelle må vita kor mange som har nyttårsforsett om å slanka seg. Det går alltid skeis. Staten har svikta. Sukker har vore avgiftsfritt. Inntil 1.1. 2018.

Det skal gå likar’ no. Når berre dei avgiftsfrie lagra er tømde. Når køane til smågodtveggane er borte. Når det berre blir lov å importera to posar twist og tre flasker solo avgiftsfritt og momsfritt på Flesland. Og tollarane får kontroll med harryhandelen. Staten har like stort ansvar for fleskeberga i grensetraktene til Sverige som for oss som må ta danskebåten for å svinga oss i sukkerspinn. Staten skal vera streng, men rettferdig.

Publisert: