Det siste håpet

Erdoğan tapte i Istanbul, men nektar å belite seg. Nyvalet vil vise kva som er att av det tyrkiske demokratiet.

ORDFØRAR: Ekrem İmamoğlu fekk vere ordørar i 19 dagar før valstyret annullerte resultatet. No er spaninga knytt til om han blir det venstrenasjonalistiske CHPs kandidat i nyvalet i juni. MURAD SEZER / Reuters

Tyrkia har ei historie med frie og rettferdige val sidan 1950. Denne perioden verkar no å vere over, etter fleire problematiske val.

I 2015 oppnådde ikkje Recep Erdoğan og hans konservative AKP reint fleirtal i parlamentsvalet. Etter at dei ikkje klarte (eller ville) danne ei koalisjonsregjering, vart det lyst ut nyval nokre månader etterpå. Då vann AKP tilbake fleirtalsmakta.

I 2017 fekk Erdoğan eit knapt fleirtal av stemmene for å seie ja til ei rekkje kontroversielle grunnlovsendringar, som samla meir makt på hans hender. I løpet av valdagen, bestemte valstyret at ein skulle telje med stemmesetlar som ikkje var stempla. Det kan ha vippa resultatet i Erdoğans favør.

Styresmaktene har fjerna fleire titals ordførarar dei siste åra, spesielt i det kurdiskdominerte området i sør-aust-Tyrkia. Der har staten vore i krig med separatist- og terrorrørsla PKK.

Skuldingane mot dei avsette ordførarane har stort sett vore at dei støtta PKK.

Måndagens avgjerd er altså ikkje eit nytt fenomen. Det nye er at det råkar Istanbul, Tyrkias kulturelle hjarte og økonomiske motor.

Valstyret har ikkje gjort heile grunngjevinga si offentleg. Den forklaringa som er blitt presentert, er at fleire valfunksjonærar ikkje var offentleg tilsette.

Dette er likevel personar som valstyret har godkjent.

Samtidig som Istanbuls nye ordførar vart vald, stemte innbyggarane inn bydelsordførarar og eit bystyre. Ingen av desse posisjonane skal veljast på nytt.

Det bidreg til å undergrave avgjerda om nyval for ordføraren. Inntrykket som står igjen, er at AKP kravde nyval fordi dei tapte.

Før kravet om nyval kom opp, fekk partiet gjennomslag for å telje stemmene om att. Det var trass alt berre om lag 20.000 stemmer som skilde dei to partia, i ein by der 8,5 millionar menneske stemte.

226.000 veljarar stemte på noko anna enn alliansane til dei to store partia.

Den nye teljinga førte ikkje fram. Difor vert det nyval.

I mellomtida vert den innvalde ordføraren Ekrem İmamoğlu – frå venstrenasjonalistiske CHP – avsett. Fram til ein ny ordførar vert vald og stadfesta, skal ukjende Göksel Gümüşdağ styre byen. Han har gifta seg inn i Erdoğans nære familie.

Thorbjørn Jagland har, som Europarådets president, reagert på nyvalet. I ein uttale skriv han at avgjerda til valstyret har eit potensial til å gjere alvorleg skade på veljaranes tillit til tyrkiske val.

Det er ei kolossal underdriving.

Då det var klart at İmamoğlu hadde vunne Istanbul, skreiv eg at det var «gledeleg å sjå at opposisjonen faktisk kan vinne.»

Avgjerda til valstyret viser at det ikkje stemmer. Kjerna i eit demokrati, er å anerkjenne valnederlag. Det burde Europarådet slått ettertrykkeleg fast.

Nyvalet vert halde 23. juni. Det er framleis uklart kven som stiller frå dei ulike partia, men ein kan rekne med at İmamoğlu vil prøve igjen.

Han er ein karismatisk politikar som har vist at han kan konkurrere med Erdoğan.

Motstandaren hans i mars var tidlegare statsminister Binali Yıldırım. Sjølv når han er på sitt mest engasjerte, høyrest han ut som om han talar til ei gravferd. Difor kan AKP godt finne på å erstatte han som kandidat.

Men vervet som ordførar i Istanbul skulle vere plasteret på såret for Yıldırım, som måtte gå av som statsminister då posisjonen vart fjerna. Makta vart flytta over til president Erdoğan.

Valet blir umogeleg å spå, sidan me veit at valet ikkje vert rettferdig. Frå før dominerer AKP i alle medium.

Det einaste positive i alt dette for CHPs del, er at nyvalet kjem raskt. Då er det mindre sannsynleg at styresmaktene får gjort endringar på korleis valet skal gjennomførast, for å styrkje AKPs sjansar.

AKP har nemleg forsøkt å fjerne stemmeretten til folk som er blitt avsette frå statsapparatet, skulda for å støtte det mislukka militærkuppet i 2016.

Det har valstyret sagt nei til. Dei kjem heilt sikkert til å prøve på andre kreative framlegg.

Etter at Tyrkia byrja å gå i ei meir autoritær retning, har Erdoğan brukt legitimiteten som vala gir han, for alt det er verdt. Nyvalet blir det åttande valete på fem år i Istanbul.

Samtidig har legitimiteten til tyrkiske val fått hard medfart dei siste åra. Nyvalet i Istanbul kan vere dråpet som får glaset til å renne over.

Fram til valdagen, kjem alt til å handle om Istanbul. Det vert arrangert valmøte med fleire millionar frammøtte – hjå båe parti.

Erdoğans største sjanse til å vinne, er om opposisjonen har mista håpet.

Forsvinn İmamoğlu ut i ingenting, slik fleire andre håpefulle opposisjonelle har gjort før han, er tapet garantert. Stiller han, kan han vinne.

Men det er umogeleg å behandle det komande valet som eit ordinært, demokratisk val. Fram til no, har Erdoğan vunne til slutt uansett.