Bompengeopprør

Foto: EIRIK BREKKE (arkiv)

  • Asbjørn Kristoffersen
Publisert:

Eg har ingenting imot siddisar og andre rogalendingar. Besteveninna til mor mi budde i Sandnes, i før-petroleumsk tid. Men eg må seia at eg likte siddisane betre den gongen dei sa eg e’ fra Stavanger, gjårr de’ någe, enn no, når dei rautar eg e’ fra Stavanger, va’ de’ någe.

No har heile Nord-Jæren gått saman om eit syndig spetakkel for å bli den einaste folkestammen på Vestlandet som ikkje betalar bompengar. Det får vera måte på oljemarinering og amerikanske tilstander i hovudet. Gå hem og vogg! seier eg.

Trur flatlendingane at alle vi andre vestlendingar skal spandera gratis busstraseear og gratis sykkelstiar og ka’ har du, ka’ tar du til tjuefem milliardar kroner på dei, fordi rogalandske åleinemødre med ti ungar i barnehagealder berre kan eta kål til middag om dei må betala bompengar? Ta dokkar en bolle!

Rogalendingar er rett nok vestlandsmeistrar i lobbyisme. Medan bergensarane krangla, tiltuska siddisane seg status og pengar som oljeby. Seinare har dei forsynt seg med ny godsterminal og ny godshamn og ny jarnbane. Og undersjøiske tunnelar i alle fjordar. Og eigen fylkesmann. Medan bergensarane sleit kvarandre i håret.

Firefelts motorveg til hyttene deira på Sørlandet og vidare til regjeringskompisane deira i Oslo er under fullføring. Bompengefritt. Kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim kjem til å enda i Haugesund. Bergensarane kranglar framleis.

Bergensarar har betalt bompengar sidan Olav Kyrre gjekk i bleier. Stadsporten på Kalfaret er landets eldste bompengebu. Bergen var den første byen i verda som innførte bompengering.

Blir det ikkje bompengar på Nord-Jæren, skal alle innbetalte bompengar på Vestlandet refunderast. Straks. Alle kjerrevegar på Jæren skal fredast. På timen. Sykkel og barnevogn må bli einaste tilletne framkomstmiddel.

Om ikkje jærbuen belitar seg, kjem bergensarane til å slutta å krangla. Då skal det bli andre bollar på Vestlandet. Eg seier ikkje meir.