Fri alder

Foto: Frank May, NTB Scanpix

  • Asbjørn Kristoffersen
Publisert:

Det kan bli like akseptabelt å skifta alder som å skifta kjønn. Ein 69 år gammal mann i Nederland har søkt om å få nedskrive den offisielle alderen sin med tjue år, ettersom han meiner at kroppen hans ikkje er eldre enn 49 år. Ein er ikkje eldre enn ein føler seg, ikkje sant?

Nederlendaren meiner seg diskriminert både på arbeidsmarknaden og på sjekkemarknaden på grunn av den biologiske alderen sin. Det er mange i hans situasjon. Fortel du at du er 69 år, eller 79 år, kva alder som helst over avtalefesta pensjon, så har rullegardiner det med å rulla ned. Gamlingar blir sende i opplag og langtidsparkerte i Kanadaskogen, same kor mykje tran vi har drukke gjennom eit langt liv.

Eg kan ikkje skjøna anna enn at den nederlandske staten må godta at myndige borgarar sjølve må få avgjera kva alder dei vi vera oppførte med i folkeregisteret og i kyrkjebøkene. Det er deira kropp. Det er berre dei som kan avgjera om deira sosiale og kulturelle personar har tilhald i ein 69-årig eller ein 49-årig kropp. Ingen andre har noko dei skulle sagt. Det finst dessutan legar som er viljuge til å underskriva på at ein biologisk 69-åring har kropp som ein 49-åring. Utan operasjonar eller hormontablettar. Så det, så.

Dei som vil byta alder, bør eventuelt kunna kombinera det med kjønnsskifte. Det er ikkje til å koma forbi at gamle folk kan ha størst utbyte av kjønnsskifte nå det skjer samtidig med at alderen blir jekka nedover. Kanskje kan det også kombinerast med ny etnisk identitet. Det skal mykje pengar og høg kjendisfaktor til for at gamle, kvite skrottar gjev noka utteljing i selskapslivet i våre dagar.

Nederland er heldigvis eit etter måten liberalt og vidsynt land. Fri hasj, fri sex, fri dødshjelp, kjønnsnøytrale do. Det kan bli eit føregangsland for fri alder. Utan norske nemnder og norske fordommar. Utan det norske diskrimineringsombodet. Hen har aldri lagt to pinnar i kross for eit oppgjer med aldrismen. Med fri alder kan ombodet gå hem og vogge.